Kopper (Fedje gnr 168 bnr 1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kopper
S043.168.1.CD 11 030.jpg
Flyfoto 1950. Kopper i framgrunnen. Nedrelandet i midten.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Fyrst nemnd: 1522
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 1
Adresse: Mulevegen 2

Kopper er eit gardsbruk i Fedje kommune. Det er det eldste bruket på Kopper, først nemnd i skriftlege kjelder i 1522.

1. Halvard Jonsen. Nemnd i skattelister 1518-1522.

2. Kolbein er ført opp som brukar på Kopper i ei skatteliste frå 1563, med 1 dalar i skatt. Det er alt me veit om han.

3. Mons er brukar 4 år seinare, ifølgje ei skatteliste frå 1567 over krongods (dvs. statleg gods) i Nordhordland. Skylda var sett til 1 pund smør, og skatten 6 skilling.

4. Mikkel er kommen på Kopper ifølgje ei jordebok frå 1590. Skattegrunnlaget var på 3 pund fisk, og han betalte leidang med 16 merker fisk.

5. Rasmus er ny brukar etter ei skatteliste frå 1603. Skatten var på 1 dalar. Han er òg nemnd i skattelistene i perioden 1610 til 1618. Skattegrunnlaget var på 4 pund fisk, og han betalte 18 merker fisk i leidang og 1 dalar i leiglendingsskatt. I 1612 svarte han korntiend med 10 kanner korn. Det var naturleg nok berre Kopper og Husa på Fedje som måtte betala denne skatten. For dei andre plassane var åkerarealet for lite. I ei jordebok for 1620 er Rasmus borte, så han må vera død. I staden er det Anna som er oppført som brukar ved sidan av Jakob (nr 6). I tiendmanntalet for same året er ho nemnd enkje, så alt tyder på at ho var kona til Rasmus. Sannsynlegvis har ho gitt frå seg bygsla til Jakob mot kår i garden. Ho betalte halv leiglendingsskatt i 1621 med ein halv dalar, men sidan hører me ikkje meir til henne.

6. Jakob er brukar på garden ifølgje jordeboka frå 1620, g.m. Gjertrud. Han kan ha vore son til Rasmus og Anna (nr 5), men då farsnamnet ikkje er nemnt i kjeldene, har me ikkje noko prov på det. Han svarte full leiglendingsskatt i 1620 til 1625. I 1626 betalte han leidang med 18 merker tørrfisk. Same året må han vera avliden, for i lista for leiglendingsskatten pinsen 1626 er det enkja som er oppført. I 1627 er det komme ein ny mann på garden, så då har nok enkja gifta seg opp att.

7. Enkja Gjertrud (6) g.2.g. m. Thomas Larsen, som er ny brukar ifølgje leiglendingsskatten 1627, med full skatt 1 dalar. Det same betalte han i 1628. I dei andre skatteutskrivingane i 1628 slepp Thomas og dei andre på Fedje med halv skatt i høve til dei andre i Lindås skipreide. Fedje vert kalla «ein utklippe» der det bur nokre fattige folk som kvar har skatta av sin ytste formue, og derfor har tinget bestemt at dei berre skulle betala halv skatt. Rikdom og status var mykje knytt til jordeigedom tidlegare, så ein skal ikkje ta det for bokstaveleg at folk på Fedje var nemnde som fattige. Fisken kunne i periodar gje fullt så godt utbyte som jorda.

Koppersevja i 2021. Her låg det gamle klyngjetunet på Kopper før utskiftinga. Bak er kyrkja, bedehuset litt til venstre for midten, deretter Fedje Senter og heilt til høgre «Filialen».
Foto: Karsten Madsen


I 1628 og 1629 betalte Thomas militær garnisonskatt med 18 skilling med eit skattegrunnlag på 3 spann smør. I 1630 og 1631 har han ein mann med seg, Øivind, som betalte halv skatt i høve til Thomas. Elles veit me ikkje meir om han. Thomas er vidare nemnd i skattelistene heilt til 1640. Men han kan vera død alt i 1634, for det året er enkja sett opp i ei skatteliste. Året etter syner ei av skattelistene ein ny mann som brukar. Det kan tyda på at enkja Gjertrud og den nye brukaren Mons (8) brukte Kopper i lag ei stund. I 1640 fekk ho brev frå rikskanslaren på at ho skulle få fornya festebrevet til den avlidne mannen Thomas Larsen. I 1641 vart ho nemnd i bøteregisteret, då Nils Moldøyna (gnr 170 bnr 2-4) fekk 2 rdl i bot for å ha kalla «Giertrud Thomassis» med nokre uhøvelege ord. På hausttinget i Lindås 1643 er ho nemnd på nytt, då Jon Ivarsen Holmen (4) vart stemna for å ha kalla dottera Anna Thomasd for «ei hore». Jon nekta på at han hadde gjort dette, og dersom det var skjedd, var det av dumskap utan at han kunne hugsa det. Han visste ikkje anna enn at ho var ei ærleg kvinne. Men han måtte bøta etter lova for denne utsegna. Sidan veit me ikkje meir om Gjertrud, ho er ikkje med i koppskatten 1645.

