Høgtun (Fedje gnr 168 bnr 141)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Høgtun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 141
Adresse: Stormarkvegen 15

Høgtun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Otto Gullaksen f. 1926 Kopper (gnr 168 bnr 58-1a) d. 2012 g. 1949 m. Margot Olsen f. 1928 Husa (gnr 168 bnr 63-2c) d. 2021 fekk skøyte 1955 på tomt frådelt gnr 168 bnr 99 same året (sjå gnr 168 bnr 58). Huset vart bygd i 1956. Otto var fiskeskipper og kvalfangar, medeigar i båtane «Sversling» i 1949, seinare «Viktoria» og to stk «Gullaks», frå 1986 fiskeoppdrettar med AS Gullaks. Margot arb. 20 år på Bjelland.

Born: a. Oddvar Magnus Gullaksen f. 1950 g. 1977 m. Gunn Sulen f. 1950 Husa (gnr 168 bnr 172-1b), busette der (gnr 168 bnr 298). b. Paul Gunnar Gullaksen f. 1955 g. 1976 m. Solrunn Steffensen f. 1954 Askøy, bustad Husøyna (gnr 168 bnr 293). c. Evelyn Gullaksen f. 1958 d. 2018, kontorsekretær, g. 1986 m. Geir Magne Haugland f. 1958 Bergen, adjunkt, busette der. d. Morten Ove Gullaksen f. 1966 g. 1991 m. Monika Haukeland f. 1970 Masfjorden, sjå Husøyna gnr 168 bnr 251-2 og Stormark gnr 172 bnr 38-4.

2. Mette Husa f. 1990 (gnr 168 bnr 341-1d), barne- og ungdomsarbeidar, samb. 2012 m. Peder Søfteland Bøstrand f. 1989 Selje (sjå Sulo gnr 169 bnr 145-2b), baseoperatør. Skøyte i 2022. Dei leigde tidlegare hus på Fedje.

Born: a. Mats Husa Sjo f. 2007 d. same dagen han vart fødd. b. Malvin Husa Sjo f. 2008 (deira far tidl. samb. Kåre-Vidar Tysse Sjo f. 1989 Sæbøvik i Kvinnherad, flytta tilbake dit). c. Dag Rune Torvanger Bøstrand f. 2010 (mor tidl. samb. Eli Torvanger f. 1990 Eikefjord i Kinn, busett der). d. Tino Emilian Husa f. 2013. e. Emilio Ingebjørn Husa f. 2015. f. Levin Mikal Husa f. 2018. g. Nelia Noelle Husa f. 2021


Fedje komm.svg Høgtun (Fedje gnr 168 bnr 141) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Sollund (Fedje gnr 168 bnr 129/130) • Neste bolk: Frydenlund (Fedje gnr 168 bnr 146)