Sulo (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sulo
S337.Sulo.Fedje vinter 2021 redigert1.jpg
Fedje vinteren 2021 med frå venstre Sulo, Moldøyna (bak), Kremmarholmen, Husavågen med Smiholmen og den sentrumsnære busetnaden med kyrkja.
Foto: Hans Kristoffer Kahrs
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: umatrikulert

Sulo er eit område på Vestkanten av Fedje. I byrjinga låg det under Husa som beitemark, og sidan under Holmen eller Kremmarholmen. Dei som budde her frå starten av, vart rekna som plassfolk, som regel med litt jord og husdyr. Fisket var hovudnæringa. I tillegg arbeidde dei for jordeigaren på Kremmarholmen.

Den første gongen Sulo er nemnd i dei skriftlege kjeldene, var i ei sak på hausttinget i Lindås i 1643. Herman Frisch, borgar og innbyggjar i Bergen (sjå Eide gnr 168 bnr 15-2), hadde stemna Lars (gnr 168 bnr 5-4) og Arne (gnr 168 bnr 7-3) Husa fordi dei brukte eit stykke mark og gras kalla «Suelen». Herman meinte at det var han som hadde fått bygsla dette området. Lars og Arne orsaka seg med at dette området var landfast med Husa, og at husdyra søkte dit straks dei vart sleppte ut. Dei hadde ikkje anna utmark til dyra, og måtte få bruka Sulo. Elles måtte kveget symja over ein straum (til Måsholmen eller Træsneset?), og det makta dei ikkje om våren, då dei var utsvoltne etter vinteren. Herman sa han hadde prov på at dei dreiv kveget i Sulo med vilje. Dommen var at Lars og Arne måtte retta seg etter bygselbrevet som Herman hadde på Sulo og ikkje lata dyra beita der utan lov. Sulo vart altså brukt som beiteområde på denne tida, utan at nokon budde der.

På sommartinget i Lindås i 1701 var det igjen usemje om rettane i Sulo. Ola Husa (gnr 168 bnr 7-5) og Mikkel Husa (gnr 168 bnr 5-6) stemna Herman Segelken, Kremmarholmen (3a) for at han utan lov hadde teke torv i marka deira, og late husdyra beita i Husa-marka. Dei la fram kjøpebrev av 1700 som vart opplese. Segelken kom med skriftleg tilsvar, men ikkje noko forpaktingsbrev. Lagrettemennene forklarte deretter at Sulo til alle tider hadde tilhørt Husa. Retten kom til at ettersom familien Segelken ikkje kunne prova at dei hadde lov til å bruka marka i Sulo, skulle dei heretter ikkje ta torv eller lata dyra beita der utan løyve frå eigarane på Husa. Dei måtte betala 5 rdl for den torva som alt var teken.

Også i 1706 er Sulo nemnd i tingboka, då gjaldt det striden om ein sau som beita der, sjå Husa gnr 168 bnr 7-5.

I byrjinga omfatta Sulo heile Vestkanten utanom Kremmarholmen. I denne framstillinga er nemninga brukt om området frå Smineset/Træsneset til Kongestølen/Muleide.

1. Jon f. 1689 (etter alder ved død) d. 1762 var den første som budde i Sulo. Han kan ha vore den same som Jon Mathaugen, sjå Husa husmenn 3, som òg hadde ei dotter Anna, sjølv om alderen hennar ikkje stemmer heilt. Men me har sett ovanfor at Sulo tidlegare vart brukt av Husa.

Barn: a. Anna Jonsd f. 1725 (ifølgje alder i 1801) d. 1804 g. 1758 m. Ola Nilsen f. 1735 Dyrneset, Austrheim d. 1804, sjå Mulen (1) og Moldøyna (gnr 170 bnr 5-11).

2. Kari Monsd frå Solveit på Radøy (jf Radøyb. I s 78) g. 1745 m. Rynjel Torsen. Dei vart vigde på Fedje, og han vart då nemnd Sulo, så høgst truleg budde dei her. Ingen born er registrerte i kjeldene.

