Årland (Fedje gnr 169 bnr 76)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Årland
S372.169.76.CD 11 052.jpg
Flyfoto 1963, Sulo og Hesthaugen i framgrunnen. Frå venstre langs vågen: bnr 15, to naust, bnr 44, bnr 66, bnr 1. Framme frå venstre: bnr 69, bnr 70, bnr 76 (framom), bnr 50 (bak), bnr 55, «garasjen» (framom, seinare riven), bnr 54, framom loshytta (bnr 23). I bakgrunnen utsyn over sentrum.
Foto: Widerrøes Flyveselskap
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 76
Adresse: Vidnappsvegen 31

Årland er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Lars Olai Aarland f. 1923 Austevoll d. 2013 (sjå Austevollb. I s 353, Lars var bror til Arne Aarland, Husøyna gnr 168 bnr 221) g. 1947 m. Margit Oline Kausland f. 1922 Sund d. 2003 (jf Sundb. III s 583). Lars var los, og familien kom til Fedje i 1953, dei budde først på Smineset. Skøyte 1955 på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2, gnr 169 bnr 15, gnr 169 bnr 16 og gnr 169 bnr 17 (felles utmark ) same året. Huset vart bygd i 1957. I 1969 flytta dei til Bergen.

Born: a. John Ove Aarland f. 1948 d. 2010, ingeniør, g. 1971 m. Jorunn Koppen f. 1950 (gnr 168 bnr 127-la), bustad Fjell, seinare Bergen. b. Even Otto Aarland f. 1952, oljearb., g. 1972 m. Kari Emelie Lemvik f. 1954 Bergen, servitør, busette der, flytta i 2014 til Frekhaug i Meland, Alver kommune.

2. Asbjørn Mongstad f. 1919 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 6-3d) d. 1989 g. 1949 m. Mally Nyheim f. 1920 Byrknes d. 1996. Dei fekk skøyte her i 1970, og flytta hit. Tidlegare budde dei i Hesthaugen gnr 169 bnr 18-4, der heile familien er ført.

3. Frank Arthur Krüger f. 1975 Grimstad, jf Muren (gnr 168 bnr 72-3a) var g.1.g. 2002 m. Salina Balkaran f. 1980. Skøyte i 1998. Ho flytta til Husøyna gnr 168 bnr 242-3.

Born: a. Erich Adrian Krüger f. 2002. b. Amanda Krüger f. 2004.

Frank g.2.g. 2013 m. Julie Anne Marbella f. 1983. Dei flytta til Vetås på Radøy, Alver kommune.

Hennar dotter: c. Denise Lieanne Marbella Saroca f. 2007.

4. Rune Midtun Borgerød f. 1967 Sandsøya i Harstad g. 2000 m. Mabel Berntsen f. 1970 Askøy, budde der. Skøyte i 2016. Seinare bustad Svena (gnr 168 bnr 422-3).

5. Ronny Osvaag Tømrer AS ved Ronny Osvaag f. 1966 g. 2000 m. Wivian With f. 1967, bustad Laksevåg i Bergen, fekk skøyte i 2020. Huset vart brukt som fritidsbustad, og vart renovert. Sjå òg Hesthaugen gnr 169 bnr 229.

Barn: a. Andre With Leganger f. 1986, bustad Bergen. b. Robert With Leganger f. 1988, bustad Laksevåg (frå 1. es. m. Egil Leganger f. 1967, bustad Bergen) c. Victoria With Osvaag f. 1993, bustad Laksevåg.

6. Søsterselskapet AS, sjå Kopper (gnr 168 bnr 231-4), fekk skøyte i 2022.

7. Andreas Hagen f. 1978 g. 2002 m. Ragnhild Kvanneid f. 1980, begge frå Kristiansand, der dei budde før. Begge tilsette på Feddie Ocean Distillery, han som driftsleiar. Dei er leigetakarar her, budde først på Kopper (gnr 168 bnr 335-13).

           Born: a. Simen Andreas Hagen f. 2001. b. Vetle Kvanneid Hagen f. 2010. c. Mari Kvanneid Hagen f. 2013.


Fedje komm.svg Årland (Fedje gnr 169 bnr 76) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Havblikk (Fedje gnr 169 bnr 75) • Neste bolk: Vestheim (Fedje gnr 169 bnr 102)