Born: a. Anna Thomasd, sjå nr 8. ?b. Kristian, nr 9 på dette bruket.

8. Mons Knutsen f. 1608 (etter alder i 1666) g.m. Anna (kan ha vore nr 7a på dette bruket). Mons vart nemnd som brukar i 1635. I 1637 svarte han leidang med 13 merker tørrfisk og leiglendingsskatt med 1 ort. Ved ein ekstraskatt same året er skattegrunnlaget 3 spann smør og skatten 0,5 ort. I bøterekneskapen til futen for 1640 er Mons nemnd med 1 dalar i bot for å ha slått ein annan i ansiktet. I koppskatten 1645 er «Mogens Knudtzen» oppført med kona Anna (Thomasd?) og ein son og ei dotter samt ein dreng, alle med 8 skilling i skatt. Borna er over 15 år gamle, og er truleg dei førre brukarane (7) sine born (sjå nr 9). Ifølgje skattematrikkelen for 1647 var det framleis berre eitt bruk på Kopper. Landskylda var på 1½ våg fisk, og skatten på 2 dalar og 1 ort. I 1657 betalte Mons kvegskatt med 3 ort og 7 skilling. Han hadde 4 kyr, 1 kvige og 15 sauer. Han er òg brukar på Kopper ifølgje jordeboka for 1661, som vart sett opp i samband med taksering av gardane. I 1664 var han lagrettemann på vårtinget i Lindås. Av matrikkelen for 1665 går det fram at landskylda framleis er på 1½ våg fisk. Ein kunne så 1½ tn korn og hausta 3½ tn, og fôra 9 naut.

Den siste kjelda Mons er nemnd i, er i tingboka for 1679 i samband med sal av garden (sjå kapitlet om Fedje sine eigarar). I manntalet for 1666 er Mons er 58 år og har ein tenar Knut Olsen på 23 år. Ingen søner er nemnde, men det har no komme ein brukar til på Kopper, Johan Monsen 25 år. Mons har altså delt garden mellom seg og, mest sannsynleg, son sin. Mons sat igjen med ⅔ av garden med landskyld 1 våg fisk, medan sonen fekk ⅓, tilsvarande landskyld 0,5 våg fisk. Denne delinga må ha skjedd mellom 1661 og 1666, og truleg i samband med at sonen har stifta familie. Mons og Anna hadde altså truleg sonen a. Johan Monsen f. 1641, busett på Kopper (gnr 168 bnr 2-1).

9. Kristian er nemnd første gong her i tingboka 1681 i ei sak om beiterett, sjå Eide gnr 168 bnr 15-4. Han er oppført i skattelistene 1691, 1692 og 1694. Han kan vera son av Thomas (nr 7) som den guten som er oppført i koppskatten frå 1645 (sjå nr 8). Sonen til Kristian heiter Thomas, og kan vera kalla opp etter farfaren. Av manntalet 1694 går det fram at Kristian har hovuddelen av garden med landskyld på 1 våg fisk. Men i 1696 er det komme ein ny brukar, Mikkel Kristiansen (10), mest sannsynleg sonen. Også på bruk nr 2 er det ein Kristiansen, den før nemnde Thomas, som truleg òg er Kristian Kopper sin son. Kjeldene teier om kona sitt namn, men me har iallfall desse borna: a. Thomas Kristiansen f. 1663 d. 1740, brukar på Kopper (gnr 168 bnr 2-2). b. Mikkel Kristiansen f. 1667, neste brukar (10).

10. Mikkel Kristiansen f. 1667 (etter alder i 1701) på dette bruket (9b). Han er første gong nemnd som brukar her i 1696, då han vart stemna på hausttinget i Lindås av sin tidlegare tenar Aslak Torsen for skuldig løn og klede med 4 rdl. Mikkel fekk ein frist på 14 dagar til å betala. I manntalet 1701 er han oppført som brukar her 34 år gammal med tenestedreng Jakob Andersen Fjellanger 14 år (truleg frå Lindås). Ein finn ikkje fleire opplysningar om Mikkel, han ser ikkje ut til å ha born. Broren Thomas fekk ein son Mikkel i 1703, kanskje han var oppattkalla etter farbroren, som nettopp kunne ha vore død. Mikkel si kone var truleg den Brita som vart oppattgift med nr 11.

Skoskatten i 1711, sjå bildetekst i Litt allmennsoge om Fedje. Her er det gardane Kopper, Husa og Uthaugen som er omtala.

