Nyheim (Fedje gnr 172 bnr 4)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nyheim
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 4

Nyheim er ein eigedom i Fedje kommune.

Fedje Torvkompagni sette opp dette huset i samband med drifta av torvmyrane etter kjøpet i 1875. Det vart brukt av dei ulike driftsstyrarane.

1. Peder Pedersen Frostad f. 1831 Kvam d. 1910 (sjå Kvamb. II s. 172) g. 1859 Fana m. Boletta Sofie Johansd Lønnicken f. 1829 Bergen d. 1900. Frostad var amtsagronom, og var med og starta Fedje Torvkompagni som kjøpte det meste av Fedje i 1875, sjå pkt 4 i kapitlet om Fedje sine eigarar. Han var òg den første driftsstyraren, og ser ut til å ha budd her nokre år med familien. Den eldste sonen vart konfirmert her i 1877. Men det vart truleg ikkje den store «susen» over torvsalet, og Frostad med familie flytta snart tilbake til Håvik i Kvinnherad, der dei hadde budd også tidlegare (sjå Kvinnheradb. II s 41).

Born: a. Peder Randulf Frostad f. 1862 d. 1948, skipskaptein, utvandra til Amerika i 1877, bustad New York, seinare Norfolk i Massachusetts, gift med norskfødde Margaret f. 1873 (utvandra i 1907). Han var heime på besøk i 1896. b. Helene Cecilie Frostad f. 1866 d. 1954, ug. hushaldar, bustad Bergen. c. Marie Leonora Frostad f. 1867 d. 1943 g. 1900 m. Bernt Arneson Melstveit f. 1868 Kvam d. 1951, overtok bruket på Håvik. d. Ludolf Vollert Johan Frostad f. 1870 d. 1901, ug.

2. Anna Olina Nilsd Marøy f. 1850 Radøy d. 1926 g.2.g. 1891 m. Knut Olsen f. 1865 Svellingen, Øygarden d. 1958. Olina var enkje etter Jan Olsen Svellingen f. 1858 d. 1889 (omkom på sjøen). Knut var bror til Mikal Fjeldheim, Stormark gnr 172 bnr 3-1 og Steffen Stormark gnr 172 bnr 10-1, sjå der. Knut fekk tinglyst bygselkontrakt her i 1894, dei kom då frå Svellingen. Familien vart ikkje verande så lenge. Dei flytta til Risnes i Radøy, der dei var ved folketeljinga 1900 og seinare (jf Radøyb. I s 344).

Barn: a. Jan Olai Knutsen f. 1892 d. 1965, overtok bruket på Risnes.

3. Ingebrigt Andreas Johannessen Midthun f. 1872 Sogndal d. 1937 g. 1899 m. Bertha Olsd Slinde f. 1876 Sogndal d. 1953 (jf Sogndalb. 6-7 s 126). Dei fekk i 1908 skøyte for 1000 kr på dette bruket frådelt gnr 172 bnr 1 og gnr 172 bnr 2 i 1907. Dei kom hit frå Sogndal om lag 1903, borna b.-f. er fødde medan familien budde her. Ingebrigt var først torvformann, seinare forsikringsinspektør. Familien flytta til Aurland i Sogn i 1911. I folketeljinga 1922 budde dei i Bergen, Ingebrigt var sagmeister. Sidan kom dei til Sveio, og frå 1925 til 1936 var dei på Helleland i Etne (sjå Etneb. III s 443). Siste stoppestad var Bergen.

Born: a. Borghild Midthun f. 1901 d. 1997 g. 1923 Bergen m. Sigurd Johan Ziem f. 1895 Bergen d. 1954, budde der. b. Olav Midthun f. 1903 d. 1968 g. 1936 Haugesund m. Anna Nelly Julie Birkenes f. 1901 Børkjenes i Etne d. 1980, bustad Haugesund. c. Einar Midthun f. 1906 d. 1959, bustad Bergen. d. Dagny Midthun f. 1907 d. 1995 g. 1931 m. Axel Edmand Holthe f. 1899 Trondheim d. 1940, kokk, bustad Bergen. Han omkom ved krigsforlis 9. juni. e. Gunhild Margrete Midthun f. 1909 d. 1993, bustad Bergen. f. Arthur Midthun f. og d. 1911. g. Arthur Midthun f. 1912 d. 1974 g. 1942 m. Klara Marie Riple f. 1913 Bergen d. 2008, budde der. h. Ingvald Berg Midthun f. 1917 d. 1988 g. 1937 Bergen m. Reidun Aslaug Jensen f. 1918 Bergen d. 2001, budde der. i. Clara Midthun f. 1919 d. 1998 g. 1939 m. Birger Andersen, bustad Bergen.

4. Johanna Olaisd f. 1879 Stormark (gnr 172 bnr 20-lb) d. 1944 g. 1905 m. Olav Johan Jonsen Hatlem f. 1884 Hyllestad i Sogn d. 1967 budde her frå 1909 til 1916, då dei flytta til heimplassen hennar, sjå gnr 172 bnr 20-3, der familien er ført.

