Fagerheim (Fedje gnr 169 bnr 41)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fagerheim
S348.169.41.CD 08 079.jpg
Fire generasjonar Kongestøl. Frå venstre Olav (bnr 41-3), Ole, Leif Kolbjørn og Konrad.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 41
Adresse: Mulevegen 122

Fagerheim er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Olai Olsen Fagerheim f. 1902 Kongestølen (gnr 169 bnr 10-1d) d. 1989, fiskar, g. 1928 m. Anna Serine Rognaldsvåg f. 1902 Kinn, Flora i Sunnfjord d. 1986 (dotter av Kornelius Korneliussen f. 1871 og Susanna Larsd f. 1869). Anna var søster til Klara Johannesen, Sulo gnr 169 bnr 51-3. Skøyte på tomt utskild 1944 frå gnr 169 bnr 17. Huset vart bygd i 1947. Dei selde det i 1965, og flytta til Sola. Sjå òg Skotholmen gnr 170 bnr 8-2.

Born: a. Bjørg Svanhild Kongestøl f. 1929, sjå nr 2 her. b. Kirsten Olly Kongestøl f. 1931 d. 2016 g. 1951 m. Peder Nes f. 1925 Åkra i Karmøy d. 2011, busette der. c. Otto Anker Sulen f. 1934 d. 2018, fabrikkarb., g. 1966 m. Tordis Johanne Pedersen f. 1934 Buøy i Stavanger d. 2010, bustad Stavanger.

2. Bjørg Kongestøl f. 1929 på dette bruket (1a) d. 2004, pleiemedhjelpar, g. 1947 m. Alf Robert Husa f. 1919 (gnr 168 bnr 7-18b, sjå der) d. 2002. Dei var tremenningar med felles oldefar Rasmus Olsen Moldøyna (gnr 170 bnr 5-15). Dei budde her saman med nr 1. Alf var fiskar på Fedje, seinare industriarb. Familien flytta 1962 til Sola.

Born: a. Harald Leif Husa f. 1948, frisør, g. 1970 m. Anne Lise Årstad f. 1947 Stavanger bustad Randaberg. b. Aslaug Olly Husa f. 1950, bustad Sola. c. Bjørn Alf Husa f. 1952, sjå Kopper gnr 168 bnr 294-2b.

3. Olav Kongestøl f. 1920 (gnr 169 bnr 10-2b) d. 2019 g. 1953 m. Magnhild Enes f. 1921 Kvinnherad d. 2014 (sjå Kvinnheradb. II s 482), pleiemedhjelpar. Olav var i saniteten i Skottland under krigen. Han var lærar frå 1956 til 1986 og klokkar frå 1956 til 1991. Skøyte her i 1965.

Born: a. Leif Kolbjørn Kongestøl f. 1954, pleie/omsorgssjef, bustad Ænes i Kvinnherad, var g. 1976 m. Gunn Astrid Fjæra f. 1956 Odda, flytta til Stord. Leif samb.m. Hulda Anne Karina Bohlin f. 1957 Uddevalla, Sverige. b. Ove Kongestøl f. 1955 g. 1983 m. Gunn Bråte f. 1962 (gnr 168 bnr 124-1b, sjå der), bustad Fjell, Øygarden kommune. c. Hildegunn Kongestøl f. 1957, lærar, g. 1978 m. Olav Sønnesyn f. 1956 Voss, lærar, busette der. d. Magnar Inge Kongestøl f. 1961, ingeniør, g. 1991 m. Eva Camilla Elisabeth Jarnskjold f. 1968 Sørum, Akershus, bustad Bergen, seinare Auli i Nes på Romerike. Han vart eigar i 2012.

4. Ingrid Reigstad Nævdal f. 1981 Hjelmås i Lindås (sjå Svena gnr 168 bnr 453-1b) samb.m. Kristian Mæland f. 1981, bustad Bergen. Skøyte i 2022. Huset vert brukt som fritidsbustad.


Fedje komm.svg Fagerheim (Fedje gnr 169 bnr 41) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Myrhaug (Fedje gnr 169 bnr 39) • Neste bolk: Solbakken (Fedje gnr 169 bnr 42)