Haugtun (Fedje gnr 169 bnr 49)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugtun
S351.169.49.B34F5872.jpg
Hus i Sulo i 2022. Frå venstre bnr 49, bnr 202 (bakarst), bnr 41 (litt bak), bnr 165 og bnr 13 Fjæra ned mot sjøen.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 49
Adresse: Mulevegen 120

Haugtun er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Olai Karlsen f. 1921 Sulo (gnr 169 bnr 27-4c) d. 2002, var i den norske marinen under krigen, fiskar eter krigen, medeigar M/S «Føyna», seinare sjømann, ugift. Skøyte 1948 på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2, gnr 169 bnr 15, gnr 169 bnr 16 og gnr 169 bnr 17 (felles utmark) i 1946. Huset vart bygd i 1956. Skøyte 1995 på sjøhustomt bnr 141 frådelt gnr 169 bnr 15 i 1994. Faren, broren Gustav og søstera Hjørdis med dotter flytta òg hit frå Sulo gnr 169 bnr 27-4.

2. Endre Wiken f. 1951 (gnr 168 bnr 28-17c), telegrafist/nordsjøarbeidar, butikkinnehavar, g. 1971 m. Kari Kjellesvik f. 1950 Haugesund, bustad AvaldsnesKarmøy. Skøyte i 2006. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. Linda Wiken f. 1972 g. 2000 m. John Kristian Stenersen f. 1974 Haugesund, bustad Tysvær. Ekteskapet oppløyst. b. Johnny Wiken f. 1974 d. 2018 g. 2002 m. Åste Narmo f. 1975 Løten, bustad Hamar. Ekteskapet oppløyst. c. Bente Wiken f. 1976, bustad Tysvær, seinare Malmö, Sverige, g. 2016 m. Daniel Frounberg f. 1980. d. Rune Wiken f. 1980 samb.m. Anne Karen Tonning Taule f. 1980 Karmøy, bustad Oslo, flytta i 2016 til Hamar. e. Helene Wiken f. 1990 samb.m Tor Wingestad Flåm f. 1994 Bergen, bustad Bodø, seinare Bergen.


Fedje komm.svg Haugtun (Fedje gnr 169 bnr 49) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Soltun (Fedje gnr 169 bnr 45) • Neste bolk: Lyngbakken (Fedje gnr 169 bnr 50)