Strandly (Fedje gnr 168 bnr 82)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Strandly
S224.168.82.CD 12 078.jpg
Huset til bnr 82.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 82

Strandly er ein tidlegare bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Karolina Hansd f. 1880 Muren (gnr 168 bnr 18-15a) d. 1966 g. 1901 m. Gabriel Gullaksen f. 1879 Grenda (gnr 168 bnr 17-15d) d. 1935. Han var matros i ungdommen, ifølgje folketeljinga 1900 var han då på reise frå Australia til Bristol i England. På Fedje var han fiskar. Dei sette opp hus på Muren om lag 1906. Tomta vart frådelt gnr 168 bnr 18 først i 1942, tinglyst skøyte til Lina (som ho vart kalla) i 1957.

Born: a. Emma Hansine Gullaksen f. 1902 d. 1993, oppvaksen i Telavågen, Sund hjå Ragnhild Telle (sjå Sundb. IV s 637) frå ho var 9 til 20 år, g. 1924 m. em. Hagerup Karlsen Uthaug f. 1899 (gnr 168 bnr 20-9a) d. 1968, budde der (11). b. Gunhild Marie Gullaksen f. 1903 d. 1921. c. Karen Sofie Gullaksen f. 1905 d. 1965 g. 1929 m. Karsten Hjønnevåg f. 1903 Vågane (gnr 172 bnr 28- la) d. 1978, budde der (gnr 172 bnr 98-1). d. Georg Kristoffer Gabrielsen f. 1907 d. 1988, arb. Horten verft, g. 1939 m. Hjørdis Marense Kristoffersen f. 1905 Horten d. 1995, budde der. e. Edvin Malvin Gullaksen f. 1909 d. 1985 g. 1935 m. Olga Krossnes f. 1909 Øygarden d. 1999, bygde på Muren (gnr 168 bnr 72). f. Ragnvald Elias Gullaksen f. 1909 d. 2003 (tvilling med e.) g. 1946 m. Gudrun Eide, Bergen f. 1908 d. 1990, bygde på Børhaugen gnr 168 bnr 101. g. Ragna Bergitte Gullaksen f. 1911 d. 1917. h. Olaf Severin Gullaksen f. 1913 d. 2009 g. 1938 m. Mally Eide f. 1914 (gnr 168 bnr 15-19c) d. 1976, busette der (20). i. Martin Gullaksen f. 1916 d. 2001, arb. Haakonsvern, g. 1953 m. Malena Heimvik f. 1921 Osterøy, sydame, bustad Åsane i Bergen. j. Jenny Borghild Gullaksen f. 1916 d. 2000 (tvilling med i.) g. 1948 m. Hugo Faarlund f. 1912 Oslo d. 1990, malar, busette der. k. Ragna Bergit Gullaksen f. 1918 d. 2015 g. 1942 m. Mikal Stormark f. 1917 (gnr 172 bnr 8-lc) d. 1984, bustad Lindås til 1954, så Fana i Bergen, frå 1980 Nodeland, Songdalen ved Kristiansand. l. Edith Signe Gullaksen f. 1920 d. 2011 g. 1941 m. Einar Gjelsvik f. 1915 Bjørsvik, Lindås d. 1991, budde der (sjå Hosangerb. I.2 s 454). Edith flytta som enkje til Åsane i Bergen.

Skøyte på dette bruket i 1968 til Fedje Fryseri AS. Huset vart rive i samband med utbygginga av fryseriet. I 1985 vart eigedomen skøytt til Fedje Fiskeindustri AS, og vart samanføydd med gnr 168 bnr 47 i 1987, sjå der (3).


Fedje komm.svg Strandly (Fedje gnr 168 bnr 82) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Oppheim (Fedje gnr 168 bnr 80) • Neste bolk: Frydenlund (Fedje gnr 168 bnr 103)