Hagatun (Fedje gnr 168 bnr 251)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hagatun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 251
Adresse: Flundrevågsvegen 27

Hagatun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Olaf Holm f. 1951 Ålesund d. 2003 g. 1975 m. Wenche Larsen f. 1952 Ålesund, budde først der. Skøyte 1982 på tomt frådelt Stuberg gnr 168 bnr 19 i 1975, då kjøpt av Einar Simonnes, sjå Eide gnr 168 bnr 65-1b. Huset vart òg bygd i 1982. Olaf var disponent i Fedje Fryseri AS frå 1979, seinare i Holmfisk AS (jf Kremmarholmen gnr 169 bnr 6-6). Familien flytta til Ålesund i 1987.

Born: a. Hilde Holm f. 1977, bustad Bergen. b. Anne Holm f. 1980, bustad Ålesund. c. Elisabeth Holm f. 1982, bustad Valderøya i Giske.

2. Morten Gullaksen f. 1966 Kopper (gnr 168 bnr 141-1d) g. 1991 m. Monika Haukeland f. 1970 Masfjorden (jf Masfjordb. I s 387 og 392) fekk skøyte her i 1987. Morten er fiskeoppdrettar, medeigar AS Gullaks 1986-1996. I 1993 selde dei huset, og flytta til Duesund i Masfjorden. Sjå òg Stormark gnr 172 bnr 38-4.

Born: a. Ida Marie Gullaksen f. 1989, lærar, samb.m. Roy Andre Erstad Storheim f. 1986 Radøy (jf Radøyb. IV s 567), busette der, no i Alver kommune. b. Halvard Werner Gullaksen f. 1993, bustad Duesund. c. Ingebrigt Olai Gullaksen f. 1996, bustad Bergen.

3. Åge Storemark f. 1963 Husa (gnr 168 bnr 126-1d), prosessteknikar, g. 1988 m. Monica Nordby f. 1968 Stormark (gnr 172 bnr 117-1d), fiskeindustriarb., barnehageassistent. Skøyte her i 1993.

Born: a. Ine-Beate Storemark f. 1986, bustad Husøyna (gnr 168 bnr 208-4). b. Heidi Storemark f. 1990 samb. 2011 m. Viljar Grøtte Stikholmen f. 1990 Bergen (sjå Tangane gnr 168 bnr 401-2b), begge butikkmedarbeidarar, bustad Bergen. c. Charlotte Storemark f. 1999, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Hagatun (Fedje gnr 168 bnr 251) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Lunheim (Fedje gnr 168 bnr 250) • Neste bolk: Vårheim (Fedje gnr 168 bnr 259)