Opphaugen (Fedje gnr 168 bnr 13)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphaugen
S154.168.13.CD 12 053.jpg
Andreas og Olina Ophaug (21) med ni born, huset i midten.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 13
Adresse: Skotholmevegen 7

Opphaugen er eit tidlegare gardsbruk i Fedje kommune. Det som er att av eigedomen vert brukt som fritidseigedom.

1. Anders nemnd i ei skatteliste frå 1563 er den første brukaren me veit namnet på.

2. Villum er brukar ifølgje ei skatteliste frå 1603. Han er òg oppført i 1608, begge gongene med 1 dalar i skatt.

3. Nils er kommen her ifølgje skattelista for 1617.

4. Rasmus er ny brukar frå 1620, og han vart verande her ei god stund. Han er nemnd så godt som kvart år i skattelistene fram til 1641. Det er ny brukar her i 1645, så då må han vera avliden. I 1635 hadde han drengen Nils. Kanskje det var denne Rasmus som fekk 6 rdl i bot for leiarmål (ulovleg samleie) i 1631? Han hadde då farsnamnet Persen. Han måtte iallfall bøta 12 rdl i 1640 fordi han hadde slått Nils Moldøyna og rive av han ein del av skjegget.

5. Volkvard Brodersen er oppført som brukar på Opphaugen i koppskatten 1645. Kone eller born er ikkje oppførde her. Han var faktisk fut i Nordhordland fram til 1649, og er nemnd i tingboka frå 1643 til 1649. Han var fut frå 1636, og samstundes slottsskrivar på Bergenhus. Korleis det kunne ha seg at han hadde tilhald på Fedje, er ikkje godt å seia. Han er ikkje oppført i skattelistene, det kan vera fordi han som embetsmann var friteken for skatt. Han var òg ei tid ombodsmann for Munkelivgodset og Apostelgodset (sjå Fedje sine eigarar), og var den som stod for bygslinga til brukarane. Etterpå vart han fut på Utstein kloster, Rennesøy i Rogaland. Han var son til Broder Tadersen Risbrich i Holstein, og hadde mange eigedomar, m.a. Ytre Hordvik i Åsane, Bergen sjå Åsaneb. II s 117 med familieomtale. Han døydde i Bergen i 1660. Sjå elles artikkel om han i «Frå Fjon til Fusa» 1957.

6. Håkon i Haugen er nemnd i tingboka 1652, sjå Muren (gnr 168 bnr 18-5), og er truleg neste brukar her. Han skyldte ½ dalar i landskatt ifølgje tingboka for 1653.

7. I 1658 er det nemnd ein ny brukar på skattelistene, Ola. Han er oppført til 1661, men må deretter vera avliden. Han hadde sønene a. Ola Olsen f. 1654, på Muren (gnr 168 bnr 18-6) og b. Hans Olsen f. 1655, ukjend lagnad. Enkja vart gift 2.g. med Mons Uthaugen (gnr 168 bnr 20-4), og 3.g. med Ola Jakobsen, seinare brukar her (9).

8. I skattelistene i tida 1662 til 1668 er Anders oppført som brukar, utan at han er med i manntalet for 1666.

9. Ola Jakobsen f. 1640 er oppført her i manntalet 1666 med alder 26 år. Han var gift med ei enkje som tidlegare hadde vore gift med nr 7 her, og med Mons Uthaugen (gnr 168 bnr 20-4). Ola hadde dette året stesønene (kona sine søner) Ola Olsen 12 år, Hans Olsen 11 år og Ola Monsen 4 år. Han vart gift med enkja i 1664 og overtok samstundes bruket, det syner eit vitneprov i tingboka frå 1682, sjå Kremmarholmen (2). Det kan vera at dei først budde på Uthaugen, og at det er derfor Anders (8) er oppført her til 1668. Uthaugen var på denne tida øyde, og jorda vart truleg brukt saman med Opphaugen.