11. Jon Andersen d. 1758. Han er første gong nemnd på Kopper i 1705 i ei sak i tingboka, sjå Per Husa (gnr 168 bnr 7-6). Ved skoskatten i 1711 må han skatta for seg, kona og ein tenar, Ingeborg Knutsd. Jon fekk bygselsetel tinglyst 1721 frå Dankert Dankertsen på 1 pund og 3 merker smør, eller halvparten av Kopper. Truleg vart han gift første gong med enkja etter Mikkel (10), for han fekk ikkje born før i 1727. Det måtte då vera i gifte nr 2. Den første kona heitte Brita, ho er nemnd i tingboka i 1706, sjå Husa gnr 168 bnr 7-5. Den andre kona heitte Mari Monsd, truleg f. Grenda (gnr 168 bnr 17-6b), og dei må ha vorte gifte i 1726. Det får me greie på gjennom ei sak på vårtinget i Lindås dette året. Jon vart då stemna for å ha starta det ekteskaplege samlivet med kona for tidleg. Moralen var streng på denne tida! Jon må ha vore g.3.g. m. Guri d. 1758. Ho var fadder i 1733, 1741 og 1746. Jon og Guri vart jordfeste samstundes, og begge sin alder var oppgjeven til heile 96 år! Dette var nok godt i overkant, for det var ikkje uvanleg å nemna for høg alder på gamle folk når dei døydde.

Born i 2. ekteskap: a. Brita Jonsd f. 1727, ukjend lagnad. b. Synneva Jonsd f. 1728 g. 1747 m. Mons Jensen f. 1720 Eide (gnr 168 bnr 15-6d) d. 1769, budde på Kopper (gnr 168 bnr 2-5). c. Sissel Jonsd f. 1731 g. 1754 m. Halvor Johannessen f. 1727 Kårdalen, Lindås d. 1770, brukarar på Moldøyna (gnr 170 bnr 3-11).

Det kan verka som Jon og Thomas nr 2 på gnr 168 bnr 2 har bytt gardar omkring 1717. I skattelistene fram til 1716 er Jon ført opp først og Thomas som nr 2, mens det er omvendt frå 1718 og framover. Dette stemmer også med at Jon si dotter Synneva seinare er å finna på gnr 168 bnr 2.

Jon hadde tenestejenta Ingeborg Knutsd (Midt-Tangen gnr 168 bnr 26-4b?). Ho fekk dottera Marta Monsd f. 1712, faren var soldat Mons Olsen f. 1677 Risøyna, Lygra i Lindås (sjå Lygrab. s 236). Me veit ikkje kva som skjedde med dei sidan.

Matrikkelen i 1723 gjev desse opplysningane om Kopper (samla for bnr 1 og 2): Brukarar Thomas og Jon, landskyld 1,5 våg fisk, bygsel frå Dankert Dankertsen. Garden hadde ei flaumkvern. Utsådet var på 3 tn havre og avlinga 8 tn, så det var dårlege tilhøve for korndyrking. Dyretalet var på 10 kyr, som dels måtte fôrast med tang og tare. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget.

12. Marta Eriksd f. 1724 Brotet (husmenn 1b) d. 1789 g. 1753 m. Rasmus Salomonsen f. 1726 Kitilsvik, Gulen d. 1786 (son av Salomon Larsen f. 1680 d. 1763 og Gjertrud Henriksd f. 1683 d. 1763, sjå Gulenb. III s 97). Rasmus fekk tinglyst bygselsetel i 1753 på 13½ mark smør (¼ av Kopper).

Born: a. Ola Rasmussen f. 1754 d. 1758. b. Mari Rasmusd f. 1757 d. 1796 g. 1792 m. Ola Ivarsen f. 1764 Utsylta, Radøy, budde der på Innsylta (sjå Radøyb. I s 440). c. Ola Rasmussen f. 1759 d. 1766. d. Gjertrud Rasmusd f. 1762 d. før 1786. e. Ola Rasmussen f. 1766 d. 1807, neste brukar (13).

