Husa (Fedje gnr 168 bnr 8)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Husa
S115.168.8.CD 01 048.jpg
Vinterbilde av Husavågen frå 1930- åra. Framme til venstre M/S «Duen», H-137-AM. Det var ei svenskskøyte. Eigarar Karl Gudmundsen Husa, Gudmund Monsen Husa, Ernst Husa, Edvard Husa.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 8

Husa er eit tidlegare gardsbruk i Fedje kommune.

Som nemnt under gnr 168 bnr 7 vart dette bruket frådelt i 1771 då Hans Nilsen (7) delte garden mellom døtrene.

1. Mari Hansd f. 1752 Husa (gnr 168 bnr 7-7i) g. 1774 m. Mikkel Knutsen f. 1747 Vika (gnr 168 bnr 28-8c) d. 1799. Bygselbrev 1771 frå Dankert Dankertsen Heiberg på 18 merker fisk og 3 kanner malt (⅛ av Husa). Mikkel var òg brukar på Kopper (gnr 168 bnr 2-6) i nokre år frå 1770.

Born: a. Marta Mikkelsd f. 1774 d. 3½ veke gl. b. Magdeli Mikkelsd f. 1776 d. 1780. c. Marta Mikkelsd f. 1779 d. 1780. d. Magdeli Mikkelsd f. 1781. e. Mons Mikkelsen f. 1784 d. 1848, matros, jekteførar, så høker, bustad Bergen, g.1.g. 1812 der m. Ane Kristiane Kristiansen f. 1789 d. 1812 (2½ md etter vigsla), g.2.g. 1818 m. enkja Elisabeth Marie Storm f. 1786 Arendal (den første mannen var skipper Nils Mortensen Tornkvist). f. Mari Mikkelsd f. 1787 d. 1792.

Familien var på Husa til om lag 1793, då dei flytta til Skuteviken i Bergen. Mikkel var los.

2. Gjevle Larsen f. 1759 Litle Haugsøyna, Masfjorden d. 1837 (son av Lars Helgesen d. 1795 og Ingeborg Thomasd, sjå Masfjordb. I s 92, Gjevle hadde broren Even på Husa gnr 168 bnr 7-10) g.1.g. 1786 m. Gunhild Andersd Vestrheim (skrive slik ved giftarmålet, men uvisst kor ho var frå) f. 1765 d. 1803. Bygsel på dette bruket i 1793 frå Dankert Dankertsen Heiberg. Gjevle og Gunhild budde først på Litle Haugsøyna i Masfjorden, der dei tre eldste borna er fødde. I 1801 budde dei her saman med borna Lars og Martinus. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 går det fram at garden hadde eit utsåd på 1 tn korn og kunne avla 2,3 tn, og nokre år ingenting. Ein kunne fø 3 storfe. Verdien av bruket vart sett til 65 rdl og landskylda 18 merker fisk og 3 kanner malt som før, eller ⅛ av heile Husa.

Born: a. Marta Gjevlesd f. 1787 d. før 1792. b. Lars Gjevlesen f. 1789, var fattiglem på hospitalet i Bergen i folketeljinga 1815. c. Marta Gjevlesd f. 1792 d. før 1801. d. Martinus Gjevlesen f. 1798 d. 1815. e. dødfødd dotter f. 1803.

3. Enkjemannen Gjevle Larsen (2) g.2.g. 1803 m. Lisbet Jonsd f. 1770 Litle Haugsøyna, Masfjorden d. 1837 (dotter av Jon Nilsen f. 1743 d. 1804 og Ragnhild Kristoffersd f. 1748, sjå Masfjordb. I s 92). Ingen born. Dei må ha flytta frå Fedje før 1812. Det kan ikkje ha gått så bra med dei, for Gjevle døydde som betlar (tiggar) på Øksneset i Austrheim (sjå Austrheimb. III s 488). Lisbet døydde tre veker før han.

4. Lars Johannessen f. 1777 d. 1857 g. 1811 m. Synneva Larsd f. 1778 d. 1851. Dei fekk bygsel på denne gardparten i 1812 av Kristoffer Kahrs. I 1817 fekk dei i tillegg bygsel på gnr 168 bnr 7, slik at dei brukte ¼ av Husa. Dei overlét garden til neste brukar i 1836 mot avtale om kår. Sjå elles gnr 168 bnr 7-12.

