Tuften (Fedje gnr 168 bnr 47)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tuften
S219.168.47.CD 11 001.jpg
Bnr 47 Tuften før krigen, gamlekyrkja til høgre.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 47
Adresse: Muren 1

Tuften er ein tidlegare bustadeigedom, no næringseigedom, i Fedje kommune.

1. Edvard Hansen f. 1882 Muren (gnr 168 bnr 18-15b) d. 1972 g.l.g. 1902 m. Hansina Ivarsd f. 1881 Byrknes d. 1943 (dotter av Brita Gregoriusd f. 1859 og Ivar Trulsen f. 1850, sjå Gulenb. III s 183 og 251, Ivar var bror til Marta Moldøyna gnr 170 bnr 5-16). Dei sette først opp eit hus på denne tomta rundt 1905. Så vart Edvard los, og familien flytta huset i 1921 til Hesthaugen gnr 169 bnr 18 og budde der. Skøyte til Edvard på dette stykket i 1925, frådelt gnr 168 bnr 18 same året. Han sette opp nytt hus her om lag 1933, og han og kona flytta hit då krigen byrja. Det vart drive kafé i kjellaren på Muren. Det vart òg drive overnattingsverksemd her, m.a. for losane.

Born: a. Herman Elias Edvardsen f. 1902 d. 1970, fiskehandlar og sjømann, sigla i handelsflåten under krigen, g.1.g. 1935 m. Alvhild Norheim f. 1906 Kvam d. 1988 (jf Kvamb. I s 266), budde i Bergen, es. oppløyst. Herman g.2.g. 1941 Leith i Edinburgh, Skottland m. Euphemia Dudgeon f. 1916 d. 1994, budde der, es. oppløyst, g.3.g. 1953 m. Doris Aina Evy Høgberg f. 1913 Göteborg, Sverige, busette der. b. Ingolf Bertin Hansen f. 1903 d. 1988 g. 1924 m. Ruth Säfvenbom f. 1897 Oslo d. 1967, sjå Hesthaugen gnr 169 bnr 18-2. c. Gustav Hilmar Hansen f. 1906 d. 1973, styrmann, fiskehandlar, kapteinløynant, g.l.g. 1928 m. Magda Marie Olafsd Lerøen f. 1903 Austrheim d. 1928 (1 md etter bryllaupet, sjå Austrheimb. III s 305), g.2.g. 1932 m. Hjørdis Kirsten Hansd Nørve f. 1901 Ålesund d. 1986, sjukepleiar, bustad Bergen. Ekteskapet oppløyst, ho flytta til Oslo. Gustav var g.3.g m. Grace i London då han var i marinen under krigen, og g.4.g. 1953 m. Jenny Viktoria Reksten. d. Emil Hansen f. 1909 d. 1942 g. 1938 m. Eli Gaustad f. 1906 Haugesund d. 1993, sjå Hesthaugen gnr 169 bnr 18-3. e. Gullak Hansen f. 1910 d. nokre timar gl.

Enkjemannen Edvard Hansen g.2.g. 1945 m. Anfine Olausd Hauge f. 1893 Fjaler, Sunnfjord d. 1981 (sjå Fjalerb. II s 286), ho var enkje etter Olaf Lunde f. 1888 Bergen d. 1939, tollfunksjonær, dei budde der.

Ingeborg Marie Paulsen f. Eide, Askøy 1905 tente her ei tid, ho vart gift (i 1929) med D/S-fyrbøtar Konrad Pauli Johan Paulsen f. 1901 Hadsel i Nordland d. 1979 Askøy, dei hadde sonen Ingolf Johan Paulsen f. 1929 Askøy, som gjekk i skulen på Fedje og vart konfirmert her i 1944, seinare busett i Stavanger, matros, g. 1960 m. Laura Bjerga f. 1920 Furre i Sjernarøy, Finnøy d. 2016 (jf Sjernarøyb. s 301).

2. Skøyte 1973 på jorda på dette bruket samt naust til Anna og Ragnar Bergsvik (Muren gnr 168 bnr 42-2). Dei skøytte det vidare i 1974 til Oddvar og Paul Gullaksen (f. Kopper gnr 168 bnr 141). Bustadhuset vart frådelt i 1986 med nytt gnr 168 bnr 360, sjå der.

3. Skøyte her i 1981 til Fedje Fryseri AS. I 1985 fekk Fedje fiskeindustri AS skøyte, og i 1987 vart dette bnr samanføydd med gnr 168 bnr 82, 148, 166, 167 og 198. Bruket omfattar industribygget reist i 1961, sjå Steinborg gnr 168 bnr 29-4. Ved sida av slakteri og pakkeri for laks, hadde Fedje Fiskeindustri AS eit oppdrettsanlegg også for laks.

Det vart starta med røyking av laks i 1987. Fedje Fryseri AS ved Terje Storemark (sjå Husøyna gnr 168 bnr 327) og Kjell Samnøy (sjå Kopper gnr 168 bnr 390) fekk skøyte på bnr 47 i 1993. Leigetakaren Feie Røykeri AS, stifta i 1989, dreiv med slakting og pakking av laks og fiskeforedling. Bygget vart renovert og utvida i 1995. Sysselsettinga låg på rundt 50 årsverk. Den noverande leigetakaren er Feddie Ocean Distillery AS, som driv med produksjon av whisky, gin og akevitt, og sysselset 6 årsverk. Sjå Kopper (gnr 168 bnr 231-4).

4. Butikken Matkroken/Fedje Handel AS ved Terje Storemark opna her i leigd lokale i 2016. Butikken var tidlegare på Kopper (gnr 168 bnr 335). I Matkroken er det Post-i-Butikk.


Fedje komm.svg Tuften (Fedje gnr 168 bnr 47) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solberg (Fedje gnr 168 bnr 42) • Neste bolk: Bratsberg (Fedje gnr 168 bnr 71)