Brattvoll (Fedje gnr 172 bnr 98)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brattvoll
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 98
Adresse: Sildevågen 26

Brattvoll er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Karsten Hjønnevåg f. 1903 Vågane (gnr 172 bnr 28-1a) d. 1978 g. 1929 m. Karen Gullaksen f. 1905 Muren (gnr 168 bnr 82-1c) d. 1965. Skøyte på tomt frådelt gnr 172 bnr 28 i 1938. Skøyte på halvdelen av jorda til gnr 172 bnr 28 frådelt i 1948 med bnr 109. Huset vart bygd i 1938. Karsten var bankmedarb., likningssekretær (1953-1958) og forretningsførar for Feie fiskarlag. Han dreiv landhandel her før krigen.

Born: a. Ingunn Hjønnevåg f. 1931 d. 2016 g. 1954 m. Kåre Audun Andvik f. 1926 Bergen d. 2013 (jf Masfjordb. I s 522), verkstadformann, bustad Bergen. b. Yngve Hjønnevåg f. 1933, skipper, g. 1961 m. Marta Havsgård f. 1937 Haugesund, busette der. c. Gabriel Kristoffer Hjønnevåg f. 1936 g. 1964 m. Inger Tverå f. 1939 Mo i Rana d. 2024, bygde på frådelt tomt (gnr 172 bnr 131). d. Johannes Hjønnevåg f. 1946, neste eigar (2).

2. Johannes Hjønnevåg f. 1946 på dette bruket (1d), kontormedarbeidar, bustad Svalbard. Skøyte på bnr 98 i 1977, etter at alle fire søskena hadde fått skøyte i 1974. Johannes skatta til Fedje, og bruker huset som feriebustad. Han flytta til Bergen som pensjonist.


Fedje komm.svg Brattvoll (Fedje gnr 172 bnr 98) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Austgård (Fedje gnr 172 bnr 28) • Neste bolk: Øvrevoll (Fedje gnr 172 bnr 113)