5. Martinus Andersen f. 1813 d. 1838 g. 1834 m. Anna Marie Mikkelsd f. 1815 d. 1849 fekk bygsel av Kristoffer Kahrs på dette bruket samt gnr 168 bnr 7 i 1836, altså ¼ av Husa. Begge bruk vart tekne over etter dei førre brukarane Lars og Synneva. Sjå gnr 168 bnr 7-13, der familieopplysningane er førte.

6. Magne Johannessen f. 1800 d. 1849 g. 1821 m. Brita Hansd f. 1795 d. 1875. Dei fekk bygsel her og på gnr 168 bnr 7 i 1841 frå Kristoffer og Arnold Kahrs, slik at dei brukte ¼ av Husa. Familien er oppført på gnr 168 bnr 7-15.

7. Mikkel Thomassen f. 1828 Husa (gnr 168 bnr 10-3e) d. 1910 g.1.g. 1851 m. Anna Larsd f. 1817 Krossøyna, Austrheim d. 1859 (dotter av Lars Ditlefsen f. 1794 d. 1830 og Marta Ingvaldsd f. 1793 d. 1858, sjå Austrheimb. III s 605). Anna var halvsøster til Gjertrud Halsteinsd Sulo (12) og farsøster til Marta Martinusd Stormark (gnr 172 bnr 7-1), sjå der. Mikkel og Anna fekk bygsel på dette bruket frå Kristoffer og Arnold Kahrs i 1850, på landskyld 2 ort og 4 skilling. Det tilsvarte ⅛ av Husa, og bnr 8 vart altså drive for seg sjølv igjen. Den førre kona Brita fekk kår også frå dette bruket.

Mikkel og Anna hadde i 1855 5 storfe og 4 sauer, og sådde 1 tn havre og ⅛ tn potet.

Born: a. Thomas Mikkelsen f. 1852 d. 1933, seinare brukar (10). b. Lars Mikkelsen f. 1856 d. 1879.

8. Enkjemannen Mikkel Thomassen (7) g.2.g. 1859 m. Johanna Jonsd f. 1818 Moldøyna (gnr 170 bnr 6-7a) d. 1879.

Barn: a. Andreas Mikkelsen f. 1860 d. 1913 g. 1882 m. Sina Larsd f. 1861 Stuberg (husmenn 3a) d. 1940, budde på Berge (husmenn 1).

Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 18/10 kyrlag og utsådet ⅞ tn havre og ¾ tn potet. Avlinga var på 3¼ tn havre og 4 tn potet. Det var 1,6 mål dyrka åker og eng, og 10 mål naturleg eng som kunne gje 100 våger høy og 10 våger halm. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var middels lettdriven og godt dyrka og gjødsla. Ny matrikkelskyld ifølgje den endelege matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 51 øre. I 1865 hadde Mikkel og Johanna 5 storfe og 2 sauer, og sådde 1 tn havre og 1 tn potet. I 1875 hadde dei 2 kyr og 4 sauer, medan utsådet var på 1 tn havre og ¾ tn potet. Som ventande var Mikkel nemnd som fiskar og gardbrukar. Dette bruket på Husa vert kalla Nøstebakken.

9. Enkjemannen Mikkel Thomassen (7, 8) g.3.g. 1879 m. Udna Ivarsd f. 1830 Brotet (gnr 168 bnr 16-12c) d. 1901. Dei var søskenborn med felles besteforeldre Brita Bårdsd og Jon Jakobsen Husa gnr 168 bnr 10. Ingen born. Ved folketeljingane 1891 og 1900 var Mikkel og Udna kårfolk. Mikkel dreiv litt fiske i tillegg.

10. Thomas Mikkelsen f. 1852 på dette bruket (7a) d. 1933 g.1.g. 1872 m. Marie Olsd f. 1835 Nøttveit, Radøy d. 1900. Dei var brukarar her frå dei vart gifte til 1877, dei første åra saman med far til Thomas. Dei hadde 4 sauer i 1875. Det vart ikkje skrive bygselbrev. Dei flytta så til Mulen (5), sjå der.

