Havnberg (Fedje gnr 169 bnr 6)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Havnberg
S333.169.6.CD 04 006.jpg
Flyfoto 1963. I midten frå venstre Kremmarholmen bnr 62, bnr 47 (Bjelland), bnr 6 (Holmen). Framme frå venstre Uthaugen bnr 66, Eide, Grendaberget (bak), Muren og Steinborg med fryseriet. I bakgrunnen Mulen.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 6
Adresse: Kremmarholmen 49
Kremmarholmen i 2016 med frå venstre bygga til Buksér og Berging, Bjelland (Fab. Nr 8) og Holmen, med havstovene og handelsstaden Kræmmerholmen bakom. Fryseriet heilt fremst til venstre, og bakarst Vestkanten med Mulen til høgre.
Foto: Arne Wiken

Havnberg er ein næringseigedom i Fedje kommune.

1. Ditlef Olsen Mongstad f. 1865 Lindås d. 1933 g. 1885 m. Anna Helgesd f. 1864 Leirvågen, Austrheim d. 1918 (jf Austrheimb. I s 41). Ditlef fekk skøyte i 1904 for 200 kr på tomt frådelt gnr 169 bnr 2 året før. Han sette opp eit bygg her i 1905, og starta med landhandel. Han og familien budde på Mongstad der dei òg dreiv handel (sjå Lindåsb. IV s 529), så forretninga her vart driven av ein handelsbetjent, sjå nr 2.

Barn som vedkjem Fedje: a. Olaf Ditlefsen Mongstad f. 1892 Lindås d. 1957, neste eigar (3).

2. Peder Martinus Berntsen Kalgraff f. 1885 Solund i Sogn (jf Solundb. I s 219) d. 1976 g. 1908 m. Anna Josefine Karlsd Kjempenes f. 1880 Askvoll i Sunnfjord d. 1954 (sjå Askvollb. IIB s 772). Peder var handelsbetjent her frå 1905 til 1911, då familien flytta til Bergen, der han var kjøpmann, og ho jordmor.

Born: a. Berner Kristoffer Kalgraff f. 1909 d. 2002 g. 1938 m. Ellis Kubon f. 1912 Bergen d. 2001, busette der. b. Bergliot Margit Kalgraff f. 1912 d. 2011 g. 1943 m. Per Kubon f. 1915 Bergen d. 1976, budde der, ho flytta til Årås i Austrheim (jf Austrheimb. II s 407). Ellis og Per var søsken.

3. Olaf Mongstad f. 1892 Lindås (sjå 1a ovanfor) d. 1957 g.1.g. 1913 m. Anna Fosse f. 1894 Alversund, Lindås d. 1928 (jf Alversundb. II s 446, dotter av Mons Olai Larsen f. 1862 og Synneva Pettersd f. 1866 d. 1928). Anna var søster til Solveig Gullaksen, Grenda gnr 168 bnr 17-16d. Olaf tok over handelen her frå 1911. I 1915 fekk han skøyte frå faren for 6000 kr. Skøyte 1916 for 1000 kr på tilleggsareal bnr 12 frådelt gnr 169 bnr 2 same året. I 1916 vart òg bnr 11 Holmeskjeret frådelt gnr 169 bnr 1 og skøytt til Ditlef og Olaf for 2000 kr. Olaf fekk skøyte på faren sin halvpart i 1919. Olaf sette opp andre byggetrinn og kai i 1916. I daglegtalen vert eigedomen kalla Holmen. Det vart drive landhandel, fiskemottak og sildesalting. Det var òg bakeri her. Olaf hadde båtane «Fisken», «Eiken», «Aslaug» frå 1935, og «Mongstad» frå 1950, den siste saman med tre av sønene. Dei starta opp med kvalfangst i 1937, og var mellom dei første frå Fedje som dreiv denne næringa.

