Nordberg (Fedje gnr 169 bnr 35)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordberg
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 35
Adresse: Mulevegen 100

Nordberg er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Birger Bårdsen f. 1899 Sulo (gnr 169 bnr 44-1g) d. 1951 g. 1922 m. Petra Sofia Rasmusd f. 1897 Sylta, Radøy d. 1937 (dotter av Rasmus Johan Pettersen f. 1865 og Kristi Olsd f. 1867, sjå Radøyb. I s 433). Skøyte 1936 for 300 kr på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 i 1933. Huset vart sett opp i 1937. Birger var fiskehandlar på Torget, og budde i Bergen etter krigen, gravlagd der.

Born: a. Reidar Kjeldulf Bårdsen f. 1923 d. 2004, sjømann (maskinist), g.m. Ruth Abrahamsen f. 1927 Lista, Farsund d. 2004, busette der. b. Målfrid Bårdsen f. 1926 d. 2011, g.1.g. 1949 m. Kjell Rolstad f. 1923 Bergen d. 1970 der, es. oppløyst, g.2.g. 1959 m. Leif Georg Haugland f. 1917 Oddernes i Kristiansand d. 1994, bustad Mandal. c. Bjarne Sigfred Bårdsen f. 1930 d. 1981, bustad Arna i Bergen og seinare Oslo, g. 1953 m. Randi Nordanger f. 1926 Ystebø, Radøy d. 1988 (jf Radøyb. V s 396, feil f.år), es. oppløyst.

Enkjemannen Birger Bårdsen g.2.g. 1949 m. Margit Lovise Hopland f. 1915 Bruvoll, Hundvin i Lindås d. 1978 (jf Lygrab. s 112), bustad Bergen. Ingen born. Ho fekk skøyte her i 1951. Huset vart lenge utleigt.

2. Alf Duesund f. 1926 d. 2007 g. 1949 m. Dortea Øen f. 1927 var leigebuarar her frå 1950 til 1955. Dei kjøpte så hus på Mulen gnr 169 bnr 79, sjå der.

3. Herborg Bårdsen f. 1930 Sulo (gnr 169 bnr 45-1e, sjå der) d. 2000 var g.2.g. 1957 m. Trygve Hansen f. 1924 Talvik, Alta d. 1980. Far til Herborg, Herman Bårdsen, fekk skøyte her i 1964. I 1967 fekk Herborg skøyte.

Born: a. Terje Hugo Hansen f. 1957, neste eigar (4). b. May Ellinor Hansen f. 1959, bustad Straume i Fjell, seinare Bergen. c. Kurt Eivind Hansen f. 1965, bustad Kolding i Danmark.

Herborg g.3.g. m. Anders Sigfred Knudsen f. 1916 Tromøya, Arendal d. 2003, busette der.

4. Terje Hugo Hansen f. 1957 (jf 3a), sjømann, seinare drosjeeigar, g. 1982 m. Ellbjørg Laihinen f. 1959 Bryne, TimeJæren, busette der. Han fekk skøyte i 2001. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. Trond Magnus Hansen f. 1983, bustad Lye i Time. b. Elisabeth Hansen f. 1985, bustad Bryne. c. Joar Hansen f. 1992, bustad  Lye. d. Robert Hansen f. 1992 (tvilling med c), bustad Lye.


Fedje komm.svg Nordberg (Fedje gnr 169 bnr 35) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Oppheim (Fedje gnr 169 bnr 34) • Neste bolk: Myrhaug (Fedje gnr 169 bnr 39)