Odda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Odda kommune
1228 Odda komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1228
Fylke Hordaland
Kommunesenter Odda
Areal 1615.92  km²
Areal land 1481.37  km²
Areal vann 134.55  km²
Folketall 7 025 (2017)
Grunnlagt 1913
Sammenslåing(er) 1964: Røldal innlemma
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Odda kommune ligg i Hordaland, og grensar til Ullensvang i nord, Vinje i aust, Suldal og Sauda i sør og Etne og Kvinnherad i vest. Kommunen vart oppretta i 1913, då Ullensvang vart delt i to. Dei noverandre grensane er frå 1964, då Røldal kommune vart innlemma i Odda. I 2016, i samband med Solberg-regjeringa sin kommunereform, vedtok kommunestyra i Odda, Ullensvang og Jondal å skipe ein ny kommune med namnet Ullensvang.

Det er tre tettstader i kommunen: Administrasjonssenteret Odda, Skare og Tyssedal.

Odda er ein industrikommune, med særlig vekt på jern- og metallindustri. Turisme er óg en viktig næringsveg. Med meir enn 20% av kraftproduksjonen i fylket er Odda ein viktig kraftkommune.

Ein del av Hardangervidda nasjonalpark ligg i Odda kommune.

Kjelder og litteratur