Jan-ås (Fedje gnr 168 bnr 242)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan-ås
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 242
Adresse: Flundrevågsvegen 28

Jan-ås er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Audun Uthaug f. 1935 Brotet (gnr 168 bnr 77-1b) d. 2012, filialstyrar bank, g. 1956 m. Jorid Olida Indrebø f. 1934 Askvoll i Sunnfjord d. 2015 (jf Askvollb. IIA s 217), fiskeindustriarb. Familien budde i Bergen frå 1963 til 1972. Skøyte 1974 på tomt frådelt Nord-Tangen gnr 168 bnr 25 m.fl. Huset vart bygd i 1975.

Born: a. Åse Uthaug f. 1957 g. 1976 m. Jan Berge f. 1954 Stormark (gnr 172 bnr 15-2b), bygde der (gnr 172 bnr 143). b. Jan Gisle Uthaug f. 1965, teknikar, g. 1987 m. Ruth Fonnes f. 1964 Austrheim, sjukepleiar, busette der på Årås (jf Austrheimb. I s 300 og II s 403). Sjå òg Stormark gnr 172 bnr 158-2.

2. Are Kaale f. 1971 Kvam samb.m. Giske Lyngbø f. 1969, budde før i Fjell og Bergen. Skøyte i 2014. Dei flytta til Kuneset i Austrheim. Sjå òg Svena gnr 168 bnr 424-2, der borna hans er ført.

Hennar born frå es. m. Inge Njøten f. 1969, bustad Bergen: a. Adrian Lyngbø Njøten f. 1993, bustad Bergen. b. Mads Lyngbø Njøten f. 1996, bustad Bergen. c. Iben Lyngbø Njøten f. 1998, bustad Bergen.

3. Frode Hjønnevåg f. 1974 Vågane (gnr 172 bnr 131-1c), skipsførar, budde før i Bergen, g. 2018 m. Salina Balkaran f. 1980 Barrackpore på Trinidad, Trinidad og Tobago, helsefagarbeidar, sjå Hesthaugen gnr 169 bnr 76-3. Skøyte i 2019.

Barn: a. Emma Karen Hjønnevåg f. 2019.


Fedje komm.svg Jan-ås (Fedje gnr 168 bnr 242) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Hildebu (Fedje gnr 168 bnr 240) • Neste bolk: Øitun (Fedje gnr 168 bnr 246)