Mons (11f), Mina (11d) og mora Berta Husa (framme).

11. Mons Olsen f. 1850 Husa (gnr 168 bnr 5-13a) d. 1905 g. 1878 m. Berta Rasmusd f. 1853 Husa (gnr 168 bnr 10-5c) d. 1943. Skøyte på dette bruket i 1877 for 800 kr frå Fedje Torvkompagni, med kår til Mikkel Thomassen og kone (9). Mons og Berta var dei første sjølveigarane på Husa, og mellom dei første på Fedje. Dei dreiv med fiske og jordbruk. Mons var presten sin medhjelpar. Han var med i formannskapet i Lindås herad frå 1899 til 1904, i tillegg var han heradsstyremedlem frå 1888 til 1891. Under utskiftinga omkring 1900 vart husa flytta frå Nøstebakken i Husavågen og dit dei står i dag. Bruket heldt på namnet etter flyttinga, sjølv om det ikkje ligg på nokon bakke lenger.

Born: a. Ingeborg Maria Monsd f. 1879 d. 2½ md gl. b. Ivar Olai Monsen Husa f. 1881 d. 1938 g.m. Lovise Monsd Torget f. 1880 Fitjar d. 1965, budde der (sjå Fitjarb. I s 190). c. Ingeborg Marie Monsd Husa f. 1884 d. 1981, var i heimen og hjelpte til med arbeidet. d. Rasmina Monsd Husa f. 1886 d. 1952, budde og arbeidde i heimen. e. Marta Monsd Husa f. 1889 d. 1977, flytta til Bergen i 1906, utvandra til USA 1923, g.1.g. 1929 New York m. Bernt Olsen f. 1885 Kopper (gnr 168 bnr 2-15a) d. 1944, budde først i New York, g.2.g. m. Krist. Henriksen frå Tysnes, flytta til New Jersey. f. Mons Monsen Husa f. 1892 d. 1961, neste brukar (12). g. Gudmund Mikal Monsen Husa f. 1896 d. 1992, sjå nr 13.

12. Mons Monsen Husa f. 1892 på dette bruket (11f) d. 1961 g. 1949 m. Marie Oline Monsd Lindås f. 1896 på Lindås d. 1984 (jf Lindåsb. III s 555). Ingen born. Mora Berta og borna dreiv garden i lag til Mons vart vaksen. Han fekk skøyte på bruket først i 1951 for 2500 kr, med rett til husvære og pleie for søstrene Ingeborg og Rasmina. Rasmus var fiskar og småbrukar her. Etter krigen var han i oppdrag for den Indre Sjømannsmisjonen, Bergen. Marie var sjukepleiar. Ho døydde i Bergen.

13. Gudmund Monsen Husa f. 1896 på dette bruket (11g) d. 1992 g. 1920 Fjaler m. Hilda Fernanda Olsd Hellevik f. 1896 Fjaler d. 1973 (sjå Fjalerb. I s 302).

Born: a. Margit Borghild Husa f. 1921 d. 1992 g. 1948 m. Kåre Vagstad f. 1923 d. 2013, bustad Holmedal. b. Lovise Olaug Husa f. 1924 d. 1988 g. 1949 m. Kåre Arnvald Rivedal f. 1919 d. 2006, bustad Holmedal.

Familien budde først på Nøstebakken om lag ti år, og borna er fødde her. Seinare flytta dei til Holmedal, Fjaler i Sunnfjord (no i Askvoll), sjå Fjalerb. I s 217. Gudmund fekk skøyte på dette bruket etter broren Mons i 1961. Han skøytte det vidare til dottera Margit i 1979. Huset har i periodar vore utleigt.

14. Søskena Gunn Sulen Gullaksen, Kirsti Milsem (hennar part overteke i 2007 av mannen Eirik Milsem) og Hans Georg Sulen (jf Husa gnr 168 bnr 172) kjøpte dette bruket i 1984. I 1986 vart tomta med huset skilt frå (sjå gnr 168 bnr 357), slik at det no berre er jorda att av bnr 8.


Fedje komm.svg Husa (Fedje gnr 168 bnr 8) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husa (Fedje gnr 168 bnr 7) • Neste bolk: Husa (Fedje gnr 168 bnr 9)