Skiftet etter Rasmus i 1786 syner at arvingane var enkja Marta og borna Ola og Mari. Det vart ingen arv på dei, då buet kom i eit underskot på 5 rdl. Dette hang m.a. saman med at jord- og huseigaren Dankert Dankertsen Heiberg kravde 18 rdl for forsømt vedlikehald av husa på garden. Marta og Rasmus hadde fem kyr, kvar vurdert til rundt 3 rdl samt ein liten okse til 1 rdl. Elles gjev skiftet ei god skildring av kva slags innbu og utstyr som var vanleg på den tida. Ein finn m.a. to gryter, ei smørkjerne, mjølkekoller, eit vasspann, ei trantønne, ei øltønne, ei furutønne, to kister, fire ljåar, to jernspadar, kornstaur, ei øks og ein navar (bor). Av sjøreiskapar var det ein færingsbåt med mast, segl og tau, ein gammal seksæringsbåt, ein linevad, eit linetau, to storsildgarn, tre småsildgarn og eit fiskesnøre med blystein. Ein hadde òg nokre meir luksusprega ting: eit par runde sølvspenner, ein sølvforgylt ring, eit tinnfat og ein liten messinglysestake. Av klede (Rasmus sine) er det nemnt ei grå vadmålstrøye, ei svart vadmålsbukse, ei kvit underskjorte, eit par skor og ein blå vadmåls brystduk. Det var inga overflod, men ein hadde det ein trong.

13. Ola Rasmussen f. 1766 på dette bruket (12e) d. 1807 g.1.g. 1788 m. Marta Ingebrigtsd f. 1756 Uthaugen (gnr 168 bnr 14-8d) d. 1790. Ingen born. Ola fekk bygsel på garden etter faren i 1787 frå Dankert Dankertsen. Heiberg. Hans part var på 1 pund og 3 merker fisk, som tilsvarar ¼ av landskylda for heile Kopper. Kopper var frå rundt 1760 delt i 4 bruk.

14. Enkjemannen Ola Rasmussen (13) g.2.g. 1790 m. Kari Nilsd f. 1761 Børo (gnr 168 bnr 24-13a) d. 1792.

Barn: a. Marta Olsd f. 1791 d. 3 veker gl.

15. Enkjemannen Ola Rasmussen (13, 14) g.3.g. 1792 m. Sygni Hansd f. 1767 Brotet (gnr 168 bnr 16-8c) d. 1824. Dei måtte ha kongeleg løyve til bryllaupet, fordi Sygni var søskenbarn til Ola si 2. kone Kari. For det måtte dei betale 4 skilling til St. Jørgens hospital i Bergen.

Born: a. Kari Olsd f. og d. 1793. b. Brita Olsd f. 1795 d. før 1801, då ho ikkje er med i folketeljinga dette året.

Trass i tre ekteskap fekk altså ikkje Ola livsarvingar som levde opp. I folketeljinga 1801 budde Ola og Sygni på garden, saman med Sygni sine søsterborn Nils Nilsen 11 år og Marta Nilsd 7 år (sjå nr 17), samt tenestejenta Kari Kristiansd 13 år (Nedst-Tangen gnr 168 bnr 27-10c). Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 vart det opplyst at garden hadde eit utsåd på 2 tn korn, og avla 3 tn, eller mange år ingenting. Så det var dårlege tilhøve for korndyrking. Ein kunne fø 3 storfe. Dette var nok minimumstal, då det var grunnlaget for skattlegging. Ein ville derfor halda taksten så låg som mogleg. Verdien av bruket vart sett til 65 riksdalar, og landskylda var 1 pund og 3 merker fisk som før, eller ¼ av heile Kopper.

16. Enkja Sygni Hansd (15) g.2.g. 1810 m. Rasmus Rasmussen f. 1774 Glenja, Gulen d. 1820 (jf Gulenb. II s 349). Ingen born. Bygselbrev 1809 frå fru Katarina Kahrs på 1 pund og 3 merker fisk. Seinare same året vart bruket delt i to, sjå bnr 1b. Rasmus kom bort på sjøen ifølgje skiftet etter han i 1820. Han vart nok ikkje funnen att, for dødsfallet er ikkje ført i kyrkjeboka. Som arvingar ved skiftet er oppført enkja Sygni, og Rasmus sine søsken, m.a. Jørgen Rasmussen Opphaugen (gnr 168 bnr 13-15). Buet synte eit underskot på 15 spd, m.a. pga krav frå Kristoffer Kahrs på 20 spd og frå Marta Nilsd (neste brukar) for 8 års tenestelønn med 20 spd. Det var to kyr, ei kvige og ein okse på garden. Dei eigde halvdelen i ein firåra båt med segl og i ein storbåt med segl. Av fiskeutstyr var det ei tjuefamners ny not og ein fiskestangvad med anglar. Blant den andre lausøyren var det to gryter, to kister, ein messinglysestake, eit tinnfat, fleire eike- og furutønner, eit par vassbøtter, ei vasstønne, ei smørkinne, fire høyljåar, to spadar og ein hammar.

17. Marta Nilsd f. 1793 Husa (gnr 168 bnr 9-2c) d. 1839, oppfostra her (sjå under nr 15) g. 1823 m. Jon Johannessen f. 1784 Nordgulen d. 1833 (son av husmann Johannes Jonsen f. 1756 d. 1817 og Kirsti Torsd f. 1753 d. 1834, sjå Gulenb. I s 394, 402 og 413). Marta og Jon var brukarar her frå 1823 til 1833, utan at bygselbrev er tinglyst. Då Marta døydde i 1839 er ho kalla kårenkje, så ho må ha gitt garden over til neste brukar (19) mot kår.