Born: a. Olai Mongstad f. 1915 d. 2002 g. 1940 m. Helga Nilsen Moldøen f. 1918 (gnr 170 bnr 16-1b) d. 2003, bygde i Sulo gnr 169 bnr 67. b. Ditlef Mongstad f. 1915 (tvilling med a.) d. 2011, stuert, g. 1947 m. Marie Storemark f. 1923 Husa (gnr 168 bnr 10-8e) d. 2018, reiste til USA i 1952, bustad New Jersey. c. Aslaug Svanhild Mongstad f. 1917 d. 2008 g. 1944 m. Petter Moldøy f. 1917 (gnr 170 bnr 3-22i) d. 1990, busette på Moldøyna gnr 170 bnr 20-2. d. Asbjørn Olaf Mongstad f. 1919 d. 1989 g. 1949 m. Mally Nyheim f. 1920 Gulen d. 1996, bustad Hesthaugen gnr 169 bnr 18-4 og gnr 169 bnr 76-2. e. Sverre Alf Mongstad f. 1921 d. 1980, flymekanikar, g. 1949 m. Alfhild Nilsen f. 1923 på Austrheim d. 1990 (sjå Husa gnr 168 bnr 62-1bb og Austrheimb. III s 109), bustad Sola. f. Fritjof Odd Mongstad f. 1923 d. 2009 g. 1947 m. Amanda Sulen f. 1923 (gnr 169 bnr 57-3b) d. 2009, busette i Smineset (gnr 169 bnr 37-2).

4. Enkjemannen Olaf Mongstad (3) g.2.g. 1932 m. Inga Husa f. 1907 (gnr 168 bnr 7-17h) d. 2004.

Born: a. Ragnhild Andrea Mongstad f. 1935 d. 6 veker gl. b. Otto Idar Mongstad f. 1936 d. 1980, seinare eigar (5). c. Roald Amund Mongstad f. 1938 d. 1954. d. Ole Jørgen Mongstad f. 1942 d. 1994, flyfotograf, g. 1965 m. Solveig Tønnesen f. 1945 Kristiansand, bustad Rygge i Østfold, no i Moss kommune. e. Reidun Mongstad f. 1946 g. 1967 m. Johan Mygland f. 1947 Stavanger, bustad Sola.

Enkja Inga Mongstad g.2.g. 1960 m. Anton Johnsen f. 1907 Hjelmeland, Ryfylke d. 1989. Inga vart eigar her i 1960. Ho og Anton flytta til Stavanger på midten av 1980-talet.

5. Otto Mongstad f. 1936 på dette bruket (4b) d. 1980 g. 1969 m. Sigrid Olava Andersen f. 1949 Bergen (sjå Kopper gnr 168 bnr 294-2a). Skøyte her i 1970. Dei dreiv landhandelen vidare. Den vart deretter leigt ut til Terje Storemark (jf Husøyna gnr 168 bnr 327) frå 1981 fram til ny forretning vart opna på Kopper i 1985 (gnr 168 bnr 335). Sigrid og borna flytta til Stavanger i 1982. Hennar seinare bustad Kristiansand, så Sandnes.

Born: a. Torhild Mongstad f. 1969 g. 1993 m. Sigurd Hetland f. 1966, bustad Sandnes. b. Olaf Idar Mongstad f. 1972, bustad Sandnes. c. Reidar Oddvar Mongstad f. 1975 g. 2004 m. Ingelin Mikkelsen f. 1970 Sandnes, bustad Stavanger, seinare Sugar Land i Texas, USA.

6. Holmfisk AS v/brørne Olaf og Helge Holm (jf Husøyna gnr 168 bnr 251-1 og gnr 168 bnr 316-1) fekk skøyte her i 1985. Selskapet dreiv med fiskeoppdrett frå 1980, og bygget med kai vart brukt som landbase. Det vart sett i gang ei oppussing og ombygging av anlegget.

7. Norfi AS var den neste eigaren, frå 1989. Selskapet tok over fiskeoppdrettet etter nr 6. Då Norfi AS slutta av, gjekk det nokre år før det kom ny aktivitet inn i bygget.

8. Mona Bøe og Jan Naley (jf Muren gnr 168 bnr 360-3) fekk skøyte her i 1994. Dei heldt fram med opprustinga av anlegget, og innreia m.a. serveringslokale. Dei dreiv med overnattings- og serveringsverksemd, Holmen café opna i 1996. Deira dotter Jeanette var eigar frå 2007 til 2014. Mannen til Mona, Halil Boga, var eigar frå 2014 til 2018.

9. Eigedomsselskapet Casa Nimb AS ved Stein Øivind Ekeland f. 1969, bustad Stavanger fekk skøyte i 2018. Han overdrog eigedommen til det nystifta Kremmarholmen AS i 2021, framleis som kontaktperson.

10. Søsterselskapet AS, sjå Kopper (gnr 168 bnr 231-4), fekk skøyte i 2024.


Fedje komm.svg Havnberg (Fedje gnr 169 bnr 6) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kremmarholmen (Fedje gnr 169 bnr 2) • Neste bolk: Norddal (Fedje gnr 169 bnr 17)