I jordeboka 1661 er Ola oppført som brukar med ½ rdl i skatt. Matrikkelen 1665 syner at ein kunne fø to naut, utsåd er ikkje nemnt. I skattelistene frå 1691, 1692 og 1694 er Ola òg oppført, samt i manntalet 1701.

Ola er nemnd fadder fram til 1709. I skoskatten 1711 skatta han 12 skilling for seg og kona. Ola er òg oppført i skattelista for 1712, men det er truleg det siste me ser til han. Den seinare Ola må vera sonen a. Ola Olsen, neste brukar (10). Det kan godt vera at han er den Ola som er oppført alt i skoskatten 1711, men farsnamn er ikkje nemnt der, så det er ikkje så godt å skilja dei frå kvarandre.

10. Ola Olsen f. på dette bruket (9a) d. 1743 g.1.g. m. Ingeborg Hansd d. 1736. Brukarar her frå rundt 1715. Tinglyst bygselbrev i 1721 frå Dankert Dankertsen. Matrikkelen i 1723 gjev desse opplysningane om Opphaugen: Brukar Ola, landskyld ½ våg fisk. Utsådet var på ⅛ tn havre og avlinga ¼ tn, så det var særs dårlege tilhøve for korndyrking. Dyretalet var på 2 kyr, som dels måtte fôrast med tang og tare. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget. Ved skiftet etter Ingeborg i 1736 er sønene Hans og Ola oppførte som arvingar med vel 4 rdl til kvar.

Born: a. Guri Olsd f. 1717 d. før 1736. b. Hans Olsen f. 1724 d. før 1743. c. Ola Olsen f. 1727, nemnd i ei militær rulle 1752, seinare lagnad ukjend. d. Anna Olsd f. 1728 d. før 1736.

11. Enkjemannen Ola Olsen (10) g.2.g. m. Brita Hansd f. 1709 (etter alder ved død) d. 1792. Brita hadde søstrene Marta Hansd d. 1781 (det var skifte etter henne dette året) på plassen Træet under garden Eidsvåg i Åsane (sjå Åsaneb. V s 615), og Ingeborg Hansd Store Sandviken. Dei var frå Undertun i Gulen og døtrer av Hans Olsen (sjå Gulenb. I s 358, ingen av dei nemnde der).

Barn: a. Lars Olsen f. 1741 d. 1768 (ifølgje militær rulle), han hadde då vore ei tid på Møgster i Austevoll.

Det var skifte etter Ola i 1743, med 2½ rdl i arv til sønene Ola 14 år og Lars 2 år. Dei andre borna må vera døde. Dødsfallet til Ola er ikkje ført i kyrkjeboka.

12. Enkja Brita Hansd (11) g.2.g. 1744 m. Ola Guttormsen f. 1716 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-7d) d. 1746. Han fekk tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen i 1745. Ved skiftet etter Ola i 1747 arva dei to døtrene om lag 4½ rdl kvar.

Born: a. Mari Olsd f. 1745 d. 1759. b. Olea Olsd f. 1746 (etter farens død) d. 1750.

13. Enkja Brita Hansd (11, 12) g.3.g. 1748 m. Jakob Magnesen f. 1724 på Austrheim (kalla slik ved giftarmålet, sjå Austrheimb. III s 62) d. 1790. Ingen born. Det var skifte etter Jakob i 1790. Arvingane var enkja Brita, og Jakob sine utarvingar på Totland og Spurkeland i Seim, Lindås samt Kristi Grenda (gnr 168 bnr 17-7). Buet kom til kort med vel 9 rdl, vesentleg pga krav frå jordeigaren Dankert Dankertsen Heiberg på 26½ rdl for forsømt vedlikehald og skattar. Det var lausøyre for 34 rdl, m.a. to gryter, fire ambrar, tre kister, tre furutønner, ei trantønne, to vasspann, ei bøtte, tre vassbøtter, ei bakstehelle, ein spade, ein lysestake, eit tinnfat, ein sølvring, ei sølvsnor, eit par runde sølvskåler, eit par sølvspenner og eit sølvbelte til 6 rdl. Av husdyr var det tre kyr, ein okse, tre sauer med lam, ein vêr og eit fjorgammalt lam, og av sjøreiskapar ein slagkeipingsbåt med segl, ein gammal færingsbåt med segl, ein linevad med anglar og tau, eit snøre, to småsildegarn og eit par sildegarn.