Born: a. Ragnhild Jonsd f. 1823 d. 1892, utflytta til Gulen 1842, g. der 1853 m. Søren Josefsen f. 1822 Henriksbø d. 1899 (sjå Gulenb. I s 347), dei budde på fleire gardar i Gulen, men i folketeljinga 1865 var dei flytta frå kvarandre, ho tente då på Dale, og døydde på Li. Han døydde på Hofland i Hyllestad. b. Kristian Jonsen f. 1826 d. 1898, utflytta 1849 til Avaldsnes, Karmøy, tente m.a. på Kalstø, ugift. c. Magdeli Jonsd f. 1830 d. etter 1900 g.m. Ola Persen f. 1823 Hidlerøy, Austevoll d. 1876 (sjå Austevollb. I s 631), budde der.

Jon Johannessen var enkjemann då han flytta til Fedje i 1822 for å gifta seg. Han vart g.1.g. 1813 i Gulen m. Magdeli Olsd f. 1785 Li d. 1820 (jf Gulenb. II s 599), og dei hadde borna d. Kari Jonsd f. 1813 d. 1871 og e. Johannes Jonsen f. 1818 d. 1891. Dei var med faren til Fedje, men reiste tilbake til Gulen, der dei tente. Begge var ugifte.

I skiftet etter Jon i 1833 er enkja Marta og dei fem borna nemnde. Dei fekk ingen arv, då buet synte eit underskot på 23 spd. Dei hadde m.a. ein sølvring med to lauv, ein messinglysestake, tre gryter, ein skjerding, ei øks, to navrar, ei handsag, ein hammar, ein spade, ein høvel, to sildetønner, to sildefjerdingar, eit vasspann, to par vassbøtter, fire kister, av desse to med lås, to furutønner, ein spinnerokk, seks buskapskjørel, to ambrar, fem tretallerkar, ein skammel, ei halv tønne såkorn og 20 kornstaur. Husdyra talde ei ku, ein okse, ei kvige og to sauer med lam. Av sjøreiskapar var det ein fireåra båt med mast utan segl, eit par årar, eit sett vårsildegarn, linetau med anglar og eit fiskesnøre med jernstein.

Kopper om lag 1915. Frå venstre bnr 1, bnr 37 og bnr 35. Koppersevja med naust i framgrunnen.

18. Ola Olsen f. 1812 Kopper (gnr 168 bnr 1b-1a) d. 1888 g.1.g. 1833 m. Synneva Monsd f. 1807 Nordøyna, Øygarden d. 1849. Brukarar frå 1833 til 1841, bygselbrev frå Kristoffer Kahrs først tinglyst 1837. Dei kom på Opphaugen i 1841 (gnr 168 bnr 13-18), der heile familien er ført. I 1835 var dyretalet for heile Kopper 10 storfe og 18 sauer, og utsådet 3 tn havre og 2,5 tn potet. Matrikkelen i 1838 syner at Ola var brukar på halve bnr 1, tilsvarande ny skyld 1 ort og 12 skilling.

19. Anna Lassesd f. 1817 Kopper (gnr 168 bnr 1b-2a) d. 1858 g. 1842 m. Tøger Jensen f. 1819 Byrknes d. 1872 (son av Jens Lassesen f. 1783 d. 1857 og Lisbet Johannesd f. 1779 d. 1853, sjå Gulenb. III s 243). Tøger var bror til Siri Børo (husmenn 5) og Olina Moldøyna (gnr 170 bnr 5-14), farbror til Henrik Henriksen Moldøyna (gnr 170 bnr 6-12), og søsterson til Alis Langedalen (gnr 169 bnr 5-4). Brukarar frå 1842, bygselbrev frå Kristoffer og Arnold Kahrs i 1845. Dei fekk samstundes bygsel på gnr 168 bnr 1b, slik at bnr 1 og bnr 1b fekk same brukarar. Formelt vart dei to bnr samanføydde til eitt bruk først i 1878. I 1845 hadde Anna og Tøger 4 storfe og 8 sauer, og sådde ½ tn havre og ½ tn potet, medan dyretalet var auka til 7 storfe og 16 sauer i 1855, og utsådet heile 2 tn havre og 1 tn potet.