3. Magdeli Hansd f. 1735 Husa (gnr 168 bnr 7-7c) g. 1760 m. em. Nils Nilsen f. 1732 Dyrneset, Austrheim var plassfolk i Sulo frå dei vart gifte til 1764. Plassen låg under Husa. Så var dei på Stuberg (husmenn 1), der familien er ført. Seinare flytta dei til Sandviken i Bergen.

4. Anna Kristiansd f. Skotholmen (gnr 170 bnr 1-6a) d. 1772 g. 1759 m. em. Hans Sjursen frå Dyrneset, Austrheim (son av Sjur Dyrneset d. 1759, jf Austrheimb. III s 323) var husfolk her frå 1765. Dei budde først på Brotet (husmenn 3). Første kona til Hans var Anna Jakobsd f. 1728 d. 1759, dei var brukarar på Dyrneset.

Born: a. Anna Hansd f. 1762 d. 1772. b. Jakob Hansen f. 1765 d. 1772. Slik står det skrive i kyrkjeboka for 1772: «Jordpaakastet Anna Nakken og begge hendes børn», kort og brutalt. Familien budde altså på Nakken, dette er første gong denne staden er nemnd i kjeldene. Kor det vart av Hans etterpå, er uvisst.

5. Amund Monsen f. 1752 Randal i Gulen var husmann under Kremmarholmen i 1777 ifølgje ei militær rulle frå 1778. Han stod fadder i 1777, og vart då kalla Amund Holmen. Han budde truleg her i Sulo. I 1777 fekk han skøyte på heimegarden og flytta dit, sjå Gulenb. III s 40.

– No gjekk det ei tid utan at det budde folk i Sulo. Det har truleg samanheng med nedgangen i folketalet fram til 1800. Dei flytta først frå dei minst attraktive plassane, der det var liten tilgang til jord, slik som Sulo.

6. Jens Jensen f. 1761 Halsvik, Gulen d. 1837 g.1.g. 1794 m. Helga Lassesd f. 1762 Skauo, Myking i Lindås d. 1811 (dotter av Lars Jørgensen f. 1717 d. 1764 og Kristi Andersd f. 1721 d. 1764, jf Mykingb. s 717). Dei budde først på Skotholmen (gnr 170 bnr 1-12), og flytta hit ein gong før 1810. Festesetel er ikkje tinglyst.

Born: a. dødfødd son f. 1795. b. Mathias Jensen f. 1796 d. 6 dg gl. c. Lasse Jensen f. 1797 d. 1831, sjå nr 8. d. Ivar Jensen f. 1802 d. 1873, seinare brukar (9). e. Dorte Jensd f. 1805 d. 3 veker gl.

Det var skifte etter Helga i 1811, med arvingar enkjemannen Jens og dei to sønene. Det var varegjeld til fru Katarina Kahrs med 110 rdl, medan eiga kom opp i 303 rdl. Etter at skiftekostnadene på 13 rdl var dekte, vart det 177 rdl til arvingane. Det hadde vore stor inflasjon, derfor var tala så «oppblåste». Sulo vart kalla «gard» og ikkje «plass» i skiftet, og det kan ein forstå når ein ser kva dei hadde. Dei var dei einaste som budde i Sulo, så dei må ha fått bra vilkår frå jordeigaren. Dei eigde m.a. to kyr, to kviger, fire sauer, tre lam, ein del tau med anglar og tilhørsle, eit småsildegarn, to vårsildegarn, eit fiskesnøre med stein, tre sildetønner, ein stamp, ein bondekniv, ein langhøvel, to korthøvlar, to ambrar, to eikeølanker, ei eikeøltønne, ei furutønne, to tranhalvtønner, ei sag, ei hoggøks, åtte høyljåar og ei gryte.

