Grenda (Fedje gnr 168 bnr 17)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grenda
S201.168.17.IMG 5579.OddvarGullaksen.jpeg
Kyrkja til venstre, deretter Uthaugen bnr 20, Muren bnr 18, skulehuset på Muren, Muren bnr 42 og Steinborg bnr 29 med bakeribygg (tak) og butikkbygg. Framme til venstre er Grenda med huset til Marie og Gullak (15), bak der løa og så huset til Stuberg bnr 19. Husavågen og Vestkanten ligg bakom. Bilde truleg frå rundt 1920.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 17
Adresse: Grenda 10

Grenda er eit av dei eldre gardsbruka i Fedje kommune.

1. Johannes er oppført på skattelistene frå 1620 til 1638. Han vart nemnd Muren, men som nemnt under innleiinga er det truleg fordi dette bruket vart utskilt frå Muren. I 1628 fekk han ½ rdl i bot fordi han ikkje møtte på tinget trass i at han var stemna. I 1637 vart han bøtelagd på nytt, denne gongen med 2 rdl for samleie før ekteskapet, så han har vore gift.

2. Amund «i Grinde» er nemnd i bøteregisteret til futen i 1640, då Rognald i Vika drog han i hår og skjegg. Dette er einaste gongen Amund er nemnd i kjeldene.

3. I koppskatten 1645 er Hans Olsen og kona Anna oppført, med 8 skilling kvar i skatt. Bruket vart då kalla «Muelen». Det er alt me hører om dei.

4. Anders vart stemna på vårtinget i Lindås i 1652 for manglande betaling av landvareavgift saman med to andre. Han forklarte at han gjerne ville betala det som rett var, og lensmannen Lars Husa (gnr 168 bnr 5-4) skulle avgjera storleiken på skatten, slik at ingen skulle lida urett. Anders er oppført i skattelistene frå 1658 til 1661, men så vert han òg borte. I 1658 vart han stemna for småtjuveri, og måtte svara 1 ort sølv fordi han ikkje møtte på tinget. Han var sagt å vera bortrømd, kanskje han vart oppført i skattelistene dei påfølgjande åra «av gammal vane».

5. Ola Mikkelsen f. 1614 og Kristian Mikkelsen f. 1626 er brukarar her frå rundt 1660. Ifølgje futerekneskapen for 1656-1657 betalte Kristian 2 rdl i førstebygsel for bruket. Farsnamnet tyder på at Ola og Kristian var brør. Ola er nemnd i skattelistene i 1662 og 1663, og Kristian i skattelistene frå 1664 til 1668. Begge er med i manntalet i 1666, med fullt namn og alder. Bruket vart då kalla «Øvre Muren», og det tyder igjen på at det var frådelt Muren. Dei hadde ein dreng på 16 år. Matrikkelen 1665 syner at ein kunne fø to naut, utsåd er ikkje nemnt. Ola hadde truleg sonen a. Mons Olsen f. 1663, neste brukar (6).

6. Mons Olsen f. 1663 (etter alder i 1701) på dette bruket (5a) har overteke ifølgje skattelistene 1691-1694 og manntalet 1701. Sistnemnte år hadde han tenaren Jon Olsen Syslok 20 år (frå Lindås, jf Lindåsb. IV s 41). Kona heitte Sissel, ho var fadder siste gong i 1723. Mons svarte skoskatt i 1711 for seg, kona, eitt barn over 15 år (Mari) og ein tenar Halvor Hansen. Mons fekk i 1721 tinglyst bygselbrev frå Dankert Dankertsen, plassen vart då kalla Muren, jf innleiinga her. Sjå òg Blåstokken 13. Mons var fadder fram til 1722. Han er siste gong nemnd i matrikkelen frå 1723, som gjev desse opplysningane om Grenda: Brukar Mons, landskyld ½ våg fisk som før. Dyretalet var på 2 kyr, som dels måtte fôrast med tang og tare. Dei sådde ingenting. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget.

