Soltun (Fedje gnr 169 bnr 45)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Soltun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 45
Adresse: Mulevegen 92

Soltun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Herman Bårdsen f. 1896 Sulo (gnr 169 bnr 44-1f) d. 1972 g. 1921 m. Elisa Helena Olsd f. 1895 Hella, Radøy d. 1964 (jf Radøyb. II s 319, dotter av Ola Persen f. 1860 og Kristina Sofie Veline Olsd f. 1868). Elisa var søster til Marie Langeland, Mulen (gnr 169 bnr 16-2). Skøyte 1946 på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 same året. Samstundes skøyte på bnr 46 (sjøhustomt, sjå gnr 169 bnr 44) også frådelt gnr 169  bnr 1. Dei sette opp hus her, på «Rundemannen» som det vert kalla. Herman var fiskar.

Born: a. Borgvall Malvin Bårdsen f. 1922 d. 1992, ugift, fiskar, budde her. Han fekk i 1967 skøyte på utmarkstykke bnr 94 frådelt dette bruket. b. Olaf Kåre Bårdsen f. 1924 d. 1980 g. 1967 m. Gunda Hestenes f. 1927 (gnr 169 bnr 4-3f) d. 1996, budde i Hesthaugen (gnr 169 bnr 71-2). c. Edvin Andreas Bårdsen f. 1928 d. 1969, ugift, fiskar, budde her. Omkom i ulykke i naustet, fekk båten over seg. Han fekk skøyte 1960 på naustetomt bnr 83 frådelt gnr 169 bnr 66. I 1967 skøytte han ein tredel kvar til brørne Borgvall og Olaf. Edvin fekk i 1967 skøyte på halve bnr 46, i 1977 skøytt til broren Olaf, som eigde den andre halvparten frå 1967. d. Peder Jon Bårdsen f. 1928 (tvilling med c.), ugift, busett i Sverige. e. Herborg Ellinor Bårdsen f. 1930 d. 2000 var g.1.g. 1949 m. Peder Tresnes f. 1905 (gnr 171 bnr 1-2f) d. 1970, son ea. Harald Edmund Bårdsen f. 1949, neste eigar (2). Herborg g.2.g. 1957 m. Trygve Hansen f. 1924 Alta d. 1980, sjå Sulo gnr 169 bnr 35-3. f. Ragnar Magnus Bårdsen f. 1934 d. 2018, ugift, busett her. g. Bernhard Alvin Bårdsen f. 1936 d. 1988, ugift, budde i Bergen, gravlagd på Fedje.

Enkjemannen Herman Bårdsen g.2.g. 1967 m. Gurine Kristina Torsvik f. 1903 Holsnøy i Masfjorden d. 1994, enkje etter Jakob Torsvik f. 1892 d. 1965 (sjå Masfjordb. I s 124 og 370), ho vart gravlagd i Masfjorden.

2. Harald Bårdsen f. 1949 (sjå nr 1ea her), tolloverinspektør, g. 1972 m. Tove Ege f. 1947 Kristiansand, omsorgsarb., busette der. Harald vaks opp her, og fekk skøyte etter morfaren i 1973. I 1993 fekk han skøyte på bnr 83 (med naust) og bnr 94 frå onklane.

Born: a. Kristin Bårdsen f. 1974 g. 1998 m. Arild Aas f. 1975 Kristiansand, busette der. b. Cathrine Bårdsen f. 1977 g. 2000 m. Bjarne Bergum f. 1971 Kristiansand, busette der.

3. Knut Åstveit f. 1961 var samb.m. Anitha Mikkelsen f. 1962 Bergen, busette der i Åsane, fekk skøyte på bnr 45, 83 og 94 i 1996. Eigedomen vart brukt til ferieføremål. Ho flytta til Osterøy.

4. Martin Andre Monsen f. 1966, rørleggjarmeister, g. 1994 m. Irene Ingebrigtsen f. 1969 Askøy (jf Kongestølen gnr 169 bnr 9-4b), lærar, bustad Askøy, fekk skøyte i 2005, også på bnr 83 med naustet samt bnr 94. Det er ein fritidseigedom.

Born: a. Robin Ingebrigtsen Monsen f. 1987, psykologspesialist, bustad Bergen. b. Kristoffer Ingebrigtsen Monsen f. 1989, ingeniør, bustad Askøy (frå 1. es. 1986 m. Jan Erik Dahle f. 1965 Frekhaug i Meland, bustad Bergen). c. Ole Martin Ingebrigtsen Monsen f. 1993, dagleg leiar, bustad Askøy. d. Dorte Ingebrigtsen Monsen f. 2001, bustad Askøy.


Fedje komm.svg Soltun (Fedje gnr 169 bnr 45) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Brunes (Fedje gnr 169 bnr 44) • Neste bolk: Haugtun (Fedje gnr 169 bnr 49)