Solbakken (Fedje gnr 172 bnr 30)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solbakken
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 72
Bnr: 30

Solbakken er ein eigedom i Fedje kommune.

1. Sjur Magnesen f. 1854 Gulen d. 1921 (son av Magne Sjursen f. 1829 d. 1880 og Marta Olsd f. 1826 d. 1885, sjå Gulenb. II s 536 og 111 s 220, dei flytta frå Byrknes til Rebnor i Austrheim før 1865, jf Austrheimb. III s 112). Marta var halvsøster til Anna Husa gnr 168 bnr 63-1, og søster til Mikkel Olsen, sjå Moldøyna gnr 170 bnr 3-19a) g. 1875 m. Marta Gjertina Sørensd f. 1853 Fivelsdal d. 1932 (dotter av Søren Gunnarsen f. 1817 d. 1893 og Olina Sjursd f. 1825 d. 1867, jf Gulenb. II s 528). Sjur og Gjertina var søskenborn med felles bestefar Sjur Andersen Sande, Gulen. Ho var søster til Karen Tresnes (gnr 172 bnr 18-1). Sjur og Gjertina flytta hit om lag 1885 frå Rebnor, der dei fem eldste borna er fødde. Huset vart flytta frå Byrknes og sett opp her. Dei rydda jorda, dyrka litt potet og hadde husdyr. Sjur var fiskar. Gjertina var hjelpekone ved fødslar. Ho fekk skøyte på dette bruket frådelt gnr 172 bnr 1 i 1922.

Born: a. Magne Olai Sjursen f. 1875 d. 10 dg gl. b. Magne Olai Sjursen f. 1877 d. 1958 g.l.g. 1901 m. Anna Marie Larsd f. 1878 Stormark (gnr 172 bnr 11-la) d. 1929, brukarar der (2). c. Marie Sofia Sjursd f. 1879 d. 1922, ugift, budde her, dreiv med sying og strikking. d. Severina Martina Sjursd f. 1881 d. 1926, fekk med Sigvald Pettersen f. 1878 Fosnavåg, HerøySunnmøre d. 1949 (jf Herøyb. II s 339 og III s 119) sonen da. Sverre Sigvaldsen Stormark f. 1910 d. 1965, oppvaksen her, seinare eigar (3). Severina g. 1920 m. em. Kristoffer Sjursen Østgulen f. 1880 Gulen d. 1948, budde på Fonnevik, sjå Gulenb. I s 287. e. Anders Olai Sjursen Solheim f. 1883 d. 1953, sagmeister, bustad Bergen, g.l.g. 1906 m. Lettine Kristine Goteberg f. 1879 Vågsøy, Nordfjord d. 1923, es. oppløyst, g.2.g. m. Inga Marie Johannesd f. 1887 Steinkjer d. 1926. f. Antolina Monsina Sjursd f. 1886 d. 1913, fekk med Jørgen Trulsen f. 1881 Merkesdal i Gulen d. 1966 Austevoll (jf Gulenb. II s 361, og Austevollb. II s 732) sonen fa. Georg Severin Stormark f. 1909 d. 1957, oppvaksen her, arb. fyrvesenet m.a. på Holmengrå og Ryvarden fyr (i Sveio), g. 1948 m. Johanna Jørgina Krokås f. 1909 Askøy d. 1994, budde der. Antolina (Lina) tente hjå Bertha og Ingebrigt Midthun, Stormark gnr 172 bnr 4-3, og flytta saman med dei til Aurland i Sogn i 1911, der ho døydde. g. Guttorm Severin Sjursen Storemark f. 1888 d. 1918, reiste til USA, fiskar, bustad Astoria i Oregon, døydde i spanskesykja. h. Gjertine Johanne Sjursd f. 1891 d. 1951 g. 1923 m. Anton Johannessen f. 1889 Stormark (gnr 172 bnr 27-1 f) d. 1934, bygde på Stormark (gnr 172 bnr 31-1). i. Elen Gurina Sjursd f. 1894 d. 1956 g. 1914 m. Hilmar Mariussen f. 1894 Sulo i Øygarden d. 1949, sjå Stormark gnr 172 bnr 24-1. j. Ole Adolf Mikal Sjursen f. 1897 d. 1970, sjå nr 2 her.

2. Ole Sjursen Stormark f. 1897 på dette bruket (lj) d. 1970 g. 1914 m. Elisabeth Marie Larsd f. 1883 Høylandsjøen, Sund d. 1953 (jf Sundb. I s 585, dotter av Lars Johannessen f. 1848 og Marta Nilsd f. 1852). Elisabeth var farsøster til Lisabeth Hatlem, Stormark gnr 172 bnr 20-4. Huset vart påbygd om lag 1915, slik at det kunne bu to familiar her. Ole var fiskar.

Born: a. Alfred Andersen f. 1912 Sund d. 1988 (Elisabeths son med Anders Olsen f. 1882 Høyland, Sund d. 1961, budde der), g. 1942 m. enkja Marry Stormark f. 1912 (gnr 172 bnr 7-2a) d. 1988, busette på gnr 172 bnr 11-4. b. Lilly Modeste Olsd f. 1915 d. 1933 (tub.).

Ole Sjursen flytta til Bergen etter at kona døydde, og vart oppattgift der 1955 med Aslaug Titland f. 1895 Bergen d. 1979. 3. Sverre Sigvaldsen Stormark f. 1910 på dette bruket (1da) d. 1965 g. 1935 m. Jenny Stormark f. 1912 (gnr 172 bnr 22-la) d. 1999. Dei budde her frå giftarmålet saman med nr 2. Sverre fekk tinglyst heimel i 1943. Han var fiskar. I tillegg var han reserveassistent på Holmengrå fyr frå 1950 til 1954.

Born: a. Sigmund Stormark f. 1936 d. 2014 g. 1964 m. Turid Bergtun f. 1944 Berge (gnr 168 bnr 79-lc), busette Nygård (gnr 172 bnr 111-2). b. Arvid Stormark f. 1938 d. 2007 g. 1962 m. Reidun Rolland f. 1944 Vaksdal d. 2024, busette på Stormark gnr 172 bnr 123. c. Signy Jorunn Stormark f. 1941 g. 1962 m. Torvald Skår f. 1942 Eidfjord d. 2015 (jf Eidfjordb. s 569), bussjåfør, bustad Fjell, Øygarden kommune. d. Berit Gudrun Stormark f. 1944 d. 2020 g. 1966 m. Sigfred Tømmerbakk f. 1946 Nordkapp, sjå Stormark gnr 172 bnr 139-1 og gnr 172 bnr 148-2. e. Johnny Stormark f. 1946 d. 2023 g. 1978 m. Lisbeth Larsen f. 1951 Halden, bustad Stormark gnr 172 bnr 139-2. f. Else Oliva Stormark f. 1951 d. 2018 g. 1977 m. Nils Otto Petersen f. 1950 Audnedal i Vest-Agder, bustad Bergen, seinare Audnedal. – Dei seks søskena fekk skøyte i 2000 på bnr 30, som berre omfattar jord, då tomta med huset vart frådelt i 1999 med nytt gnr 172 bnr 199, sjå gnr 172 bnr 117 og gnr 172 bnr 209.


Fedje komm.svg Solbakken (Fedje gnr 172 bnr 30) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Sørhaug (Fedje gnr 172 bnr 29) • Neste bolk: Solberg (Fedje gnr 172 bnr 31)