14. Synneva Jensd f. 1755 Stuberg (gnr 168 bnr 19-9g) d. 1800 g.2.g. 1792 m. Arne Lassesen f. 1768 Utkilen, Austrheim d. 1795 (jf Austrheimb. I s 331). Ingen born. Ho var enkje etter Nils Kristiansen Husa gnr 168 bnr 7-9, sjå der. Bygsel på ½ våg fisk frå Dankert Dankertsen Heiberg i 1792. Dei er nemnde på Opphaugen fram til 1795, men flytta same året til Bergen, der begge døydde. Arne var matros.

15. Ingeborg Monsd f. 1761 Grimstad, Lygra i Lindås d. 1818 (dotter av Mons Monsen d. 1782 og Gjertrud Kåresd f. 1722 d. 1800, jf Lygrab. s 76 og Lindåsb. III s 440) g. 1793 m. Jørgen Rasmussen f. 1772 Glenja i Gulen d. 1837 (son av Rasmus Jørgensen f. 1738 og Siri Kolbeinsd, sjå Gulenb. II s 349). Jørgen var bror til Rasmus Kopper (gnr 168 bnr 1-16). Ingeborg og Jørgen budde først i Gulen, og så i Bergen, der sonen Rasmus er fødd. Bygselbrev frå stadshauptmann Kristoffer Kahrs i 1800 på dette bruket, samt på Uthaugen gnr 168 bnr 14 (sjå der nr 9). Desse to gardane fekk dermed felles brukarar, og dette vart ei varig ordning. I folketeljinga 1801 budde Ingeborg og Jørgen her saman med borna Gjertrud og Siri. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 går det fram at Opphaugen og Uthaugen gnr 168 bnr 14 hadde eit samla utsåd på ½ tn korn med inga avling dei fleste åra. Ein kunne fø 4 storfe. Verdien av bruka vart sett til høvesvis 75 rdl og 52 rdl 48 skilling.

Born: a. Arne Knutsen f. 1790 truleg d. liten, ikkje med i folketeljinga 1801 eller i moras skifte (far Ingeborgs svoger Knut Erikson Grimstad f. 1763 Vinsand på Voss, jf Lygrab. s 76 og Alenfitb. I s 731). b. Gjertrud Jørgensd f. 1794 d. 1863 g. 1819 m. Mikkel Jonsen f. 1798 Husa (gnr 168 bnr 10-1h) d. 1844, budde på Mulen (4). c. Rasmus Jørgensen f. 1797, oppfostra på Berge i Lygra, Lindås, d. 1836 i Bergen som bakarsvein, ugift, flytta dit i 1827. d. Siri Jørgensd f. 1800 d. 1888 g. 1845 m. Ola Arnesen f. 1796 Storheim, Radøy d. 1849 (jf Radøyb. IV s 549), busette på plassen Utgjerdet under Innluro, Lindås, Siri var enkje der i folketeljinga 1865 (sjå Lygrab. s 334). e. Kari Jørgensd f. 1806, utflytta 1834 til Sande i Gulen for å ta teneste der.

Det var skifte etter Ingeborg i 1820. Arvingane var enkjemannen Jørgen og dei fire borna med han. Gjelda i buet var på heile 48 spd, m.a. 30 spd til Kristoffer Kahrs for varer. Formuen var på berre 17 spd, så det vart eit underskotsbu. Dei hadde m.a. ein kvigekalv, tre sauer, ein fiskestengvad, to vårsildegarn, ein forgylt sølvdrakering, ein tinnstake, seks høvlar, ein kniv, ei gryte, ein hammar, ei sag, ei kubjølle, 16 kornstaur, ¼ tønne såkorn og trevarer for 3½ spd.