Born: a. Nils – Nils i Grenda er nemnd fadder saman med Mons fleire gonger i tida 1701-1707, og kan vera sonen, seinare lagnad ukjend. b. Mari Monsd, nemnd fadder i 1714, truleg g. 1726 m. Jon Andersen Kopper d. 1758, budde der (gnr 168 bnr 1-11). c. Kristian Monsen f. 1703 d. 1756, neste brukar (7).

7. Kristian Monsen f. 1703 på dette bruket (6c) d. 1756 g.m. Kristi Eriksd f. 1707 på Austrheim d. 1746 (dotter av Erik Jakobsen f. 1680, jf Austrheimb. III s 62). Kristian fekk tinglyst bygselsetel i 1726 frå fru Gjertrud Dankertsen.

Born: a. Sissel Kristiansd f. 1727 d. 1799, neste brukar (8). b. Mari Kristiansd f. 1739 d. 1762 g. 1760 m. Klaus Bastiansen f. 1728 Kvalvågen, Austrheim d. 1788, budde der (sjå Austrheimb. II s 221). c. Kari Kristiansd f. 1740 d. før 1746.

Det var skifte etter Kristi i 1746. Ho vart då nemnd Eriksd. I eit skifte 1790 etter Jakob Magnesen Opphaugen (gnr 168 bnr 13-13) vart ho kalla Johannesd, men det er feil. Ved begge høva var det Sissel og Mari som arva henne, og Kari må derfor vera død som lita. I 1746 fekk dei kvar vel 24 rdl i arv, så familien stod seg bra økonomisk. Dette kjem endå betre fram i skiftet etter Kristian i 1756, der innbuet er spesifisert. Eiga kom opp i vel 86 rdl, og etter at gjeld til jordeigaren fru Gjertrud Dankertsen med vel 9 rdl og skiftekostnader på 6 rdl var trekte frå, var det 70 rdl igjen til dei to døtrene. Det var reie pengar for 25 rdl og sølvvarer for 22 rdl, m.a. eit forgylt sølvbelte til 11 rdl, ein forgylt agnusdei, eit sølvstaup, to sølvskeier og to sølvringar. Det var ein koparkjele til 9 rdl, eit tinnfat og eit tinnkrus. Elles var det fleire gryter, bakstehelle, ljåar, skjerding, ei seng med fjør, eit åkle, øltønne, korntønner, mjølkekoller, bøtte og kister. Dei hadde ei ku kalla Brunkoll, og to vêrar. Av sjøreiskapar var det eit storsildegarn, eit vårsildegarn, linetau og eit snøre med stein. Uvanleg nok (det var til vanleg jordeigaren som òg eigde husa) var bygningane på bruket tekne med i eiga: ei tømmerstove, to florar (fjøs), to lader, eit naust, ein fiskeskjå og ei løe, til saman verdsett til 14 rdl.

8. Sissel Kristiansd f. 1727 på dette bruket (7a) d. 1799 g.1.g. 1747 m. Rasmus Mathiassen f. 1722 Uthaugen (gnr 168 bnr 14-6e) d. 1774. Brukarar her frå dei vart gifte. Rasmus fekk tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen i 1747 på 21 merker fisk i Blåstokken, som tilsvarer halvdelen av det bruket. Denne delen vart lagt til Grenda, sjå nr 10 nedanfor. I 1760 fekk Rasmus tinglyst bygselsetel på Grenda frå fru Gjertrud Dankertsen. Han var los.

Born: a. Kristi Rasmusd f. 1748 d. 22 veker gl. b. Brita Rasmusd f. 1749 d. 1750, 20 veker gl. c. Sissel Rasmusd f. 1751 d. 1829 g. 1778 m. Knut Monsen f. 1754 Berge (gnr 168 bnr 21-4b) d. 1835, brukarar på Kopper (gnr 168 bnr 4-2). d. Mathias Rasmussen f. 1754 d. 1825, neste brukar (9). e. Kristian Rasmussen f. 1756 d. 7 veker gl. f. Kristi Rasmusd f. 1758 d. 1799, seinare brukar (10). g. Brita Rasmusd f. 1761 d. 1808 g. 1787 m. Steffen Olsen f. 1753 Nordre Njøta, Austrheim d. 1816, brukarar på Moldøyna (gnr 170 bnr 2-11). h. Ingeborg Rasmusd f. 1768 d. 20 veker gl. i. dødfødt barn f. 1773.

