Solberg (Fedje gnr 168 bnr 42)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solberg
S219.168.42.Muren.JPG
Muren i 2017 med bnr 103 til venstre og bnr 42 til høgre med naust bortom. Vestkanten og trafikksentralen i bakgrunnen.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 42
Adresse: Muren 4 og 6

Solberg er ein bustadeigedom i Fedje kommune. I 2022 er det kafedrift i huset.

Pernille, Hertelius og Håkon Hansen, Muren (bnr 42-1).

1. Hertelius Hansen f. 1890 Muren (gnr 168 bnr 18-15e) d. 1978 g. 1915 m. Pernille Andrea Petersd f. 1887 Haugland, Radøy d. 1976 (jf Radøyb. I s 716, dotter av Peter Johan Persen f. 1855 og Anna Gunnarsd f. 1855, som var søster til Marie Moldøyna gnr 170 bnr 2-16, og brordotter til Ola Stormark gnr 172 bnr 12-1, sjå meir der). Denne tomta vart frådelt gnr 168 bnr 18 i 1924, skøyte til Hertelius same året for 100 kr. Det vart sett opp hus her, med daglegvareforretning i underetasjen. Tidlegare budde dei hjå foreldra hans på Muren. Hertelius var òg fiskar, Pernille styrte for det meste butikken. I 1931 fekk dei eit tilleggsareal frådelt gnr 168 bnr 18, bnr 68 Fjærstrand, skøyte tinglyst 1936.

Born: a. Håkon Andreas Hansen f. 1916 d. 1920 (drukning). b. Edny Amanda Hansen f. 1921 d. 1937. c. Hilda Hansen f. 1922 d. 2006 g. 1947 m. Rolf Bruland f. 1916 Førde d. 1989, bygde på Muren gnr 168 bnr 103. d. Anna Petra Hansen f. 1923 d. 1990, neste eigar (2).

2. Anna Hansen f. 1923 på dette bruket (1d) d. 1990 g. 1950 m. Ragnar Konrad Bergsvik f. 1923 Austrheim d. 1996 fekk skøyte her i 1955. Same året fekk dei frådelt eit tilleggsareal frå gnr 168 bnr 18, nytt bnr 139. Dei overtok forretningen og dreiv den vidare. I 1986 selde dei eigedomen, og flytta til Austrheim, der dei bygde hus i lag med dottera Mai Gunn (sjå Austrheimb. III s 210 og 263).

Born: a. Per Harald Bergsvik f. 1951 g.m. Åse Paulsen f. 1950 Bømlo (jf Bømlob. III s 156), bustad Fjell, seinare Bergen. b. Henny Iren Bergsvik f. 1958 g.m. Willy Torsvik f. 1961 Bergen, busette der i Åsane. c. Mai Gunn Bergsvik f. 1961 g. 1982 m. Johnny Hope f. 1955 Lindås d. 2007 (jf Lindåsb. IV s 499), bustad Bergsvika i Austrheim, seinare Frekhaug i Meland, no Alver kommune.

3. Oddvar og Paul Gullaksen (f. Kopper gnr 168 bnr 141) fekk skøyte på bnr 42, 68 og 139 i 1986, som omfattar bustadhus, naust og kai. Husværet har vore leigt ut til forskjellige, medan gåve- og klesbutikken Snellene har leigt lokala i underetasjen. Turistkontoret har òg halde til her i sommarsesongen. Oddvar og Paul eig framleis bnr 68 (inkludert bnr 139) med naustet og kaien.

4. Pål-Christian Lundekvam Nesfossen f. 1971 Bergen fekk skøyte på bnr 42 (huset) og flytta hit på byrjinga av 2000-talet. Seinare bustad Erdal på Askøy. Sjå òg Uthaugen gnr 168 bnr 67-6.

5. Torger Norvald Ågotnes f. 1933 Fjell d. 2017 g. 1968 m. Gerd Alvhild Jondahl f. 1937 Tyssedal i Odda d. 2008, bustad Ågotnes (jf Fjellb. III s 481). Han fekk skøyte på bnr 42 i 2008 og budde her til han døydde.

Born: a. Karsten Albert Ågotnes f. 1968, bustad Klokkarvik i Sund, Øygarden kommune (jf Sundb. I s 343). b. Trond Ågotnes f. 1971, neste eigar (6).

6. Trond Ågotnes f. 1971 Fjell (jf 5b) g.m. Lene Hatlem f. 1972 Husa (gnr 168 bnr 229-1b) d. 2013, bustad Moldøyna (gnr 170 bnr 31-4). Skøyte i 2010. Lene starta Pernillekafeen her i underetasjen.

7. Søsterselskapet AS, sjå Kopper (gnr 168 bnr 231-4), fekk skøyte på bnr 42 i 2021. Kafeen vart renovert i 2022, og vert driven av Fedje Island, som òg skal drifta serveringsstadene, overnatting, aktivitetar og events for Feddie Ocean Distillery og Søsterselskapet.


Fedje komm.svg Solberg (Fedje gnr 168 bnr 42) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Steinborg (Fedje gnr 168 bnr 36) • Neste bolk: Tuften (Fedje gnr 168 bnr 47)