Solhaug (Fedje gnr 172 bnr 18)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solhaug
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 18

Solhaug var eit bruk i Fedje kommune.

1. Kristen Karlsen Tresnes f. 1864 (gnr 171 bnr 1-1d) d. 1921 g.1.g. 1890 m. Katrina Larsd f. 1865 Sulo (gnr 169 bnr 34-1f) d. 1910. Dei var søskenborn då fedrene var brør. Dei var plassfolk med jord i Træsneset, og sette opp sitt eige hus i 1890-åra. Plassen vart kalla Træsberget. Kristen var fiskar.

Born: a. Berta Jørgina Kristensd f. 1891 d. 1910. b. Larsina Olina Kristensd f. 1892 d. 1910. c. Anna Kristensd f. 1894 d. 1914. d. Karl Andreas Kristensen f. 1897 d. 1924, sjå nr 2 her. e. Peder Martin Kristensen f. 1899 d. 1923. f. Kornelius Kristoffer Kristensen f. 1902 d. 1923. g. Aslaug Kristine Kristensd f. 1905 d. 1927 g. 1925 m. Anders Johannessen Kaarstad f. 1899 Kvamme i Vaksdal d. 1994 (jf Vaksdalb. III s 268), bustad Bergen.

Denne familien fekk ein tragisk lagnad, alle sju borna døydde av tuberkulose i ung alder.

Til venstre Olai Olsen f. 1898 (sjå Husa bnr 63). Dei to andre er Tresnes-brør, truleg Kornelius (f. 1902, 1f, i midten) og Peder (f. 1899, 1e).

Enkjemannen Kristen g.2.g. m. Karen Sørensd f. 1862 Fivelsdal d. 1924 (jf Gulenb. II s 528 og III s 304). Ho var enkje etter Jon Hansen f. 1844 Byrknes d. 1904, og søster til Gjertina Stormark (gnr 172 bnr 30-1). Skøyte 1917 frå Fedje Torvbruk for 1000 kr på dette bruket frådelt Stormark gnr 172 bnr 2 same året. Kristen og Karen døydde òg begge av tuberkulose. Av skiftet etter dei i 1925 går det fram at dei hadde to kyr. Husa vart selde og flytta til Dale i Vaksdal. Jorda vart kjøpt av Konrad Olsen Nestang, Kongestølen (gnr 169 bnr 10-2). Han skøytte halvdelen til broren Olai Olsen Fagerheim, Sulo (gnr 169 bnr 41-1) i 1954. Frå 1975 var John Kongestøl (Hesthaugen gnr 169 bnr 75-2) eigar. I 1995 skøytte han ein firedel kvar til søskena Olav, Kara og Hjørdis. Dottera Kathy overtok Johns firedel i 2014.

2. Karl Kristensen Tresnes f. 1897 på dette bruket (1d) d. 1924 g. 1923 m. Petra Karia Steffensd Søreide f. 1903 Austevoll d. 1982 (jf Austevollb. II s 613). Ho var søster til Hanna Langedal, Sulo (gnr 169 bnr 52-1), sjå der. Dei budde her den korte tida dei var gifte.

Barn: a. Edvin Severin Tresnes f. 1924 d. 8 md gl.

Enkja Petra g.2.g. 1931 m. Peder Brynjolv Nikolai Nilsen Minde f. 1898 Arna, Bergen d. 1974 (sjå Hausb. III s 256), kjøpte gard på Tuft i Åsane, Bergen i 1936 (jf Åsaneb. II s 235).


Fedje komm.svg Solhaug (Fedje gnr 172 bnr 18) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Bruknapp (Fedje gnr 171 bnr 2) • Neste bolk: Hodnestøl (Fedje gnr 172 bnr 187)