Kleppe (Fedje gnr 169 bnr 99)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kleppe
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 99
Adresse: Mulevegen 82

Kleppe er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Erling Kleppe f. 1941 Sulo (gnr 169 bnr 72-2 a) d. 1989 g. 1963 m. Harriet Uthaug f. 1944 (gnr 168 bnr 67-2 d) d. 2018. Skøyte 1972 på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 og gnr 169 bnr 66 (felles utmark) same året. Huset vart òg bygd i 1972. Dei kom då frå Bergen. Erling var utdanna maskiningeniør, og starta mekanisk verkstad (Kleppe Stålprodukter AS) på Skipshaugen (Kopper gnr 168 bnr 231) i 1972 i samarbeid med kommunen. I 1980 flytta familien til Flisa, Åsnes i Hedmark, og eit år seinare til Kristiansand, der Erling var dagleg leiar mekanisk verkstad.

Born: a. Vidar Sveinung Kleppe f. 1963 g. 1992 m. Elin Dyrstad f. 1966 Kristiansand, busette der. Han var stortingsrepresentant for Framstegspartiet for Vest-Agder 1989-1993 og 1997-2001. b. Magne Richard Kleppe f. 1964 g. 1989 m. Anita Fredrikke Karlsen f. 1964, bustad Flisa. c. Line Beathe Kleppe f. 1969 g. 1990 m. Roy Trygve Skovlund f. 1959 Asker, bustad Kristiansand. Ekteskapet oppløyst. d. Trond Erling Kleppe f. 1970 var samb.m. Marit Irene Flo f. 1973, busette Kristiansand. – Sjå òg Sulo gnr 169 bnr 72-3.

2. Ove Nilsen f. 1951 Sulo (gnr 169 bnr 50-2a), fiskar, g. 1983 m. Liv Tresnes f. 1961 (gnr 169 bnr 93-1d) d. 1997, reinhaldar. Skøyte her i 1982. Han flytta sidan til Rognsvågen gnr 167 bnr 26.

Born: a. Monica Nilsen f. 1982, barnehagelærar, g. 2010 m. Christian Aksnes f. 1982 Åsane i Bergen (jf Stormark gnr 172 bnr 147-2a), bustad Frekhaug i Meland, Alver kommune. b. Christ-Ove Nilsen f. 1986, supervisor, samb. 2016 m. Janne Elisabeth Fredly f. 1987 Kristiansand, lærar, bustad Arefjord i Fjell, Øygarden kommune.

3. Stian Storemark f. 1983 Husa (gnr 168 bnr 279-1c), maskinsjef, g. 2009 m. Anne Magnhild Johansen f. 1982 Molde, hjelpepleiar. Skøyte i 2012. Huset vert renovert. Garasje vart bygd i 2021.

Born: a. Samuel Storemark f. 2009. b. Lilli Storemark f. 2011. c. Synne Storemark f. 2015.


Fedje komm.svg Kleppe (Fedje gnr 169 bnr 99) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Grønvoll (Fedje gnr 169 bnr 95) • Neste bolk: Walderhaug (Fedje gnr 169 bnr 101)