Ved skiftet etter Rasmus i 1775 var det nesten 50 rdl i arv til borna. Enkja Sissel Kristiansd g.2.g. 1776 m. enkjemannen Ola Ivarsen Moldøyna (gnr 170 bnr 2-10) d. 1786, budde der.

9. Mathias Rasmussen f. 1754 på dette bruket (8d) d. 1825 g.1.g. 1776 m. Marta Karstensd f. 1744 Krossøyna, Austrheim d. 1792 (dotter av Karsten Bastiansen f. 1720 d. 1780 (bror til Klaus Bastiansen, sjå 7b ovanfor) og Ingeborg Olsd, jf Gulenb. III s 186 og Austrheimb. III s 582). Brukarar på Grenda frå 1776 til 1778, då dei flytta til Krossøyna. Her vart Mathias g.2.g. 1794 m. Magdeli Sakariasd f. 1749 Nordre Njøta, Austrheim d. 1822.

Borna til Mathias og Marta: a. Kristiana Mathiasd f. 1776 d. 1852 g. 1808 m. Bård Jonsen f. 1784 Husa (gnr 168 bnr 10-1c) d. 1857, busette i Sævrøyna, Austrheim (sjå Austrheimb. III s 691). b. Ingeborg Mathiasd f. 1778 d. 1825 g. 1796 m. Thomas Gregoriussen f. 1769 Krossøyna d. 1827 (mor til Thomas var Gjertrud Mikkelsd Husa gnr 168 bnr 5-8a), budde i Krossøyna, hadde m.a. dottera ba. Gjertrud Thomasd f. 1805 d. 1859 g. 1834 m. Fredrik Vilhelm Klementsen f. 1808 d. 1885, sjå Moldøyna gnr 170 bnr 5-14d. c. Anna Marie Mathiasd f. 1781 d. 1815 g. 1801 m. Rasmus Jonsen f. 1779 Husa (gnr 168 bnr 10-1a) d. 1818, brukarar der (gnr 168 bnr 9-3). d. Karsten Mathiassen f. 1785 d. 1827 g. 1809 m. Gjertrud Gregoriusd f. 1789 Krossøyna d. 1830, budde der, dei hadde m.a. borna da. Gregorius Karstensen f. 1812 d. 1880, brukar på Husa (gnr 168 bnr 6-2), og db. Brita Karstensd f. 1816 d. 1849 hjå broren Gregorius. e. Rasmus Mathiassen f. 1789 d. 1807.

10. Kristi Rasmusd f. 1758 på dette bruket (8f) d. 1799 g. 1778 m. Per Jonsen f. 1751 Brotet (gnr 168 bnr 16-7d) d. 1817. Bygselbrev 1777 frå Dankert Dankertsen Heiberg på Grenda og Blåstokken, sjå nr 17 der. Halvparten av Blåstokken vart slått saman med Grenda, og fekk felles matrikkelnr frå 1838. Per var los. I folketeljinga 1801 budde han på Grenda som enkjemann med borna Gudmund og Brita. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 går det fram at garden hadde eit utsåd på ¼ tn korn med same avling og mange år ingenting. Ein kunne fø to storfe på Grenda og tre på denne halvparten av Blåstokken. Verdien av bruka vart sett til 75 og 45 rdl.

