Hauge (Fedje gnr 169 bnr 69)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hauge
S360.169.69.IMG 20220724 155034.jpg
Parti av Sulo i 2022. Fremst ligg huset på bnr 69, med huset på bnr 1 bak til venstre. Til høgre er bnr 64 (gult) og bnr 54.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 69
Adresse: Vidnappsvegen 27

Hauge er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Einar Ingemårsen f. 1912 Sulo (gnr 169 bnr 34-3d) d. 2002 g.l.g. 1942 m. Nancy Nilsen f. 1918 på Austrheim d. 1945 (sjå Husa gnr 168 bnr 62-1ba, og Austrheimb. III s 109). Skøyte 1952 på tomta, som vart frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 15 same året. Huset vart bygd i 1953, familien budde tidlegare hjå far til Einar. Einar var fiskar, m.a. på Grønland og Island. Om haustane var han på fraktebåtar.

Barn: a. Laila Ingemårsen f. 1944 d. 5 md gl.

Enkjemannen Einar Ingemårsen g.2.g. 1951 m. Hildborg Charlotte Daae f. 1912 Toftegård, Austrheim d. 1999 (dotter av Ludvig Ludvigsen Daae f. 1868 og Karen Andrea Mikalsd Briigger f. 1866, sjå Kremmarholmen gnr 169 bnr 1-lca og Austrheimb. II s 282).

2. Trond Ågotnes f. 1971 Fjell var g. 1994 m. Hilde Marie Christensen f. 1974, busette Fjell, no Øygarden kommune. Skøyte i 2003. Huset vart brukt som fritidsbustad. Trond flytta sidan til Moldøyna (gnr 170 bnr 31-4), sjå der.

Born: a. Johanne Marie Christensen Ågotnes f. 1995, studiekonsulent, bustad Bergen. b. Vetle Christensen Ågotnes f. 2000, bustad Skålvika i Fjell, Øygarden kommune.

3. Kåre Agnar Ingemårsen f. 1954 Åsane i Bergen d. 2015 (sjå Sulo gnr 169 bnr 34-3g, og Åsaneb. V s 509) g. 2006 m. Inger Bastholm f. 1956. Han er brorson til Einar (1), og fekk skøyte i 2005. Dei kom hit frå Bergen, og flytta sidan tilbake dit. Hennar seinare bustad Haugesund, så Førde.

4. Geir Duesund f. 1951 Mulen (gnr 169 bnr 79-1b, sjå der), lensmannsfullmektig, g. 1994 m. Christina Åkvåg f. 1969 Bergen, bustad Os, seinare Askøy. Skøyte i 2008. Huset vert brukt som fritidsbustad.

5. Karsten Madsen f. 1973 Bergen, fotograf, busett der, fekk skøyte i 2022.


Fedje komm.svg Hauge (Fedje gnr 169 bnr 69) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Fredheim (Fedje gnr 169 bnr 67) • Neste bolk: Ringvoll (Fedje gnr 169 bnr 70)