16. Enkjemannen Jørgen Rasmussen (15) g.2.g. 1822 m. Kari Olsd f. 1787 Mellingen, Radøy d. 1851 (sjå Radøyb. V s 321, dotter av Ola Olsen d. 1795 og Ragnhild Olsd f. 1763 d. 1828). I 1835 hadde Jørgen og Kari 2 storfe og 3 sauer, og sådde ¼ tn både av havre og potet.

Born: a. dødfødd dotter f. 1823. b. Mons Jørgensen f. 1824 d. 1894 g.1.g. 1848 m. Anna Hansd f. 1824 Langedalen (gnr 169 bnr 5-4b) d. 1849, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 9-6). c. Ole Jørgensen f. 1826 g. 1863 Bergen m. Nilsine Berntine Hansd f. 1843 Bergen, budde der i folketeljinga 1865, då Ole var nemnd matros. d. dødfødd dotter f. 1830.

I skiftet etter Jørgen i 1837 er enkja Kari og dei to sønene med henne Mons og Ole nemnde som arvingar. Jørgen sine born frå første ekteskap er utelatne av ein eller annan grunn. No spelte dette inga rolle, då buet kom i eit underskot på 35 spd, slik at det ikkje vart nokon arv. Dei hadde m.a. ei sølje, ein skjerding, to gryter, ei bakstehelle, ein høvel, fire kister, tre stampar, eit bakstebord, ei eikekanne, ei smørkinne, to vassbøtter, ei drikkekanne, ni kornstaurar og eit bord med forsete. Husdyra var ei ku, ein sau og ein vêr. Av sjøreiskapar var det ein linevad, eit handsnøre, to sildegarn og ein gammal båt. – Kari fekk kårbrev tinglyst i 1841.

17. Magne Johannessen f. 1800 d. 1849 g. 1821 m. Brita Hansd f. 1795 d. 1875 fekk bygsel frå Kristoffer Kahrs i 1837. Dei kom då frå Gulen. Dei var her til 1841, då dei fekk bygsel på Husa, sjå gnr 168 bnr 7-15, der familien er ført. Matrikkelen 1838 syner at ny skyld for Opphaugen var 1 ort 3 skilling.

18. Ola Olsen f. 1812 Kopper (gnr 168 bnr 1b-1a) d. 1888 g.1.g. 1833 m. Synneva Monsd f. 1807 Nordøyna, Øygarden d. 1849 av kolera, dotter av Mons Larsen f. 1773 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-10b) d. 1826 og Åse Villaksd f. 1786 – Åse var søster til Olina Eide (gnr 168 bnr 15-14) og farsøster til Gudmund Stuberg (gnr 168 bnr 19-16). Bygselbrev frå Kristoffer og Arnold Kahrs i 1841, før hadde dei vore på Kopper (gnr 168 bnr 1-18), der dei tre eldste borna vart fødde. I tillegg til Opphaugen brukte dei òg Uthaugen gnr 168 bnr 14 (sjå nr 9 der). I 1845 hadde dei 2 kyr og 6 sauer og sådde ⅕ tn havre og ½ tn potet.