Born: a. Johanna Persd f. 1780 d. 1845 g. 1811 m. Gudmund Monsen f. 1782 Husa (gnr 168 bnr 5-10c) d. 1865, brukarar der (gnr 168 bnr 6-1). b. Mari Persd f. og d. 1783. c. Gudmund Persen f. 1786 d. 1849, seinare brukar (12). d. Brita Persd f. 1789 d. 1849 av kolera, ugift. e. Kristian Persen f. 1793 d. før 1802. f. Rasmus Persen f. 1794 d. 1847, oppfostra etter moras død på Kvalvåg i Lygra, Lindås hjå Lars Monsen og Kari Eriksd (jf Lygrab. s 188), g. 1831 m. Eli Halvorsd f. 1804 Hopland, Austrheim d. 1884, budde der, seinare husfolk på Kvalvåg i Lindås (sjå Austrheimb. II s 567, og Lygrab. s 200). g. Sissel Persd f. 1798 d. 1800.

Skiftet i 1802 etter Kristi syner at arvingane var enkjemannen Per og borna Gudmund, Rasmus, Johanna og Brita, så Kristian må vera død. Det var lausøyre for 25 rdl i buet. Men det kom i stort underskot pga eit krav på vel 104 rdl frå jordeigaren stadshauptmann Kristoffer Kahrs. Dei hadde m.a. tre kyr, to sauer, ein gammal færingsbåt med segl, ein stor gammal båt, eit småsildegarn, ein linevad, ⅙-part i ei kastenot, ein koparkjele, to gryter, ein skjerding, tre ljåar, ei handsag, eit skap, ei eikøltønne, to ølambrar, to furutønner, fire kister, ei smørkinne, åtte mjølkekoller og tre ambrar.

11. Enkjemannen Per Jonsen (10) g.2.g. 1803 m. Kristiana Nilsd f. 1778 Børo (gnr 168 bnr 24-13g) d. 1811.

Born: a. Kristian Persen f. 1804 d. ¼ år gl. b. Hans Persen f. 1807 d. 1825.

Skiftet i 1811 etter Kristiana syner at den økonomiske stoda hadde betra seg monaleg sidan 1802. Formuen var på vel 156 rdl, gjelda til fru Katarina Kahrs vel 35 rdl, og skiftekostnadene på 12 rdl, slik at det vart 108 rdl på arvingane, enkjemannen Per og sonen Hans. Dette var ei tid med stor inflasjon, så tala er noko «oppblåste», men i alle fall var buet i solid pluss. Dei eigde m.a. to kyr, to vårsildegarn, ein linevad med anglar og tilhørsle, eit tau med anglar, to gryter, to sildetønner, eit ølanker, ei eikøltønne, ein navar og ei bøtte.

12. Gudmund Persen f. 1786 på dette bruket (10c) d. 1849 (kolera) g. 1813 m. Johanna Kristensd f. 1784 Leikvoll, Austrheim d. 1862 (sjå Austrheimb. I s 656, dotter av Kristen Nilsen f. 1756 d. 1835 og Brita Knutsd f. 1750 d. 1814). Bygsel frå Kristoffer Kahrs i 1813. Matrikkelen 1838 syner at ny skyld for Grenda med halvdelen av Blåstokken var 2 ort 5 skilling. I 1835 hadde dei to storfe og tre sauer, og sådde ¼ tn både av havre og potet. I 1845 hadde dei berre eitt storfe, medan sauetalet var auka til seks. Utsådet var minka til ⅕ tn havre og ⅛ tn potet.

Born: a. dødfødd son f. 1815. b. Brita Gudmundsd f. 1816 d. 11 veker gl. c. Per Gudmundsen f. 1817 d. 1896, neste brukar (13). d. Kristi Gudmundsd f. 1820 d. 1891, ugift, ho var tenestejente m.a. på Tveiterås (Bruvoll) i Lygra, Lindås og Rebnor i Austrheim, der ho døydde (jf Austrheimb. III s 393). e. Anna Gudmundsd f. 1823 d. 1891 g. 1849 m. Sivert Johan‑Kristiansen, Austrheim f. 1827 d. 1912, sjå Stuberg husmenn 4.

