Bakkehaug (Fedje gnr 172 bnr 111)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bakkehaug
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 111
Adresse: Stormarkvegen 148

Bakkehaug er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Born frå Nygård på isen på Grønevasstjørna i november 1965, bak bnr 116. Frå venstre: Terje Kjeilen, Asta Kjeilen, Anita Storhaug, Ole-Gunnar Breivik, Mariann Storhaug, Nina Nygård.

1. Helga Kjeilen f. 1924 Nygård (gnr 172 bnr 100-1d) d. 2016 g. 1947 m. Karl Breivik f. 1925 Stormark (gnr 172 bnr 4-6e) d. 2016. Skøyte på tomt frådelt gnr 172 bnr 100 i 1952. Huset vart bygd i 1954. Karl var maskinist, frå 1965 vaktmeister, familien flytta då til Fyllingsdalen i Bergen. Dei flytta som pensjonistar til Børkjeland, Radøy (sjå Radøyb. II s 695).

Born: a. Gudveig Berit Breivik f. 1948, sjå Stormark gnr 172 bnr 158. b. Ranveig Olava Breivik f. 1949 g. 1967 m. Karl Laurits Båtevik f. 1949 Grasdal i Austevoll, busette der, budde før på Skoge i Sund (jf Sundb. V s 605 og Austevollb. III s 438, hans far Karsten var son til Gregorius Karstensen Båtevik frå Vågane gnr 172 bnr 9-1c. Karsten var søskenbarn til Ranveigs mormor Gunhild Kjeilen, Nygård gnr 172 bnr 100). c. Kolbjørn Breivik f. 1951 var g.m. Bergliot Berg f. 1951, busette Oslo. d. Jorunn Helen Breivik f. 1954 var g.1.g. 1972 m. Arne Tøkje 1951 Austevoll (jf Austevollb. I s 238), bustad Randaberg, g.2.g m. Oddvar Arvid Valøen f. 1953 Steinkjer, bustad Ågotnes i Fjell, Øygarden kommune. e. Henning Breivik f. 1955, sjå Stormark gnr 172 bnr 4-8. f. Ole-Gunnar Breivik f. 1960 g.m. Linda Kolskår f. 1969 Kallestad i Fjell, bustad Skoge i Sund (sjå Sundb. V s 604). Ekteskapet oppløyst, hans bustad Turøyna i Fjell og så Manger på Radøy, Alver kommune. Ho flytta til Kallestad. g. Anne-Grete Breivik f. 1961 var g.m. Jonny Vabø f. 1959 Åsane (sjå Åsaneb. IV s 305), bustad Vadbu i Lindås, g.2.g. 1999 m. Helge Geirmund Kaland f. 1969 Austrheim (jf Lindåsb. III s 303 og 610, og Austrheimb. I s 176), flytta til Isdalstø i Lindås, Alver kommune.

2. Sigmund Stormark f. 1936 (gnr 172 bnr 30-3a) d. 2014, fiskar og sjømann, g. 1964 m. Turid Bergtun f. 1944 Berge (gnr 168 bnr 79-lc), bankmedarb. Skøyte her i 1968.

Born: a. Grete Stormark f. 1964, bygde på Stormark (gnr 172 bnr 166). b. Sissel Stormark f. 1967, sjå Nygård gnr 172 bnr 106-3. c. Vidar Stormark f. 1968 g. 1995 m. Evy Uthaug f. 1973 Bergen (sjå Brotet gnr 168 bnr 77-lca), bustad Fjell, bygde sidan på Nygård (gnr 172 bnr 197-1).


Fedje komm.svg Bakkehaug (Fedje gnr 172 bnr 111) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Sørli (Fedje gnr 172 bnr 106) • Neste bolk: Rødland (Fedje gnr 172 bnr 116)