Born: a. dødfødd dotter f. 1834. b. Sissel Olsd f. 1835 d. 1840. c. Massi Olsd f. 1838 d. 1928 g. 1870 m. Martinus Gudmundsen f. 1842 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-14a) d. 1907, budde i Kongestølen (gnr 169 bnr 9-1). d. dødfødd son f. 1841. e. dødfødt barn f. 1843. f. dødfødd dotter f. 1844. g. Ola Olsen f. 1847 d. 1931 g.1.g. 1873 Manger m. Synneva Larsd f. 1853 Nordøyna, Øygarden d. 1908, busette der (dotter av Lars Monsen f. 1818 d. 1880 og Johanna Albriktsd f. 1823 Sulo i Øygarden d. 1897, sjå bror hennar Ola Albriktsen Stormark gnr 172 bnr 12-1). Ola og Synneva var søskenborn (felles besteforeldre Mons og Åse Nordøyna), og hadde m.a. dottera ga. Dorthea Olsd f. 1878 d. 1956 g. 1900 m. Johan Thomassen Koppen (gnr 168 bnr 4-5). Ola vart g.2.g. 1914 Bergen m. Magdeli Johannesd f. 1860 Grindheim, Radøy d. 1934 (jf Radøyb. II s 400), ho var enkje etter Olai Andersen Sulo i Øygarden f. 1854 d. 1913 (bror til Elen Muren gnr 168 bnr 18-15). Olai vart g.1.g. 1881 m. Martina Johansd f. 1860 Hjelme, Øygarden d. 1889, dei hadde dottera Josefine Karolina f. 1881 d. 1966, ho kom til Smineset etter at mora døydde og gjekk på skule her, vart g. 1906 m. enkemann Johannes Andreassen Hellesøy i Øygarden f. 1882 d. 1924, og var morforeldre til Ragnhild og Oddny Svellingen, sjå Kopper gnr 168 bnr 4-6b og 6c.

19. Enkjemannen Ola Olsen (18) g.2.g. 1849 m. Kari Olsd f. 1809 Rebnor, Austrheim d. 1895 (jf Austrheimb. III s 404). Kari var enkje etter Mons Larsen Børo (husmenn 3) f. 1789 d. 1848, dei hadde m.a. sonen Ola Monsen f. 1834 som vart neste brukar her (20) i 1862. Ola og Kari fekk samstundes kår. I 1855 var dyretalet 2 kyr og 7 sauer, og utsådet 1 tn havre. I 1875 budde dei som kårfolk i eige hus, og hadde 1 kalv og 3 sauer.

Born: a. Søren Olsen f. 1850 d. ½ år gl. b. Sissel Olsd f. 1851d. 1930 g. 1872 m. Thomas Rasmussen f. 1847 Husa (gnr 168 bnr 10-4a) d. 1934, fekk sonen ba. Karl Thomassen f. 1873 her (d. 1929 i Solund), før dei flytta til Nordre Hjønnevåg i Solund i 1875 (sjå Solundb. I s 162).

Portrett av «Mari-Ola» (20).

20. Ola Monsen f. 1834 Børo (husmenn 3d, sjå òg nr 19 her) d. 1914 g. 1861 m. Marie Johannesd f. 1828 Haugland, Austevoll d. 1908 (dotter av Johannes Monsen f. 1794 d. 1862 og Malena Sjursd d. 1865, sjå Austevollb. II s 196). Ho kom til Fedje i 1858 for å tena på Hellisøy fyr. Bygsel i 1862 frå Kristoffer og Arnold Kahrs. Dei brukte òg Uthaugen gnr 168 bnr 14. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 for dei to bruka var buskapen oppgjeven til 14/10 kyrlag og utsådet ¾ tn havre og 1½ tn potet. Avlinga var på 1¾ tn havre, 4 tn potet og 90 våger høy. Det var 1,2 mål dyrka åker og eng, og 7 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var tungdriven, men godt dyrka. Ny matrikkelskyld ifølgje den endelege matrikkelen i 1890 er på i alt 0 mark og 38 øre. I 1865 hadde Ola og Marie 5 storfe og 2 sauer og sådde 1 tn havre og 1 tn potet. Dei hadde då fosterdottera Karen Mathiasd f. 1854 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-6b). I 1875 var dyretalet 2 kyr, 1 kalv og 3 sauer, og utsådet 5/6 tn havre og 1½ tn potet. Det var dei som sette opp huset på Høyen, som framleis står. Det gamle huset vart då brukt som kårhus. Næringa var fiske og jordbruk. Ola var med i formannskapet i Lindås herad frå 1872 til 1875, i tillegg var han heradsstyremedlem 1866-1869 og 1876-1879. I februar 1896 melde Ola saman med andre at dei hadde funne ein død kval på havet, og som var teken inn til Fedje. Dette kunngjorde lensmannen i Lindås, Hans Jakob Laastad. Kvalen var om lag 15 m lang, og hadde ein innskoten harpun merkt M. Jørnsen. Martin Jørnsen var smed i Tønsberg, og fabrikkerte harpunar til kvalfangarar.

