Myrhaug (Fedje gnr 169 bnr 39)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Myrhaug
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 39
Adresse: Mulevegen 156

Myrhaug er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

Om lag 1940 i Bergen. Bak Malvin Kristensen (1), framme frå venstre Ragnvald Gullaksen og Norvald Moldøen.

1. Malvin Kristensen f. 1907 Kongestølen (gnr 169 bnr 8-1c) d. 1984, fiskar, medeigar M/S «Feieøy», g. 1946 m. Emma Bårdsen f. 1917 Sulo (gnr 169 bnr 44-2d) d. 1994, arb. Bjelland. Skøyte 1949 på tomt frådelt gnr 169 bnr 17 i 1944. Huset vart sett opp i 1949. Skøyte frå far hans på halvparten av tomt og naust bnr 48 Dragstrand frådelt gnr 169 bnr 16 i 1946.

Born: a. Else Karin Kristensen f. 1949 g.m. Stein Brynildsen f. 1946 Oslo, busette der, begge cand.philol. b. Olga Kristensen f. 1954, neste eigar (2).

Dei to søstrene hadde heimelen på eigedomen saman fram til 1999. Då skøytte Else sin halvdel over på søstera Olga. Dei eigde ⅓ av bnr 48 (naust) til 2001, sjå Kongestølen gnr 169 bnr 8. I 1996 fekk dei skøyte på bnr 40, som er ei nausttomt frådelt gnr 169 bnr 2 i 1944. Naustet vart bygd i 2001. I 2019 vart ei tilleggstomt kjøpt av kommunen sin eigedom gnr 169 bnr 194, og slått saman med bnr 39.

2. Olga Kristensen f. 1954 på dette bruket (1b), sjukepleiar, g.m. Trond Bøe f. 1952 Bergen, cand.polit., bustad Oslo. Skøyte på bnr 39 og bnr 40 i 1999, som vert brukt som fritidseigedom. Huset vart renovert/ombygd i 2017.

Barn: a. Alexander Bøe f. 1987, bustad Oslo.


Fedje komm.svg Myrhaug (Fedje gnr 169 bnr 39) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nordberg (Fedje gnr 169 bnr 35) • Neste bolk: Fagerheim (Fedje gnr 169 bnr 41)