Born: a. Agata Tøgersd f. 1843 d. 4 veker gl. b. Jens Tøgersen f. 1844 d. 1871 g. 1866 m. Kristiana Eriksd f. 1846 Børilden, Austrheim d. 1900, sjå nr 22 her. c. Lasse Tøgersen f. 1845 d. 3 dagar gl. d. dødfødd son f. 1847. e. dødfødd son f. 1848. f. Lasse Tøgersen f. 1849 d. 3 veker gl. g. Truls Tøgersen f. 1850 d. 3 veker gl. h. Lisbet Tøgersd f. 1852 d. 3 veker gl. i. dødfødd dotter f. 1854. j. dødfødd son f. 1857. Dette må seiast å vera ein tragisk lagnad, av ti born levde berre eitt opp. På det 11. forsøket i 1858 døydde Anna i barselseng uforløyst. Ved skiftet etter henne same året vart buet gjort opp med eit overskot på 58 spd. Arvingane var enkjemannen Tøger og den einaste sonen Jens.

20. Enkjemannen Tøger Jensen (19) g.2.g. 1858 m. Gjørnilla Johannesd f. 1820 Vatsvik, Gulen d. 1866 (dotter av Johannes Mathiassen f. 1790 d. 1840 og Anna Persd f. 1776 d. 1861, sjå Gulenb. III s 13). Ved folketeljinga i 1865 budde Tøger og Gjørnilla på Kopper saman med Tøger sin son Jens og deira felles son Andreas, Tøger si første svigermor Turi Knutsd og tenaren Kristi Sjursd (Stuberg husmenn 2b). Dyretalet var på 7 storfe og 8 sauer, og utsådet 1½ tn havre og det same med potet. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 3,9 kyrlag og utsådet 1 tn havre og ⅔ tn potet. Avlinga var på 5 tn havre, 4 tn potet og 180 våger høy. Det var 2 mål dyrka åker og eng, og 17 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var lettdriven og godt dyrka. Ny matrikkelskyld ifølgje den endelege matrikkelen i 1890 er på 1 mark og 7 øre. Det var skifte etter Gjørnilla i 1868. Netto bu var på vel 85 dalar, og dette vart delt mellom mannen og sonen.

Barn: a. Andreas Tøgersen f. 1861 d. 1879. Han var dreng på Bårøyna i Gulen, og kom bort i Mjømneosen saman med husbonden Gjert Olsen, sjå Gulenb. III s 350.

21. Enkjemannen Tøger Jensen (19, 20) g.3.g. 1868 m. Anna Øysteinsd f. 1820 Brandsdal, Gulen d. 1872 (foreldre Magdeli Arnesd og Øystein Nilsen f. 1779, som var bror til Ola Brotet gnr 168 bnr 16-10). Ingen born. Det var skifte etter begge i 1873. Anna sitt bu var på netto 226 dalar og av dette gjekk 150 dalar til Tøger sitt bu, som lydde på netto 250 dalar. Arvingane hans var sonedøtrene Anna Jensd 5 år og Erika Tobia Jensd 2 år, og sonen Andreas Tøgersen 11 år. Anna hadde utarvingar i Gulen, Austrheim og Radøy mv.

22. Jens Tøgersen f. 1844 på dette bruket (19b) d. 1871 g. 1866 m. Kristiana Eriksd f. 1846 Børilden, Austrheim d. 1900 (dotter av Erik Mikkelsen f. 1802 d. 1849 og Judith Rasmusd f. 1804 Husa (gnr 168 bnr 9-3b) d. 1882, sjå Austrheimb. III s 530). Kristiana var brordotter til Thomas Kopper (gnr 168 bnr 3-4), søskenbarn til Mikkel Træsneset (husmenn 1), og halvsøster til Andreas Eriksen Hesteneset (gnr 169 bnr 4-1). Ho hadde òg fullbroren Mikkel Eriksen Krossøyna, sjå Svena gnr 168 bnr 115.

Born: a. Anna Jensd f. 1867 g.1.g. 1885 m. Gjert Botolfsen f. 1863 Torsvik, Masfjorden d. 1887, g.2.g. 1888 m. Tormod Hansen f. 1849 Knarrvika, Lindås d. 1935, busette på Dragøy, Torsvik (sjå Masfjordb. I s 127, og Lindåsb. IV s 317). b. Thomas Edvard Jensen f. 1868 Bø i Vesterålen d. 1870. c. Erika Tobia Jensd f. 1871 d. 1947 g. 1890 m. Edvard Martin Magnussen f. 1865 Solend, Austrheim d. 1953, brukarar på Førland i Austrheim (jf Austrheimb. II s 476).

Jens og Kristiana var berre innerstar på Kopper, dvs. at dei budde hos far til Jens sin familie. I 1867 flytte dei til Bø i Vesterålen for å prøva lykka der, men det varte berre eit par år før dei var tilbake på Kopper. Kristiana budde framleis på Kopper (på gnr 168 bnr 3) i 1875, ho var enkje og dagarbeidar især ved torvdrifta på Stormark, som nett var komme i gang. Ho døydde hjå dottera på Førland.

