Mulen (Fedje gnr 169 bnr 16)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mulen
S387.169.16.IMGL7468.jpg
Mulen i 2021 med huset (øvst) og naustet til bnr 16, og det nye huset på bnr 79.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 16
Adresse: Mulevegen 172

Mulen er eit bruk, no brukt som fritidseigedom, i Fedje kommune.

1. Johan Langeland f. 1878 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 2-3d) d. 1941 g. 1902 m. Marie Nordfonn f. 1869 Fitjar d. 1955 (dotter av Jens Johannessen f. 1834 d. 1884 og Brita Kristoffersd f. 1845 d. 1925, sjå Fitjarb. I s 19). Marie var morsøster til Klara Kongestøl (gnr 169 bnr 9-2g) og farsøster til Malene Kongestøl (gnr 169 bnr 9-2e). Marie tok eksamen ved Bergen jordmorskule i 1897, og kom til Fedje som jordmor i 1899 etter at Fedje vart eige jordmordistrikt i 1898 (jf Grenda gnr 168 bnr 17-14a). Ho budde i Midt-Tangen i folketeljinga 1900. Johan var fiskar, reserveassistent på Holmengrå fyr (gnr 169 bnr 3-5) frå 1902 til 1903. Elles hadde dei kyr og sauer. Johan fekk ein firedel av jorda til Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 i 1919, med skyld 25 øre. Tinglyst skøyte i 1930 for 2000 kr. Huset vart sett opp i 1905, det vart flytta frå fastlandet, truleg Mongstad i Lindås, og hadde tidlegare vore bakeri.

Born: a. Jonas Malvin Langeland f. 1903 d. 1980, neste brukar (2). b. Bergliot Johanne Langeland f. 1905 d. 1988, jordmor, verka på Fedje etter mora frå 1929 til 1934, g. 1934 m. Hans Bendik Marius Sævik f. 1900 HerøySunnmøre d. 1983, fiskeskipper, busette der (sjå Herøyb. I s 300).

Flyfoto 1963. Frå venstre Mulen bnr 16 og bnr 79. Bak Skotholmen med bnr 8.

2. Jonas Langeland f. 1903 på dette bruket (la) d. 1980 g. 1932 m. Marie Olsd f. 1906 Hella, Radøy d. 1980 (jf Radøyb. II s 319). Ho var søster til Elisa Bårdsen, Sulo gnr 169 bnr 45-1, sjå meir der. Skøyte her i 1942. Dei bygde nytt hus i 1954, det gamle vart frådelt og selt i 1955, sjå gnr 169 bnr 79. Dei hadde 2-3 kyr til slutten av 1950-talet og om lag 20 sauer. Jonas var fiskar.

Born: a. Jørgen Magnus Langeland f. 1934 d. 2013, neste eigar (3). b. Svanhild Oline Langeland f. 1943 d. 2021, seinare eigar (4).

3. Jørgen Langeland f. 1934 på dette bruket (2a) d. 2013, ugift, fekk skøyte her i 1974. Han var styrmann, losbåtførar frå 1976.

4. Svanhild Langeland f. 1943 d. 2021, reinhaldar, g. 1962 m. Karsten Malvin Sundfjord f. 1941 Tysnes, industriarb., bustad Husnes, Kvinnherad. Ho fekk skøyte i 2013 på bnr 16, som vert nytta som fritidseigedom.

Born: a. Margareth Johanne Sundfjord f. 1962, helsefagarbeider, var g.m. Arve Sundal f. 1962, busette Sunde i Kvinnherad. Deira born Malin Sundal f. 1986, sjukepleier, samb.m. Bernt Thomsen f. 1989, bustad Valen i Kvinnherad, og Morten Sundal f. 1988, serviceingeniør, bustad Sunde. b. Oddmund Kristoffer Sundfjord f. 1963, sivilingeniør, bustad Sandvoll i Kvinnherad. c. Rune Jørgen Sundfjord f. 1967, byggteknikar, g.m. Mette Lammedal f. 1968 Strandebarm i Kvam, busette der, deira born Kjetil Lammedal f. 1995, byggingeniør, g. 2019 m. Karia Tveit f. 1995 Austevoll, bustad Bergen, Jørgen Lammedal f. 1997, maskinsjef, samb.m. Iselin Ugletveit f. 2000, bustad Strandebarm, og Øystein Lammedal f. 2001, brønnteknikar, bustad Strandebarm.  – Dei tre søskena a., b. og c. fekk skøyte i 2021.


Fedje komm.svg Mulen (Fedje gnr 169 bnr 16) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solberg (Fedje gnr 169 bnr 14) • Neste bolk: Strandberg (Fedje gnr 169 bnr 38)