Fagnadstøl (Fedje gnr 169 bnr 72)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fagnadstøl
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 72
Adresse: Mulevegen 84

Fagnadstøl er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

Brurebilde 6. november 1916, Engel og Johanna Eriksen (bnr. 72-1).

1. Johanna Olsd f. 1890 Langedalen (gnr 169 bnr 5-7a) d. 1973 g. 1916 m. Engel Eriksen f. 1897 Smineset (gnr 169 bnr 19-2e) d. 1948. Dei bygde huset her på Sulehøgda. Johanna hadde huspost i New York i 7 år frå 1908. Ho arb. på Bjelland frå 1953. Engel var båtsmann, budde i Oslo etter krigen, døydde der. Skøyte på tomta frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 i 1953.

Born: a. Synneva Beathe Eriksen f. 1918 d. 2004, neste eigar (2). b. Rakel Eldbjørg Eriksen f. 1919 d. 2006 g. 1944 m. søskenbarnet John Sævik f. 1915 Remøy, Herøy d. 2001 (sjå Smineset gnr 169 bnr 19-2aa og Herøyb. I s 316), maskinist, busette der. c. Gerda Severine Eriksen f. 1924 d. 1989 g. 1948 m. Erling Koppen f. 1922 (gnr 168 bnr 1-26g) d. 1995, bygde på Kopper gnr 168 bnr 127.

2. Synneva Eriksen f. 1918 på dette bruket (la) d. 2004 g. 1941 m. William Anton Karl Kleppe f. 1920 Sund d. 1979 (sjå Sundb. II s 79). Skøyte her i 1956. Synneva arb. på Bjelland frå 1960 til 1989. William arb. lenge på Hansa bryggeri, pendla til Bergen, var på Kleppe Stålprodukter frå 1972.

Born: a. Erling Johan Kleppe f. 1941 d. 1989 g. 1963 m. Harriet Uthaug f. 1944 (gnr 168 bnr 67-2d) d. 2018, bygde i Sulo gnr 169 bnr 99-1. b. Odd Karl Kleppe f. 1949 d. 1999 g. 1971 m. Åse Pisani f. 1953 Bergen (jf Rognsvågen gnr 167 bnr 9-la), budde i Bergen, es. oppløyst, Odd busett Husøyna (gnr 168 bnr 204-7). Deira son ba. Kjetil Ove Pisani f. 1972, bustad Fjell, seinare Askøy. c. Svein William Kleppe f. 1953 d. 1997 g. 1974 m. Kari Irene Fjelland f. 1952 Kvinnherad, sjå Husa gnr 168 bnr 283-2.

3. Brørne Vidar Kleppe f. 1963, bustad Kristiansand, Magne Kleppe f. 1964, bustad Flisa i Åsnes, og Trond Kleppe f. 1970, bustad Kristiansand, sjå Sulo gnr 169 bnr 99-1 (søner til 2a), fekk skøyte i 2008. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Fedje komm.svg Fagnadstøl (Fedje gnr 169 bnr 72) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Ringvoll (Fedje gnr 169 bnr 70) • Neste bolk: Moberg (Fedje gnr 169 bnr 77)