Heimly (Fedje gnr 168 bnr 294)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Heimly
S090.168.294.CD 03 050.jpg
Kopper omkring 1958. Framme bnr 116. I midten frå venstre bnr 53, bnr 46, bnr 89, bnr 86, bnr 44 (framme), bnr 294. Til høgre Grenda. Bak frå venstre kyrkja (og Steinborg), Bjelland og Holmen. Heilt bak Sulo, Kongestolen til høgre.
Foto: Widerøes flyveselskap
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 294
Adresse: Skotholmevegen 4

Heimly er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Olai Ophaug f. 1890 (gnr 168 bnr 13-21c) d. 1940 g. 1913 m. Cecilie Kristine Ivarsd Myklebust f. 1890 Hyllestad i Sogn d. 1983 (dotter av Ivar Bertelsen f. 1860 d. 1925 og Andrina Davidsd f. 1861 d. 1929, sjå Hyllestadb. I s 78). Cecilie var søster til Marianne Sulen (gnr 169 bnr 57-3) og Otilie Uthaug (gnr 168 bnr 20-10). Huset vart bygd i 1917. Naust vart bygd på tomt bnr 362 frådelt gnr 168 bnr 270 i 1986. Olai (kalla «Ola i Høyen») var fiskar og fiskehandlar. Han og Cecilie dreiv jorda til Kopper gnr 168 bnr 2, samt at dei fekk heimelen på Grenda gnr 168 bnr 31 (sjå Opphaugen gnr 168 bnr 13) etter faren hans. Cecilie hadde tre kyr.

Born: a. Olai Severin Ophaug f. 1914 d. 1996 g. 1944 m. Marie Hellesund f. 1917 Øygarden d. 2010, bustad Kopper gnr 168 bnr 46-3. b. Anton Oliver Ophaug f. 1915 d. 2000 g. 1940 m. Klara Husa f. 1917 (gnr 168 bnr 7-18a) d. 2022, busette Kopper gnr 168 bnr 86-2. c. Andrea Ingvarda Ophaug f. 1917 d. 2005 g. 1941 m. Herman Smines f. 1917 (gnr 169 bnr 19-3b) d. 2002, bygde på Kopper gnr 168 bnr 89. d. Sigurd Ophaug f. 1920 d. 2004 g. 1942 m. Dorthea Rognsvåg f. 1920 (gnr 167 bnr 2-7d) d. 2003, busette Kopper gnr 168 bnr 116. e. Othelia Ophaug f. 1926 d. 2015, neste eigar (2).

2. Othelia Ophaug f. 1926 på dette bruket (1e) d. 2015 g. 1948 m. Reidar Andersen f. 1921 frå Rongeværet, Austrheim d. 1990 (sjå Austrheimb. III s 646, halvbror til Nils Rongevær, jf Stormark gnr 172 bnr 20-4a), bustad Arna, Bergen (sjå Hausb. III s 153). Ho fekk skøyte her i 1979, etter at tomta vart utskild same året. Den omfattar to bnr., bnr 294 frådelt Kopper gnr 168 bnr 2, og bnr 295 frådelt Grenda gnr 168 bnr 31 (sjå ovanfor). Huset vart brukt som feriebustad.

Born: a. Sigrid Oliva Andersen f. 1949 g. 1969 m. Otto Mongstad f. 1936 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 6-4b) d. 1980, busette der (5). b. Irene Hjørdis Andersen f. 1951 g. 1977 m. Bjørn Husa f. 1952 Sulo (gnr 169 bnr 41-2c), bustad Sola, ho fekk skøyte her av mora i 1990. c. Ove Andersen f. 1953 d. 1992, bustad Åsane i Bergen.

3. Olav Nilsen Husa f. 1972 (gnr 168 bnr 235-1b), bustad Husa (gnr 168 bnr 426), fekk skøyte i 2021 og leigde ut eigedommen.


4. Rita Odny Herdlevær f. 1966 Åsane i Bergen g. 1990 m. Jørgen Kveldstad f. 1965 Askøy, bustad Åsane. Skøyte i 2024. Huset vert brukt som fritidseigedom. Ho er dotter av Rigmor f. Nilsen, sjå gnr 168 bnr 81 Stølheim, og søskenbarn til Olav ovanfor.           

Born: a. Ruth Sofie Kveldstad f. 1991, bustad Arna i Bergen. b. Johan Kveldstad f. 1994, bustad Åsane


Fedje komm.svg Heimly (Fedje gnr 168 bnr 294) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Skipshaugen (Fedje gnr 168 bnr 231) • Neste bolk: Mulevegen 6 (Fedje gnr 168 bnr 239)