23. Sina Kristoffersd Kahrs f. 1850 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-1d) d. 1929 g. 1872 m. Mons Jonsen Birkeland f. 1845 Masfjorden d. 1896 (son av Jon Johannessen f. 1811 d. 1894 og Kari Eriksd f. 1818 d. 1897, sjå Masfjordb. I s 254).

Born fødde på Fedje: a. Kristoffer Andreas Monsen f. 1873. b. Kaspar Johan Monsen f. 1874.

Dei var brukarar her frå 1872 til 1876 utan at bygselbrev vart tinglyst (Sina var dotter av den eine jordeigaren). Ifølgje folketeljinga 1875 hadde dei 5 kyr, 1 kalv og 9 sauer, og sådde 1 tn havre og 1½ tn potet. Dei hadde to tenestejenter, Berta Hansd (Husa gnr 168 bnr 7-16b) og Marie Hansd (Rognsvågen gnr 167 bnr 3-1b). Mons var skulelærar på Fedje frå 1867 (jf Muren, skulehuset 2). I 1876 vart han kyrkjesongar i Fjæra i Skånevik (Etne kommune i dag), og familien flytta dit. Sidan kom dei til Bremnes i Bømlo, sjå Bømlob. I s 418 og Kahrsb. s 112.

24. Gjertrud Halsteinsd f. 1835 Krossøyna, Austrheim d. 1911 g.2.g. 1871 m. Peder Olaisen f. 1846 Øksneset, Austrheim d. 1933 pakta garden frå 1876. Dei budde først på Muleide (gnr 169 bnr 7-2), der heile familien er ført. I 1878 flytta dei til Krossøyna (sjå Austrheimb. III s 635).

Alette og Mikal Eriksen (25) med born. Øvst frå venstre: Andrea, Edvard og Kristoffer. I midten frå venstre: Mikal jr, Mikal sr og Alette, Severin. Nedst frå venstre: Inga, Karstein og Øllegård.

25. Alette Kristoffersd Kahrs f. 1853 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-1e) d. 1924 g. 1878 m. Hans Mikal Eriksen f. 1846 Børilden, Austrheim d. 1931 (son av Engel Andersd f. 1811 d. 1873 og Erik Johannessen f. 1811 d. 1886, jf Austrheimb. III s 534, Erik var halvbror til Gjertrud Andersd g.m. Ola Steffensen Moldøyna gnr 170 bnr 2-11b, og til Anders Andersen, sjå Vika gnr 168 bnr 28-10fb). Mikal var farbror til Ingeborg Eliasd Muleide gnr 169 bnr 7-4. Sjå elles skifte på Husa gnr 168 bnr 7-12 for anna slekt til Mikal. Han fekk skøyte på dette bruket i 1878 av Fedje Torvkompagni for 3000 kr (ein høg sum i høve til andre bruk selde i same perioden). Bruk gnr 168 bnr 1b vart samstundes samanføydd med dette bruket. Mikal var ein av dei første sjølveigarane på Fedje, og den første på Kopper. Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 1 mark og 7 øre. Ved sida av arbeidet med fiske og jordbruk, var Mikal fyrassistent på Holmengrå fyr i vinterhalvåret. Han var også bygningsmann, og sette opp fleire hus på Fedje. Han bygde nytt hus her på Kopper rundt 1880, og det står enno, men er påbygd.

Born: a. Karen Andrea Mikalsd f. 1879 d. 1903 g. 1901 m. Anders Gudmundsen f. 1869 Rognsvågen (gnr 167 bnr 1-3c) d. 1921, brukarar der (4). b. Edvard Andreas Mikalsen Koppen f. 1881 d. 1981, neste brukar (26). c. Kristoffer Mikalsen Ericksen f. 1884 d. 1964, utvandra til USA i 1902, g. 1915 m. Rose Cecilia Robinson f. 1893 Minnesota, USA d. 1984, budde i Portland, Oregon, han var bryggeriarb. og laksefiskar i Alaska. d. Hans Mikal Mikalsen Ericksen f. 1887 d. 1938, utvandra 1905 til USA, sjåfør, g. 1919 m. Verda Clark f. 1890 Yoncalla i Oregon d. 1964, budde i Portland. e. Severin Mikalsen Koppen f. 1890 d. 1913, utvandra til USA i 1908, budde i Portland, ugift, drukna i båtulykke. f. Inga Mikalsd f. 1894 d. 1929, utvandra 1916 til USA, g. 1928 m. Carl Gustav Kristoffersen Moe f. 1883 Djupbekkmoen i Trysil d. 1959 (jf Trysilb. II s 178, utvandra 1913), bustad Oakland, Alameda i California, han flytta til Berkeley og sidan til Santa Rosa i California. g. Karstein Kahrs Mikalsen f. 1896 d. 1916 (tub.), sjømann. h. Øllegård Mikalsd f. 1899 d. 1962 g. 1920 m. Martinus Hansen f. 1898 Husa (gnr 168 bnr 7-17d) d. 1975, sjå Husa gnr 168 bnr 83-1.