13. Per Gudmundsen f. 1817 på dette bruket (12c) d. 1896 g. 1844 m. Kari Gunnarsd f. 1824 Fonnes, Austrheim d. 1878 (sjå Austrheimb. I s 253, dotter av Gunnar Ivarsen f. 1765 d. 1852 og Mari Olsd f. 1787, som var søster til Kari Nord-Tangen gnr 168 bnr 25-16). Bygsel 1847 frå Kristoffer og Arnold Kahrs. Per hadde garden til han døydde. I 1855 hadde han og Kari 3 storfe og 1 sau, i 1865 4 storfe og 1 sau, og i 1875 berre 1 ku. Dei sådde i 1855 ⅛ tn både med havre og potet, i 1865 ½ tn av begge delane, og i 1875 ⅔ tn havre og ⅜ tn potet. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 1½ kyrlag og utsådet ⅓ tn havre og ¼ tn potet. Avlinga var på ⅞ tn havre, 1 tn potet og 96 våger høy. Det var 0,6 mål dyrka åker og eng, og 7 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var middels lettdriven og godt dyrka. Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 40 øre.

Born: a. Brita Persd f. 1844 d. 1916 g. 1892 m. em. Sivert Johan‑Kristiansen, Austrheim f. 1827 d. 1912, sjå Stuberg husmenn 4. b. Marie Persd f. 1847 d. 1935, sjå nr 15. c. Gudmund Persen f. 1850 d. 1918, sjå nr 14. d. Hansina Persd f. 1853 d. 1941 g. 1881 m. Nils Mathiassen f. 1854 Store Kvernøy, Gulen d. 1914, budde i Sulo (gnr 169 bnr 56-1). e. Ragnhild Pedersen f. 1859 d. 1944, ugift, flytta til Bergen 1904, budde seinare i Fana og døydde der. f. Johanna Persd f. 1862 d. 1864. g. Karl Pedersen f. 1865 d. 1943 g. 1891 Askøy m. Anna Serina Sivertsd f. 1862 Strusshamn, Askøy d. 1938, budde i Bergen og sidan på Nesttun, Fana i Bergen, han var fiskeseljar på Torget.

14. Gudmund Persen f. 1850 på dette bruket (13c) d. 1918 g.1.g. 1874 m. Ingeborg Mathiasd f. 1847 Store Kvernøy, Gulen d. 1893. Ingeborg var søster til Ludvik Husa (gnr 168 bnr 9-9) og Nils i Sulo (gnr 169 bnr 56-1), sjå der. Gudmund og Ingeborg budde på Grenda som innerstar, dvs. hjå nr 13. I praksis må dei ha stått for drifta av bruket når kona til Per fall frå, og han vart gammal. Fisket var hovudnæringa.

Born: a. Peder Johan Gudmundsen f. 1875 d. 1959 g.1.g. 1894 m. Sigrid Martinusd f. 1857 på Austrheim d. 1918, ho var jordmor i Austrheim og Fedje jordmordistrikt frå 1883, og heldt fram i Austrheim då Fedje fekk eiga jordmor i 1899 (sjå Mulen gnr 169 bnr 16-1). Peder g.2.g. 1919 m. Aletta Marie Larsd f. 1872 Litlelindås, Austrheim d. 1934, g.3.g. 1935 m. Karen Lovisa Monsd f. 1874 Toftegård, Austrheim d. 1957, es. oppløyst, g.4.g. 1946 m. Malena Monsd Toftegård f. 1881 d. 1968 (søster til Lovisa). Peder var landhandlar på Nesheim i Austrheim (jf Austrheimb. III s 135). b. Ludvik Gudmundsen f. 1877 d. 1879. c. Lovisa Marie Gudmundsd f. 1882 d. 1960 g. 1909 Fana m. Andreas Nikolai Øysteinsen Grimen f. 1881 Fana i Bergen d. 1930, budde der (sjå Fanab. IV s 34). d. Katrina Gudmundsd f. 1886 d. 2 veker gl. e. Katrina Gudmundsd f. 1889 d. 1890, 6 veker gl.

Enkjemannen Gudmund Persen vart g.2.g. 1893 m. Lisbet Henriksd f. 1853 Byrknes, Gulen, dei budde på Moldøyna (husmenn 6).