5. Olianne Rasmusd f. 1862 Harkestad, Øygarden d. 1933 (dotter av Rasmus Olsen f. 1826 og Anna Ottesd f. 1833) g. 1887 m. Albrikt Jakobsen f. 1865 Sulo i Øygarden d. 1945 (son av Jakob Albriktsen f. 1835 (bror til m.a. Ola Albriktsen Stormark gnr 172 bnr 12-1, sjå der) og Gunvor Johannesd f. 1830, farsøster til m.a. Johannes Albriktsen Stormark gnr 172 bnr 27-1, sjå der). Albrikt er eit sjeldsynt namn, og her opptrer det både i fars- og morsslekta til Albrikt Jakobsen. Namnet har same opphavsmannen. Ein må gå attende til Kristi Ottesd f. 1756 Toska i Radøy d. 1847. Ho vart g.l.g. 1789 m. Albrikt Eliassen Risnes, Radøy (sjå Radøyb. I s 341). Dei fekk sonen Johannes Albriktsen f. 1790, far til m.a. Gunvor nemnd ovanfor. Albrikt Eliassen døydde i 1792, og Kristi Ottesd vart oppattgift same året med Gunnar Andersen f. 1759 Solend, Radøy d. 1829 (jf Radøyb. III s 373). Dei busette seg på Hernar i Øygarden, og fekk sonen Albrikt Gunnarsen f. 1799, oppkalla etter hennar 1. mann. Denne Albrikt var far til m.a. Jakob nemnd lenger opp. Det betyr at foreldra til Albrikt Jakobsen f. 1865 var halvsøskenborn med felles bestemor Kristi Ottesd.

Skøyte her i 1916 for 2500 kr. Skøyte 1917 på tilleggsareal bnr 19 frådelt gnr 172 bnr 2 same året. Familien budde i Sulo i Øygarden. Albrikt var los, og losjerte på Fedje under 1. verdskrigen. Det var mangel på losar på Fedje då, så det er bakgrunnen for at han var her. I 1922 skøytte han bruket til dottersonen (6b).

Born som vedkjem Fedje: a. Anna Regina Albriktsd f. 1890 d. 1959, sjå nr 6. b. Oline Bergitte Albriktsd f. 1899 d. 1971 g. 1917 m. Elias Eriksen f. 1892 Stormark (gnr 172 bnr 34-le) d. 1962, budde på gnr 172 bnr 23-3.

Ole og Regina (kalla Gina) Breivik (bnr 4-6).

6. Regina Albriktsd f. 1890 Sulo i Øygarden (sjå 5a ovanfor) d. 1959 g. 1916 m. Ole Olsen Breivik f. 1892 Rong, Øygarden d. 1959 (son av Ola Nilsen f. 1852 d. 1894 og Kari Larsd f. 1853, ho vart oppattgift med Johannes Nilsen Breivik, Øygarden). Regina og Ole budde her frå giftarmålet. Bruket vart skøytt til sonen Olaf i 1922 for 1950 kr. Næringa var fiske og jordbruk.

Born: a. Olufina Breivik f. 1917 d. 1976 g. 1957 m. Konrad Olai Sæle f. 1914 Øygarden d. 1982, bustad Hopland i Austrheim (jf Austrheimb. II s 570). b. Olav Nyheim f. 1918 d. 2001, sjømann, g. 1950 m. Klara Amanda Ådnanes f. 1929 Bømlo d. 1985 (jf Bømlob. II s 216), bustad Stavanger. c. Albrikt Breivik f. 1921 d. 14 dg gl. d. Albrikt Breivik f. 1923 d. 1989 g. 1950 m. Ruth Fredheim f. 1916 Stormark (gnr 172 bnr 7-2c) d. 2006, busette der (3). e. Karl Johan Breivik f. 1925 d. 2016 g. 1947 m. Helga Kjeilen f. 1924 Nygård (gnr 172 bnr 100-1d) d. 2016, bygde der (gnr 172 bnr 111-1). f. Klara Aletta Breivik f. 1926 d. 2013 g. 1946 m. Johannes Kristoffer Wilhelmsen f. 1921 Hernar i Øygarden d. 2011, fiskar, busette der. g. Anton Breivik f. 1929 d. 2010, arb. Sporveien, g. 1954 m. Gerd Lillian Sørå f. 1927 Bergen, busette der. h. Gunnvald Breivik f. 1931 d. 1994, neste eigar (7). i. Melborg Oliva Breivik f. 1935 g. 1955 m. Harald Sverre Wilhelmsen f. 1920 Hernar i Øygarden d. 1965 (bror til Johannes g.m. f.), busette der.

7. Gunnvald Breivik f. 1931 på dette bruket (6h) d. 1994, sjømann og fiskar, g.l.g. 1960 m. Kjellfrid Fredrikke Andersen f. 1941 Masfjorden d. 1999 (jf Masfjordb. I s 135), es. oppløyst, ho flytta til Masfjorden. Gunnvald fekk skøyte på bnr 4 og 19 av broren Olaf i 1960.

Gunnvald var g.2.g. 1971 m. Helene Emilie Storvestre f. 1952 Sortland i Vesterålen. Dei budde her ei kort tid, før dei flytta til Sortland. Helene og sonen flytta til Oslo i 1984. Gunnvald budde her sidan.

Barn: a. Guttorm Breivik f. 1972, bustad Oslo, seinare Ungarn. Han fekk heimelen etter faren, og selde eigedommen til nr 8 i 1996.

8. Henning Breivik f. 1955 Nygård (gnr 172 bnr 111-le, son til 6e) g. 1978 m. Torill Alvær f. 1959 Alversund i Lindås, bustad Åsane i Bergen, seinare Moldekleiv i Meland, Alver kommune. Skøyte på bnr 4 og 19 i 1996. Huset vart brukt som feriebustad. Tomta med huset vart frådelt bnr 4 i 2005 med nytt gnr 172 bnr 220, sjå der.


Fedje komm.svg Nyheim (Fedje gnr 172 bnr 4) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Fjellheim (Fedje gnr 172 bnr 3) • Neste bolk: Solhaug (Fedje gnr 172 bnr 5)