7. Enkjemannen Jens Jensen (6) g.2.g. 1812 m. Marta Jonsd f. 1776 Budalen, Austrheim d. 1836 (jf Austrheimb. II s 131).

Born: a. Helge Jensen f. 1812 d. 1813. b. Helge Jensen f. 1814 d. 1893, konfirmert 1831, g. 1846 i Sund m. Mari Jakobsd f. 1812 Fagerbakke i Austevoll d. 1848, budde der på Salthamar (jf Austevollb. I s 61 og 252). Han døydde på Drivenes i Austevoll. c. Jon Jensen f. 1816 d. 1865, flytta til Gulen 1842, g. der 1853 m. Olina Ivarsd f. 1837 Blomholmen i Gulen d. 1892, budde på Rongeværet i Austrheim (sjå Austrheimb. III s 654, og Gulenb. III s 454). d. Dortea Jensd f. 1819 d. 1888 g. 1859 m. Lars Mikkelsen f. 1834 Rognsvågen (gnr 167 bnr 2-3a) d. 1923, brukarar der (4). e. Barbra Jensd f. 1821 d. 1906 g. 1846 m. Hans Ivarsen f. 1823 Brotet (gnr 168 bnr 16-12a) d. 1897, brukarar der (13).

8. Lasse Jensen f. 1797 på denne plassen (6c) d. 1831 g. 1821 m. Ingeborg Nilsd f. 1796 Husa (gnr 168 bnr 9-2d) d. 1879. Ingen born. Dei budde her som innerstar hjå nr 6. Enkja Ingeborg gifta seg ikkje opp att, og fekk truleg ein vanskeleg lagnad. I 1845 budde ho på fødegarden Husa, i 1865 på Hopland (jf Austrheimb. II s 635), og ved dødsfallet på Bergsvika i Austrheim, begge stadene som legdslem.

9. Ivar Jensen f. 1802 på denne plassen (6d) d. 1873 g. 1827 m. Lisbet Olsd f. 1793 Rongeværet, Austrheim d. 1860 (jf Austrheimb. III s 657, dotter av Ola Olsen f. 1751 d. 1808 og Brita Sjursd f. 1760). Lisbet var søster til Kari Husa (gnr 168 bnr 10-2). Ivar og Lisbet budde først i Langedalen (gnr 169 bnr 5-2) nokre år, og kom truleg hit i 1831 etter at Ivar sin bror (8) var død. Næringa var fiske og jordbruk. I 1835 hadde dei 3 storfe og 3 sauer, og sådde ½ tn både av havre og potet.

Born: a. Martinus Ivarsen f. 1828 d. 1897, neste brukar (10). b. Brita Ivarsd f. 1831 d. 1849 (kolera).

10. Martinus Ivarsen f. 1828 på denne plassen (9a) d. 1897 g. 1862 m. Magdeli Mikkelsd f. 1829 Vika (gnr 168 bnr 28-10fa) d. 1891. Folketeljinga 1865 syner at denne plassen låg under Kremmarholmen gnr 169 bnr 2. Dei hadde då 4 sauer, og sådde 1 tn potet på leigd areal. Martinus var fiskar.

Born: a. Ivar Martinussen f. 1864 d. 1930 g.1.g. 1886 m. Martina Larsd f. 1861 Rognsvågen (gnr 167 bnr 2-4b) d. 1887, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 12-6). b. Ludvik Bertin Martinussen f. 1869 d. 1919 g. 1895 m. Anna Franciska Fredriksd Frostad f. 1876 Bergen d. 1933, budde der, han var kaptein m.a. på Amerikabåtar. Ho var brordotter til amtsagronom Peder Frostad, sjå Stormark gnr 172 bnr 4-1.

11. Ingeborg Olsd f. 1791 Ytre Takle, Gulen d. 1849 (dotter av Ola Olsen f. 1759 d. 1841 og Brita Lassesd f. 1759 d. 1832, sjå Brekkeb. II s 855) g. 1834 m. Anders Jonsen f. 1809 Mjømna d. 1885 (son av Jon Andersen f. 1780 d. 1855 og Malena Hansd f. 1783 d. 1819, jf Gulenb. III s 111). Festesetel på plassen Sulo i 1841 frå Kristoffer Kahrs sr. Den er ført i panteregisteret for Kopper, men folketeljinga 1865 syner at plassen låg under Kremmarholmen gnr 169 bnr 1. Dei kom då frå Gulen, der sonen vart fødd.

Barn: a. Anders Andersen f. 1833 d. 1859, sjå nr 14.