Born: a. Katrina Olsd f. 1862 d. 1910 g. 1884 m. Ole Bertelsen f. 1857 Kopper (gnr 168 bnr 2-14b) d. 1941, brukarar der (15). b. Olina Olsd f. 1865 d. 1940, neste brukar (21). c. Martina Olsd f. 1867 d. 1910 g. 1895 Bergen m. snikkar Henrik Larsen f. 1874 Røttingen i Os d. 1904 (jf Osb. II s 421), budde i Bergen. d. Elsa Olsd f. 1870 d. 1878.

21. Olina Olsd Ophaug f. 1865 på dette bruket (20b) d. 1940 g. 1884 m. Andreas Rasmussen f. 1863 Husa (gnr 168 bnr 10-5f) d. 1922. Skøyte frå Fedje Torvkompagni på Opphaugen og Uthaugen gnr 168 bnr 14 i 1888 for 825 kr. Dei to bruka vart samanføydde til eitt felles bnr 13 i 1940. I 1900 kjøpte Andreas halvparten av Grenda gnr 168 bnr 17, som var utskilt i 1898 med nytt bnr 31, for 450 kr. Det vart brukt saman med dette bruket. Næringa var som før fiskeri og jordbruk. Andreas var med i formannskapet i Lindås herad 1896-1898 og 1905-1907, i tillegg var han heradsstyremedlem 1892-1895 og 1911-1913.

Born: a. Elias Olai Andreassen Ophaug f. 1884 d. 1959, sjå nr 22 her. b. Ida Mathilde Andreasd f. 1887 d. 1926 g. 1907 m. Mikal Eide f. 1885 (gnr 168 bnr 15-18b) d. 1975, budde der (19). c. Rasmus Olai Andreassen Ophaug f. 1890 d. 1940 g. 1913 m. Cecilie Ivarsd Myklebust f. 1890 Hyllestad i Sogn d. 1983, bygde på Kopper (gnr 168 bnr 294-1). d. Margit Johanna Andreasd f. 1893 d. 1984 g. 1915 m. Martin Martinussen f. 1892 Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-18c) d. 1921, sjå der (19). e. Oluf Andreas Andreassen Ophaug f. 1896 d. 1973, sjå nr 23 her. f. Marta Ovidia Andreasd f. 1899 d. 1974 g. 1918 m. Olai Martinus Martinsen Aase f. 1895 Naustdal i Sunnfjord d. 1979, budde i Bergen. g. Ludvig Rikard Andreassen Ophaug f. 1902 d. 1974 g. 1923 m. Johanne Hjønnevåg f. 1904 Vågane (gnr 172 bnr 28-1b) d. 2000, bygde på Kopper (gnr 168 bnr 53-1). h. Malvin Andreassen Ophaug f. 1904 d. 1986 g.m. Anna Vidringstad f. 1905 Lyngdal, Vest-Agder d. 1995, sjå Kopper gnr 168 bnr 86-1. i. Albert Leonard Andreassen Ophaug f. 1907 d. 1973, utvandra til USA, bustad Brooklyn, New York, g.m. Helen Hovland f. 1911 Eigersund d. 1955.

22. Elias Ophaug f. 1884 på dette bruket (21a) d. 1959 g. 1911 m. Gina Moldøy f. 1886 (gnr 170 bnr 2-16c) d. 1948. Elias reiste til USA i 1902, og var der nokre år. Han var fiskar og fiskehandlar på Fedje, medeigar i båtane «Populær», «Eiden» og «Finn» (sjå Mikal Eide gnr 168 bnr 15-19). Dei budde i huset her utan at skøyte vart tinglyst.

