Daltun (Fedje gnr 168 bnr 229)
Daltun | |
---|---|
Frå Husa i 2022 med løa til bnr 6, huset på bnr 229 og våningshuset på bnr 8 (no bnr 357). Bakom er sjukeheimen og hus på Kopper. Foto: Karsten Madsen
| |
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 229 |
Adresse: | Kalvedalen 23 |
Daltun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
1. Olav Hatlem f. 1941 Stormark (gnr 172 bnr 20-4b), stuert, ferjerestauratør, g. 1968 m. Randi Halvorsen, Åsane i Bergen f. 1947 Bømlo (jf Bømlob. I s 62, Sundb. II s 234 og Åsaneb. IV s 508), reinhaldar, omsorgsarbeidar. Ho er søster til Solveig Stokholm, Moldøyna gnr 170 bnr 39. Skøyte 1971 på tomt frådelt gnr 168 bnr 6 same året. Huset vart bygd i 1972. Det var påbygd i høgda med ein ny etasje.
Born: a. Tommy Hatlem f. 1969, kokk, samb.m. Else Marie Kjosås f. 1972 Øystese i Kvam, barnehageass., busette der. Sjå òg Stormark (gnr 172 bnr 34-3). b. Lene Renate Hatlem f. 1972 d. 2013, sjå Moldøyna gnr 170 bnr 31-4. c. Tone Hatlem f. 1973, bustad Husa (gnr 168 bnr 415-2) og seinare Dalemarka i Meland, Alver kommune, samb.m. Karl-Inge Nesfossen f. 1970 Lindås (son av Unni f. 1952, sjå Husa gnr 168 bnr 357-1b og Austrheimb. I s 195). d. Martin Hatlem f. 1978, bustad Moldøyna (gnr 170 bnr 31-5). e. Anita Hatlem f. 1978 (tvilling med d.), bustad Nygård (gnr 172 bnr 197-2).
2. Janita Johanne Lohne f. 1991 Morvik, Åsane i Bergen, lærar, fekk skøyte i 2024. Ho budde før på gnr 168 bnr 67.
Daltun (Fedje gnr 168 bnr 229) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Vassenden (Fedje gnr 168 bnr 217) • Neste bolk: Nordhaug (Fedje gnr 168 bnr 235) |