Skiftet etter Ingeborg i 1850 syner at arvingane var enkjemannen Anders og den einaste sonen med same namn. Det var lausøyre for 43 spd i buet, medan gjeld og skiftekostnader var 38 spd, slik at det vart igjen 5 spd i arv. Dei hadde m.a. ein lysestake, eit åkle, ein kvitel (ullteppe), tre kister med beslag, seks furutønner, tre gamle kakkelomnar, ein stamp, ei øks, ein navar, to gryter, ein hammar, ein høvel, seks ljåar, to spadar, ei kubjølle, tre sildefjerdingar, to ambrar, ei drikkeflaske, ei smørkinne, to par vassbøtter, eit vaskespann, ei rømmebøtte, to mjølkehalvtønner, ni mjølkeringar og ei tranhalvtønne. Husdyra talde to kyr, ei kvige og fem sauer. Av sjøutstyr hadde dei to seksåra båtar, ein linevad med tilhørsle, to vårsildegarn, eit fiskesnøre med blystein og tre krabbeteiner, så dei var godt budde på fiske. Elles var det to salmebøker og ein huspostill i buet, noko som var heller sjeldsynt på den tida.

12. Enkjemannen Anders Jonsen (11) g.2.g. 1850 m. Marta Olsd f. 1802 Byrknes d. 1871 (dotter av Ola Jakobsen f. 1745 d. 1804 og Berta Gregoriusd f. 1764 d. 1834, sjå Gulenb. III s 186). Ingen born. I 1865 hadde dei 5 storfe og 2 sauer, og sådde 1 tn havre og 1¾ tn potet, så det var ein bra plass dei hadde. Hjå dei budde då enkja til sonen til Anders, Gjertrud Halsteinsd (sjå nr 14), og sonen til Gjertrud og Anders Jonsen: a. Johan Andersen f. 1861 d. 1881 på sjukehuset i Bergen.

13. Enkjemannen Anders Jonsen (11, 12) g.3.g. 1873 Gulen m. enkja Endrine Karine Karlsd f. 1820 Bergen d. 1914 (dotter av Karl Abelsen og Malene Bendiksd). Ho vart g.1.g. 1860 m. Søren Jonsen f. 1826 Rutledal d. 1870, sjå Gulenb. I s 70. Anders og Endrine budde her i folketeljinga 1875, og hadde då 1 ku, 1 kalv og 5 sauer, og sådde ⅔ tn havre og 1 tn potet. Dødsmeldinga til Anders i 1885 syner at arvingane var enkja og tre brør (frå Gulen). Endrine budde på Bremnes i Gulen i folketeljinga 1910, og døydde der.

14. Anders Andersen f. 1833 på denne plassen (11a) d. 1859 g. 1857 m. Gjertrud Halsteinsd f. 1835 Krossøyna, Austrheim d. 1911 (dotter av Halstein Persen f. 1803 d. 1848 og Marta Ingvaldsd f. 1793 d. 1858, jf Austrheimb. III s 606). Gjertrud var halvsøster til Anna Larsd Husa gnr 168 bnr 8-7.

Barn: a. Anders Andersen f. 1859 d. 1860.

Dei budde som innerstar hjå faren til Anders. Anders døydde 3 md før sonen vart fødd. Enkja Gjertrud heldt fram med å bu her, og i 1861 fekk ho ein son med svigerfaren, sjå nr 12a. Ho fekk med Martinus Gudmundsen f. 1842 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-14a) d. 1907 sonen b. Martinus Martinussen f. 1867 d. 1941, konfirmert 1882 frå Øvre Skodvin i Lindås, kalte seg Martin, g.m. enkja Anna Cecilie Sivertsd Hesken f. 1847 Nilsen, Bergen d. 1917, budde der, ho dreiv kjøreforretning, og han var kusk/kjørar og losjerte hjå henne i folketeljinga 1891.

Gjertrud vart g.2.g. 1871 m. Peder Olaisen f. 1846 Øksneset, Austrheim d. 1933, sjå Muleide gnr 169 bnr 7-2.


Fedje komm.svg Sulo (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kremmarholmen 39 (Fedje gnr 169 bnr 187) • Neste bolk: Fjæra (Fedje gnr 169 bnr 13)