Born: a. Mally Nora Ophaug f. 1912 d. 1986 g. 1936 m. Odin Husa f. 1910 (gnr 168 bnr 90-1b) d. 1991, dei fekk frådelt våningshuset til dette bruket i 1937, sjå gnr 168 bnr 69-1. b. Agnes Ingrid Ophaug f. 1914 d. 2000 g. 1934 m. Magnus Uthaug f. 1908 (gnr 168 bnr 64-1b) d. 1979, budde der (2). c. Emma Oliva Ophaug f. 1915 d. 2008 g. 1939 m. Ingolf Langøy f. 1915 Solend i Austrheim d. 1996, frakteskipper, busette der (sjå Austrheimb. I s 595 og 640). Emma og Ingolf var fødde same dagen, 21. august 1915. Far til Ingolf var Fredrik Vilhelm Eriksen f. 1887, som hadde brørne Edvard, sjå Sulo gnr 169 bnr 34-2e, og Gabriel, jf Sulo gnr 169 bnr 44-3.

23. Oluf Ophaug f. 1896 på dette bruket (21e) d. 1973 g. 1917 m. Magdalena Margreta Alvanda Mariusd f. 1896 Sulo i Øygarden d. 1982 (dotter av Marius Olai Eriksen f. 1873 d. 1940 og Anna Hansd f. 1867 d. 1919, mor hennar var Oliana Martinusd f. 1833 Sanden, som var søster til Ingeborg Husa gnr 168 bnr 10-5, som igjen var Oluf si farmor. Slik var Oluf og Magdalena tremenningar). Ho var søster til Hilmar Stormark (gnr 172 bnr 24-1). Sjå òg Rognsvågen gnr 167 bnr 3-1. Hus vart bygd her, då det opprinnelege våningshuset vart frådelt (gnr 168 bnr 69). Sonen deira Magnus Alfred Ophaug fekk skøyte i 1940 på jorda frå farmora Olina Olsd (21). Oluf var fiskeskipper og fiskehandlar, medeigar i m.a. M/K «Finn».

Born: a. Magnus Andreas Ophaug f. 1918 d. 1920. b. Alfred Olai Ophaug f. 1919 d. 1920. c. Magnus Alfred Ophaug f. 1921 d. 1997 g. 1945 m. Petra Skår f. 1924 Seim i Lindås d. 2015, busette der, sjå Alenfitb. IIA s 322. d. Andreas Olai Ophaug f. 1922 d. 2001 g. 1950 m. Odny Vabø f. 1928 Bergen, sjå Opphaugen gnr 168 bnr 114-1, Andreas var òg neste eigar her (24). e. Olaf Ophaug f. 1926 d. 1980 g. 1953 m. Marta Koppen f. 1929 (gnr 168 bnr 1-26i) d. 2009, busette der (27). f. Alfred Ophaug f. 1931 g. 1951 m. Anna Stokkebø f. 1930 Balestrand, bustad Asker, sjå òg Husa gnr 168 bnr 62-4.

24. Andreas Ophaug f. 1922 på dette bruket (23d) d. 2001, bustad Bergen, fekk skøyte her i 1973. Familien er ført på gnr 168 bnr 114-1.

25. Toril Ophaug f. 1950 (gnr 168 bnr 114-1a), laboratorieteknikar, g. 1973 m. Reidar Fjeld f. 1951 Fana i Bergen, ingeniør, bustad Bergen. Ho er dotter av nr 24 og fekk skøyte i 2005 på bnr 13, som vert brukt som fritidseigedom.

Born, alle bustad Bergen: a. Hege Fjeld f. 1974, historikar, samb.m. Trond Berge Høvik f. 1969 Bergen. b. Katrine Fjeld f. 1977, sjukepleiar, g.m. Tommy Nybakk f. 1980 Raudeberg i Vågsøy. c. Therese Fjeld f. 1981, psykosomatisk fysioterapeut, g. 2006 m. Eivind Sandblåst f. 1979 Stavanger.


Fedje komm.svg Opphaugen (Fedje gnr 168 bnr 13) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Opphaugen (Fedje) • Neste bolk: Husmenn på Opphaugen