Audnedal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Audnedal kommune
1027 Audnedal komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1027
Fylke Vest-Agder
Kommunesenter Konsmo
Areal i  km²(2020) 251,45 km²
Folketal 2020 1786 (2018)
Grunnlagt 1964
Opphørte 2020
No del av Lyngdal kommune
Målform Nøytral

Audnedal kommune var ein kommune i Vest-Agder, som grensa til Åseral i nord, Marnardal i aust, Lindesnes i sør og Lyngdal og Hægebostad i vest. Bygda Konsmo var administrasjonssenter, medan Helle, Byremo og Sveindal var tettstader i kommunen. Audnedal kommune, som hadde namn etter Audnedalen, vart oppretta i 1964, då kommunane Konsmo og Grindheim og ein mindre del av Bjelland vart samanslegne. I samband med Solberg-regjeringa si kommunereform vart Audnedal 1. januar 2020 innlemma i Lyngdal kommune.

Landbruket er viktig som næringsveg i tidlegare Audnedal kommune, særlig husdyrbruk og skogbruk. Industrien er i stor grad knytta til skogbruket.


Kjelder og litteratur