Skipshaugen (Fedje gnr 168 bnr 231)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skipshaugen
S088.168.231.CD 04 035.jpg
Flyfoto 1988. Rognsvågen med Fedje Mekaniske i framgrunnen. Bak Kisteneset til venstre, Rognsneset til høgre.
Foto: Aeronor
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 231
Adresse: Kopper 13 og 22

Skipshaugen er ein næringseigedom i Fedje kommune.

1. Fedje kommune fekk skøyte 1971 på tomt frådelt gnr 168 bnr 30 same året. Det vart sett opp eit industribygg her i 1972, med andre byggetrinn i 1975. Kleppe Stålprodukter AS (sjå Sulo gnr 169 bnr 99-1) var den første leigetakaren.

2. I 1980 kjøpte Fedje Mekaniske Verkstad AS anlegget og dreiv verkstaden vidare. Skøyte 1982 på tilleggsareal bnr 325 frådelt gnr 168 bnr 4 same året. Sjølve bygget vart utskild i eit eige selskap og skøytt til Fedje Eiendomsselskap AS i 1988.

3. I 1991 stifta Fedje kommune selskapet Skipshaugen Industrier AS, som fekk skøyte her same året. Ny leigetakar frå 1996 var Fedje Mekaniske Industrier AS. Det hadde omkring 20 tilsette, og lagde stålkonstruksjonar som landgangar mv. Det vart reist ein sandblåsehall i 1990, og eit lagerbygg same året (begge på bnr 325), det siste vart utleigt til Statens Forurensingstilsyn. Skøyte i 2003 til Fedje Eiendomsselskap AS. Fedje Mekaniske slutta av drifta i 2016.

3. Akk Invest AS ved Anne Kristi Koppang f. 1959, bustad Asker, fekk skøyte i 2019. Ho er styreleiar i Feddie Ocean Distillery AS og Søsterselskapet AS (sjå Muren gnr 168 bnr 42-7 og gnr 168 bnr 360-5, Kremmarholmen gnr 169 bnr 6-10, Kremmarholmen gnr 169 bnr 47-6, og Hesthaugen gnr 169 bnr 76-6).

4. Oss på Fyret Hellisøy AS, som driv med utleige av fyrvaktarbustaden på Hellisøy fyr, heldt til her. Båten til fyret ligg ved kaien og plassen vert nytta som oppmøteplass for dei som skal på fyret.

5. Therese Storebø Østervold f. 1982 Austevoll (jf Austevollb. III s 351), bustad Voss. Ho er bartendar, produktutviklar/destillatør for Feddie Ocean Distillery, og er busett på Fedje ei veke i månaden frå 2019. Ho fekk i 2022 dobbelgull i International Spirit Challenge i London for Nine Sisters Ocean Gin.


Fedje komm.svg Skipshaugen (Fedje gnr 168 bnr 231) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Elsero (Fedje gnr 168 bnr 223) • Neste bolk: Heimly (Fedje gnr 168 bnr 294)