Gullak og Marie Grenden (15).
Frå venstre: Gullak (15) med ein stein i handa, Solveig (g.m. 16d) med sonen Bjarne, Gerd Hansen (16ac), om lag 1935.

15. Marie Persd f. 1847 på dette bruket (13b) d. 1935 g. 1873 m. Gullak Sivertsen f. 1848 Sætre, Austrheim (sjå Stuberg husmenn 4a) d. 1942. Mari (som ho vart kalla) og Gullak kom hit i 1893. Tidlegare budde dei i Austrheim, først på Krossøyna og så på Rebnor (sjå Austrheimb. III s 413 og 623), samt ei kort stund på Børo rundt 1875. Dei budde i ei stove her på Grenda som dei eigde sjølve, flytta hit frå Rebnor. Den vart riven omkring 1950 (sjå gnr 168 bnr 143). Ved sida av fiske dreiv Gullak med fiskehandel (m.a. på Torget) og trankokeri. Han tok etternamnet Grenden.

Born: a. Johan Gullaksen f. 1871 d. 1966, neste brukar (16). b. Karen Gullaksen f. 1874 d. 1945, ugift, sydame, gardinfabrikkarb., budde i Bergen. c. Gabriel Gullaksen f. 1876 d. 1877. d. Gabriel Gullaksen f. 1879 d. 1935 g. 1901 m. Karolina Hansd f. 1880 Muren (gnr 168 bnr 15-15a) d. 1966, budde der (gnr 168 bnr 82). e. Bertha Gullaksd f. 1881 d. 1951, hadde med Elias Nilsen f. 1878 Tveiten, Myking i Lindås d. 1971 (sjå Mykingb. s 741 og Masfjordb. I s 338) sonen ea. Malvin Bernhard Eliassen Tetlie f. 1903 Bergen d. 1982 g. 1933 Fana m. Solveig Berge f. 1907 Bergen d. 1991, budde der. Bertha g. 1905 Voss m. John Antonsen Tetlie f. 1879 Overhalla, Nord-Trøndelag d. 1950 (jf Overhallab. I s 420), budde på Nesttun i Bergen, han var steinarbeidar. f. Severina Petrina Gullaksd f. 1884 d. 1898. g. Martin Gullaksen f. 1886 d. 1901. h. Gerhard Andreas Gullaksen f. 1890 d. 1967, bakar, g. 1913 m. Marta Bertea Nilsen f. 1885 Øvsttun, Fana i Bergen d. 1958, budde der på Nesttun. i. Ingeborg Gullaksd f. 1894 d. 1982 g. 1919 m. Emil Svendsson f. 1896 Kristianstads len, Sverige d. 1991, byggentreprenør, dei budde på Minde i Bergen og hadde m.a. dottera ia. Solveig Svendsson f. 1920 d. 2013 g. 1950 m. Sigurd Sulen f. 1914 Kongestølen (gnr 169 bnr 8-1d) d. 1972, bustad Bergen.

16. Johan Gullaksen f. 1871 på dette bruket (15a) d. 1966 g. 1896 m. Monsina Monsd f. 1870 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-8b) d. 1951. Brukarar her frå dei vart gifte. Skøyte 1900 frå Fedje Torvkompagni for 850 kr, først skrive i namnet til dottera Gudrun. Ho skøytte bruket til faren i 1931. Namnet på bruket vart samstundes endra til Soleng. Gnr 168 bnr 31 Grenda (sjå Kopper gnr 168 bnr 294) og gnr 168 bnr 32 Grendaberget vart utskilde frå dette bruket i 1898 og 1900, slik at skylda vart redusert til 0 mark 19 øre, om lag ei halvering frå tidlegare. Johan var matros i langfart på engelske seglskuter, medan Monsina tok seg av gards- og dyrestellet. Ho hadde 2 kyr og 4-5 sauer. Dei sette opp det noverande huset i 1924, det gamle som stod på den andre sida av vegen, vart samstundes rive. I samband med utskiftinga i 1896 vart dette huset flytta hit. Det stod tidlegare på området til det noverande Muren, på Grendaberget om lag der som gnr 168 bnr 42 er no (jf innleiinga om bruk av namna «Mulen» og «Øvre Muren»). Plassen her vert kalla «Veien», etter ein sti av steinheller som Johan laga opp til huset.