Grensebuarbeviset til Edvard Koppen (26). Det fungerte under krigen som eit identitetskort (pass), som alle vaksne måtte bera med seg. Ein kunne komma i vanskar dersom det ikkje var i orden under ein kontroll, særleg når ein var på reise.
Frå venstre: Martinus Våge (bnr 9-2) og Edvard Koppen (26) på Elverum i 1905.
Marta og Edvard Koppen (26) var i USA i 1957 og besøkte slekt. Det var mange frå denne garden som utvandra dit. Bak frå venstre Karl (26b) og Sverre (26c) med born. Framme frå venstre Gjert (26a), Marta og Edvard, Helga (26e).

26. Edvard Koppen f. 1881 på dette bruket (25b) d. 1981 (99 år 3 md gl.) g. 1907 m. Marta Gjertsd Toft f. 1888 Mellingen på Sletta, Radøy d. 1980 (dotter av Gjert Larsen Toft f. 1854 (jf Mykingb. s 296) og Marta Olsd f. 1865 d. 1957, sjå Hosangerb. 1.2 s 465 og Radøyb. V s 338). Edvard reiste til USA i 1900, og var der nokre år. Han fekk skøyte av faren i 1928 for 2000 kr og kår. Næringa var fiske og jordbruk, dei hadde tre kyr, ein kalv, høns og sauer. I tillegg var Edvard bygningsmann, og arb. på kvalkokeriet på Svena.

Born: a. Gjert Koppen f. 1908 d. 2000, reiste til USA 1927, kalte seg Jack, maskinarb., g. 1930 m. Ellen Ingeborg Nelson f. 1909 Portland, Oregon d. 1992, budde der. b. Karl Koppen f. 1910 d. 2005, utvandra til USA 1928, g. 1940 m. Bergliot Agnes Vogan f. 1915 Portland d. 2005, busette der, han var bryggeriformann og laksefiskar i Alaska. c. Sverre Koppen f. 1913 d. 1981, reiste til USA i 1940 før krigen byrja, fiskar, g. 1942 m. Evelyn Margaret Libell f. 1920 Portland d. 2019, busette Astoria, Oregon. d. Harald Koppen f. 1915 d. 1916. e. Helga Koppen f. 1917 d. 2009 g. 1940 m. Johan Utkilen f. 1917 Solend, Austrheim d. 2007, budde der til 1953 (jf Austrheimb. I s 633), då dei reiste til USA, bustad Bainbridge Island, Seattle, bruker Lind til etternamn. f. Asbjørn Magnus Koppen f. 1920 d. 1942, matros, omkom ved forlis i Nord‑Atlanteren. g. Erling Koppen f. 1922 d. 1995 g. 1948 m. Gerda Eriksen f. 1924 Sulo (gnr 169 bnr 72-1c) d. 1989, bygde på frådelt tomt gnr 168 bnr 127. h. Harald Koppen f. 1926 d. 2010 g. 1947 m. Alfhild Hansen f. 1925 Horten d. 2016, bygde på frådelt tomt gnr 168 bnr 112-1. i. Marta Koppen f. 1929 d. 2009, neste eigar (27).

27. Marta Koppen f. 1929 på dette bruket (26i) d. 2009, heimehjelp, g. 1953 m. Olaf Ophaug f. 1926 (gnr 168 bnr 13-23e) d. 1980, fiskar. Marta fekk skøyte her i 1956.

Born: a. Ove Magnar Ophaug f. 1955 d. 2016 g. 1995 m. Esther Håvik f. 1951 Bergen, bustad Fjell, seinare Bergen, sjå òg Kopper gnr 168 bnr 329. b. Else Marit Ophaug f. 1957, hjelpepleiar, samb.m. Odd Sandvik Johnsen f. 1953 Bergen, busette der. c. Einar Ophaug f. 1961 g. 1986 m. Kari Olsen f. 1959 Bergen, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 352). d. Helge Johan Ophaug f. 1970 g. 2000 m. Aina Kristin Aarra f. 1972 Åsane i Bergen, busette der. – Borna fekk skøyte i 2011, Oves part vart overdregen til dei tre andre i 2017. Tomta med huset og uthuset vart frådelt i 2014 med nytt gnr 168 bnr 512, sjå der. Det står igjen eit lagerbygg her på bnr 1.


Fedje komm.svg Kopper (Fedje gnr 168 bnr 1) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kopper (Fedje) • Neste bolk: Kopper (Fedje gnr 168 bnr 1b)