Sjøberg (Fedje gnr 168 bnr 90)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjøberg
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 90
Adresse: Mulevegen 11

Sjøberg er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Johan Karlsen Husa f. 1885 Moldøyna (husmenn 4c) d. 1979 g. 1907 m. Elvina Monsd f. 1879 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-8f) d. 1952. Dei sette opp hus her omkring 1912, tidlegare budde dei i Uthaugen. Tomta vart frådelt gnr 168 bnr 7 i 1944. Plassen vert kalla «Klubben». Johan var fiskar.

Born: a. Adolf Kristoffer Strand f. 1908 d. 1998 g. 1936 m. Konstanse Børhaug f. 1912 (gnr 168 bnr 33-1f) d. 2003, bygde der (gnr 168 bnr 74-1). b. Odin Martin Husa f. 1910 d. 1991 g. 1936 m. Mally Ophaug f. 1912 (gnr 168 bnr 13-22a) d. 1986, budde der (gnr 168 bnr 69-1). c. Ruth Charlotte Husa f. 1914 d. 2006 g. 1938 m. Olav Nilsen f. 1915 Husa (gnr 168 bnr 63-1aa) d. 2007, bygde på Svena (gnr 168 bnr 81). d. Edith Johanne Husa f. 1926 d. 2004, neste eigar (2).

«Erling i Klubben» i 2021.
Foto: Karsten Madsen

2. Edith Husa f. 1926 på dette bruket (1d) d. 2004 g. 1954 m. Leif Herøy f. 1925 Stormark (gnr 172 bnr 14-1k) d. 1995. Skøyte her i 1962. Skøyte 1964 på tilleggsareal bnr 192. Edith var reinhaldar i skulen i 16 år. Leif dreiv forretningen på Stormark (gnr 172 bnr 95-4) til han vart poststyrar i 1962. Leif var den første dirigenten for Fedje skulemusikkorps då det starta opp i 1972.

Born: a. Erling Johan Herøy f. 1955, neste eigar (3). b. Louise Jorunn Herøy f. 1959 samb.m. Tore Knudsen f. 1954 Stavanger, bustad Knarvik i Lindås, Alver kommune. Sjå òg Kremmarholmen gnr 169 bnr 136-1 og Kremmarholmen 25 (gnr 169 bnr 62-3)

3. Erling Herøy f. 1955 på dette bruket (2a), avd.leiar fiskeindustri, matros, g. 1994 m. Grete Nansy Algrøy f. 1956 Fjell d. 2021, helse- og sosialsjef frå 1994, seinare assisterande rådmann, tidlegare førstekonsulent i Posten i Bergen. Dei budde før i Husøyna (gnr 168 bnr 247-7). Skøyte på bnr 90 i 2004. Garasje og naust ligg på tomt bnr 533, frådelt gnr 168 bnr 172 i 2020, skøyte då.


Fedje komm.svg Sjøberg (Fedje gnr 168 bnr 90) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Tunsvoll (Fedje gnr 168 bnr 87) • Neste bolk: Viktun (Fedje gnr 168 bnr 95)