Ryvarden fyrstasjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ryvarden fyrstasjon
Ryvarden-fyrstasjon.jpg
Foto: Svein-Magne Tunli
Oppretta: 1849
Bygd/ombygd: 1860/61 - 1890/91 - 1935 - 1958
Status: Automatisert og avfolket 1984
Funksjon: Leifyr
Type: Fyrmesterbolig 1935, fyrbetjentbolig 1958, 3 uthus, naust
Eier: Sveio kommune
Sted: Mølstrevåg
Kommune: Sveio kommune
Fylke: Hordaland

Ryvarden fyrstasjon i Sveio kommune ligg på eit nes som stikk godt ut i fjorden, med utsikt til Bømlafjorden nordover og Sletta sørover. Ein smal grusveg svingar seg 2 km utover frå den gamle handelstaden Mølstrevåg og byr på skiftande natur, frå særprega kulturlandskap, gamle steinmurar, eit rikt planteliv til forblåste lyngrabbar. På denne vegen er det normalt kjøreforbod, men det kan gis dispensasjon for kjøring heilt ut.

Etter at Ryvarden fyrstasjon vart automatisert og fråflytta i 1984, har dei gamle bygningane på fyret i Sveio lengst sør i Hordaland fått nytt liv som kultursenteret Galleri Ryvarden, eller som det også vert kalla - Ryvarden kulturfyr. Galleriet vart opna i 1992, då den vertikaldelte fyrbetjentbustaden slo opp att dørene, med nyoppussa vegger fulle av biletkunst, med solide tremøblar og ei lokkande lukt av kaffi og nysteikte vaflar.

På Ryvarden Kulturfyr finn du i dag Galleri Ryvarden m/kafe, eit kunstatelier og fyrmesterbustaden som vert utleigd.

Fyret er medlem av Norsk Fyrhistorisk Forening-

Kilder

  • Eli J. Ellingsve: Finn et fyr, Tapir Akademisk forlag, 2009
  • Kystverket: Landsverneplan for maritime kulturminner, 2009 (pdf)

Se også