Fjordtun (Fedje gnr 170 bnr 31)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjordtun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 31
Adresse: Skotholmevegen 25

Fjordtun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Berit Moldøy f. 1940 (gnr 170 bnr 3-23d) g. 1967 m. Dagfinn Bakken f. 1940 Øygarden d. 2015, styrmann. Skøyte 1975 på tomt frådelt gnr 170 bnr 3 same året. Huset vart òg bygd i 1975. Familien flytta tilbake til Øygarden i 1976.

Born: a. Helga-Iren Bakken f. 1968, bustad Sæle i Øygarden, seinare Bergen. b. Anne- Helen Bakken f. 1968 (tvilling med a.), bustad Bergen. c. Åge Bakken f. 1973, bustad Bergen, seinare Lonevåg på Osterøy.

2. Norvald Moldøen f. 1918 (gnr 170 bnr 2-17a) d. 2003 g. 1950 m. Haldis Stuberg f. 1930 (gnr 168 bnr 19-22a) d. 2015 fekk skøyte her i 1978. Tidlegare budde dei på Moldøyna gnr 170 bnr 2-18, sjå der. Dei flytta tilbake dit i 1986.

3. Karstein Moldøen f. 1959 (gnr 170 bnr 2-18e), matros, raffineriarb., g. 1987 m. Torild Rist f. 1965 frå Stormark (gnr 172 bnr 20-5b), hjelpepleiar. Skøyte her i 1986. Torild dreiv Trio Gatekjøkken i Kalvedalen, Husa saman med mora frå 1987 til 1995. Familien flytta til Alversund, Lindås og sidan til Moldøyna gnr 170 bnr 12-6, sjå meir der.

Born: a. Katrine Moldøen f. 1987, fotterapeut, var samb.m. Hans Martin Hvidsten f. 1980 Håland i Alversund (jf Alversundb. I s 368), busette der, samb. 2012 m. Andre Clark f. 1980 Askøy, tømrar, busette der. b. Magnus Moldøen f. 1988, kaptein/styrmann, bustad Alversund i Lindås, Alver kommune (sjå Alversundb. I s 126), var samb.m. Kathrine Kvamme f. 1990 Alversund (jf Alversundb. I s 350), busett der. Adoptivbarn: c. Machado Brazy Moldøen f. 1998 Bergen.

4. Lene Hatlem f. 1972 Husa (gnr 168 bnr 229-1b) d. 2013, kokk, g.m. Trond Ågotnes f. 1971 Fjell. Skøyte i 2005. Sjå òg Muren (gnr 168 bnr 42-6) og Sulo (gnr 169 bnr 69-2).

Lenes born med tidl. samb. Geir Ståle Bettum f. 1966 Bergen, bartendar, busett der, seinare Søfteland i Os, Bjørnafjorden kommune: a. Kim Hatlem Bettum f. 1994, fjellsikrar, samb. 2017 m. Susanne Fjæreide Fjellheim f. 1995, bustad Ågotnes i Fjell, Øygarden kommune. b. Alice Hatlem Bettum f. 1996, bustad Sogndal.

Trond g. 2017 m. Hege Renathe Glesnes f. 1972, bustad Skålvika i Fjell, Øygarden kommune.

5. Martin Hatlem f. 1978 Husa (gnr 168 bnr 229-1d), stuert, samb.m. Camilla Osebakken f. 1980 Bergen, butikkmedarbeidar, dei budde før i Stavanger og Bergen. Skøyte i 2015. Sjå òg Turidtun (gnr 168 bnr 101).

Born: a. Lene Kristine Hatlem f. 2015. b. Andreas Hatlem f. 2018.


Fedje komm.svg Fjordtun (Fedje gnr 170 bnr 31) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Moldøyskjeret (Fedje gnr 170 bnr 30) • Neste bolk: Skotholmevegen 39 (Fedje gnr 170 bnr 38)