Fredheim (Fedje gnr 169 bnr 67)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredheim
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 67
Adresse: Mulevegen 116

Fredheim er eit småbruk, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Olai Mongstad f. 1915 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 6-3a) d. 2002 g. 1940 m. Helga Nilsen Moldøen f. 1918 (gnr 170 bnr 16-1b) d. 2003. Skøyte 1952 på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 17 same året. Huset vart bygd i 1954, tidlegare budde dei på Holmen. Olai var fiskeskipper og kvalskyttar, medeigar M/S «Mongstad» frå 1950 til 1984.

Born: a. Håkon Oddvar Mongstad f. 1941 d. 2003, maskinist, bustad Bergen. b. Anna Oliva Mongstad f. 1943, neste medeigar (2). c. Leif-Jørgen Mongstad f. 1952 g. 1986 m. Ellen Heum f. 1960 Arendal, sjå Smiholmen gnr 168 bnr 346-2 og Sulo gnr 169 bnr 145. d. Sølvi Mongstad f. 1957, neste medeigar (3). – Annemor og Sølvi fekk skøyte i 2004. Huset vert brukt som fritidsbustad.

2. Anna (Annemor) Mongstad f. 1943 på dette bruket (1b), syerske, g. 1981 m. Egil Budal f. 1944 Austrheim, sveisar, busette der på Sætre (jf Austrheimb. II s 108). Ho eig ½.

Born: a. Eli Anne Mongstad Budal f. 1980, translatør, bustad Sunnyvale i California, USA. b. Åge Mongstad Budal f. 1982, elektriker og automasjonsingeniør, bustad i Bergen. Tidl. samb. 2008-2023m. Silje Håvardstun f. 1982 Bremanger, bioingeniør. 2 barn saman.

3. Sølvi Mongstad f. 1957 på dette bruket (1d), teknisk teiknar, DAK-operatør, g. 1990 m. Rune Walde f. 1957 Bergen, busette der. Ekteskapet oppløyst 2002. Hennar bustad Bjorøyna i Fjell, Øygarden kommune. Ho eig ½.

Born: a. Celine Jeanett Walde Mongstad f. 1988, handelsjurist, samb. 2018 m. Niels Ole Frederiksen f. 1988 Ribe i Danmark, filosof i pedagogikk, busette der. b. Fredrik Mongstad Walde f. 1991, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Fredheim (Fedje gnr 169 bnr 67) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Neset og Smineset (Fedje gnr 169 bnr 66) • Neste bolk: Hauge (Fedje gnr 169 bnr 69)