Kalvedalen 21 (Fedje gnr 168 bnr 357)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kalvedalen 21
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 357
Adresse: Kalvedalen 21

Kalvedalen 21 er ein bustadeigedom, no brukt som fritidseigedom, i Fedje kommune.

1. Dette er tomta med våningshuset til gnr 168 bnr 8, sjå nr 14 der. Den vart frådelt i 1986, skøyte 1989 til Adolf Karl Nesfossen f. 1917 Bergen d. 1992 (sjå Stormark gnr 172 bnr 20-1ea) g. 1945 m. Bergljot Bruvoll f. 1922 Bergen d. 2004, bustad Hundvin i Lindås (jf Lygrab. s 151). Karl var hemmeleg agent under krigen, sjå boka Mørket var min venn (1991) av Arnfinn Haga. Det vart reist ei minnestøtte på Hundvin i 2022.

Born: a. Åse Nesfossen f. 1947, bustad Kaland i Austrheim (jf Austrheimb. I s 192), seinare Hundvin, no Alver kommune. b. Unni Nesfossen f. 1952, bustad Hundvin og Kaland (jf Austrheimb. I s 195), seinare Bergen.

2. Hermund Lilletvedt f. 1947 Rikstad på Radøy d. 2000, tømrar, busett der (jf Radøyb. I s 480), fekk skøyte her i 1994 og nytta huset som fritidsbustad.

3. Kongelig Norsk Automobilklub avdeling Bergen fekk skøyte i 2001. Det er ein fritidseigedom, og vert utleigd.

Fedje komm.svg Kalvedalen 21 (Fedje gnr 168 bnr 357) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Mulevegen 27 (Fedje gnr 168 bnr 341) • Neste bolk: Mulevegen 44 (Fedje gnr 168 bnr 398)