Born: a. Gudrun Mathilde Johansd f. 1897 d. 1980 g. 1919 m. Trygve Marius Hansen f. 1893 Horten d. 1972, maskinist, dei budde nokre år på Grenda før dei flytta til Horten, born: aa. Signy Jenny Hansen f. 1919 d. 2007, vaks opp her hjå morforeldra, g. 1940 m. Bjarne Jacobsen f. 1920 Bergen d. 1999, drosjeeigar, busette der, sjå òg Husa gnr 168 bnr 83-2. ab. Alf Arvid Hansen f. 1920 d. 1923. ac. Gerd Turit Hansen f. 1922 d. 2009 g.m. Ole Odmar Andersen f. 1919 d. 2015, busette i Horten. ad. Alfhild Hansen f. 1925 d. 2016 g. 1947 m. Harald Koppen f. 1926 (gnr 168 bnr 1-26h) d. 2010, bygde der (gnr 168 bnr 112-1). b. Monrad Oskar Gullaksen f. 1899 d. 1988, neste eigar (17). c. Godfred Sigurd Gullaksen f. 1901 d. 1980 g. 1925 m. Petra Koppen f. 1904 (gnr 168 bnr 4-5c) d. 1995, bygde på Kopper (gnr 168 bnr 58-1). d. Bernhard Martin Gullaksen f. 1902 d. 1946 g. 1929 m. Dagny Solveig Olaisd Fosse f. 1902 Alversund i Lindås d. 1988 (jf Alversundb. II s 446), budde i Bergen der han arb. på bensinstasjon. Ho var søster til Anna Mongstad (Kremmarholmen gnr 169 bnr 6-3). e. Johan Sigvald Gullaksen f. 1908 d. 1989 g. 1944 m. Astrid Storebø f. 1911 Hummelsund i Sund d. 1979 (jf Sundb. II s 378), jordmor, busette i Laksevåg i Bergen. f. Gerhard Gullaksen f. 1911 d. 1997, fiskehandlar på Torget, g. 1936 m. Thora Henny Saksvik f. 1915 d. 2002, frå Laksevåg i Bergen, busette der.

17. Monrad Gullaksen f. 1899 på dette bruket (16b) d. 1988 g. 1923 m. Bertha Koppen f. 1901 (gnr 168 bnr 4-5a) d. 1977. Skøyte 1953 for 6000 kr. Monrad var fiskar og fiskehandlar, førte fisk til Bergen med M/K «Onkel» og «Feie» før krigen. Medeigar nye M/S «Feie» frå 1952.

Born: a. Bergliot Marie Gullaksen f. 1924 d. 2013 g. 1951 m. Einar Villanger f. 1927 Radøy d. 2001, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 158). b. Trygve Daniel Gullaksen f. 1928 g. 1955 m. Gunvor Brügger f. 1935 Austrheim d. 2008, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 143). c. Solveig Jenny Gullaksen f. 1932 d. 2022 g. 1950 m. Magnus Storemark f. 1919 Husa (gnr 168 bnr 10-8b) d. 2012, busette der (gnr 168 bnr 126). d. Alf Laurits Gullaksen f. 1939, neste eigar (18).

18. Alf Gullaksen f. 1939 på dette bruket (17d), fiskar, så maskinoperatør, g. 1967 m. Marith Stausland f. 1941 Stavanger, lærar. Skøyte her i 1978.

Born: a. Elisabeth Gullaksen f. 1968, bustad Eide (gnr 168 bnr 15-21). b. Bente Stausland Gullaksen f. 1972 g. 1998 m. Kjell Skartveit f. 1967 Stavanger, busette der, begge lektorar.


Fedje komm.svg Grenda (Fedje gnr 168 bnr 17) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Grenda (Fedje) • Neste bolk: Nyvang (Fedje gnr 168 bnr 143)