Havblikk (Fedje gnr 169 bnr 75)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Havblikk
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 75
Adresse: Vidnappsvegen 33

Havblikk er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Laura Mikkelsen f. 1904 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-7a) d. 1996, ugift, kjøpte rett etter krigen ei brakke som tyskarane hadde sett opp. Den vart seinare påbygd. Tidlegare budde ho hjå foreldra på Kremmarholmen. Ho fekk skøyte i 1954 på tomta frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2, gnr 169 bnr 15, gnr 169 bnr 16 og gnr 169 bnr 17 (felles utmark) same året. Skøyte 1966 på tilleggsareal bnr 89, samanføydd med bnr 75 i 1984. Laura var reinhaldar i skulen.

Barn: a. Anne Lise Mikkelsen f. 1931 Fana, Bergen d. 1984, sjå nr 2 her.

2. Anne Lise Mikkelsen f. 1931 på dette bruket (1a) d. 1984 g. 1954 m. John Kongestøl f. 1930 (gnr 169 bnr 10-2e) d. 2004, fiskeskipper, medeigar M/S «Bruvåg». Dei budde her frå giftarmålet saman med nr 1. John fekk skøyte i 1996.

Born: a. Johnny Arnt Kongestøl f. 1955, neste eigar (3). b. Kathy Lovise Kongestøl f. 1958 g. 1984 m. Inge Solberg f. 1962 Bergen, busette der.

3. Johnny Kongestøl f. 1955 på dette bruket (2a) fekk skøyte i 2018. Han budde før i Smineset (gnr 169 bnr 19-5), sjå der.


Fedje komm.svg Havblikk (Fedje gnr 169 bnr 75) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Østheim (Fedje gnr 169 bnr 71) • Neste bolk: Årland (Fedje gnr 169 bnr 76)