Løvoll (Fedje gnr 172 bnr 131)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Løvoll
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 131
Adresse: Sildevågen 19

Løvoll er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Gabriel Hjønnevåg f. 1936 Vågane (gnr 172 bnr 98-1e) g. 1964 m. Inger Johanne Tverå f. 1939 Mo i Rana d. 2024, førskulelærar, styrar Fedje barnehage då den starta opp. Skøyte på tomt frådelt gnr 172 bnr 109 (jf gnr 172 bnr 98) i 1972. Huset vart bygd i 1971. Skøyte til Gabriel i 1984 på bnr 109, etter at han og dei tre søskena hadde fått skøyte i 1974. Gabriel var skipper, dreiv fiskeoppdrett frå 1983 til 1990. I 1995 flytta han og Inger til Torrevieja, Spania. Dei flytta sidan tilbake hit.

Born: a. Øivind Hjønnevåg f. 1965, neste medeigar (2). b. Svein Hjønnevåg f. 1968 d. 1987. c. Frode Hjønnevåg f. 1974, bustad Husøyna (gnr 168 bnr 242-3). Brørne Øivind og Frode fekk skøyte på gnr 172 bnr 109 og bnr 131 i 1995.

2. Øivind Hjønnevåg f. 1965 på dette bruket (1a), ingeniør, g. 2018 m. Åshild Saggau Holm f. 1968 Laksevåg i Bergen, lektor, bustad Nesttun i Bergen. Han er eigar av ½.

Born: a. Tor Gabriel Hjønnevåg Saggau-Holm f. 2002. b. Åse Johanne Hjønnevåg Saggau-Holm f. 2005.


Fedje komm.svg Løvoll (Fedje gnr 172 bnr 131) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Øvrevoll (Fedje gnr 172 bnr 113) • Neste bolk: Reset (Fedje gnr 172 bnr 142)