Bratsberg (Fedje gnr 168 bnr 71)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bratsberg
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 71
Adresse: Muren 8

Bratsberg er ein bustadeigedom, no brukt som fritidseigedom, i Fedje kommune.

Denne tomta vart utskild frå gnr 168 bnr 18 i 1938 og skøytt til brørne Malvin og Karl Tangen, som sette opp ein tomannsbustad her i 1939.

1. Malvin Tangen f. 1912 Grendaberget (gnr 168 bnr 32- le) d. 1948, fiskar, medeigar i M/K «Fiskholm» og M/K «Finn», g. 1938 m. Olga Jacobsen f. 1917 Bergen (sjå Kongestølen gnr 169 bnr 10-laa) d. 2015. Dei budde i 1. etasje.

Born: a. Egil Bernhard Tangen f. 1939 d. 1941. b. Svein Tangen f. 1943 g. 1961 m. Berit Førde f. 1943 Kopper (gnr 168 bnr 30-3a), bygde i Husøyna (gnr 168 bnr 233). c. Jan Bjarne Tangen f. 1946 d. 2016, industriarb., g. 1973 m. Esther Johannessen f. 1950 Askøy, bustad Bergen. d. Magnar Gunnar Tangen f. 1946 (tvilling med c), kontormedarbeidar, g. 1967 m. Beathe Kippersund f. 1945 Arna, Bergen (jf Hausb. II s 460), busette der.

Enkja Olga g.2.g. 1954 m. em. Thomas Thomassen f. 1907 Kopper (gnr 168 bnr 4-5e) d. 1994, Olga og borna flytta då dit (6). I 1955 selde ho sin halvdel av huset til svogeren Karl.

M/S «Nordos» H-185-AM, byggeår 1914, 53,7 fot lang, motor 50 HK Seffle. Eigarar Karl Tangen, Odin Husa, Adolf Strand, Johan Stuberg. Båten er her på tur i Masfjorden.
På størjefiske midt på 1950-talet. Karl Tangen framme, Magnus Uthaug bak.

2. Karl Tangen f. 1914 Grendaberget (gnr 168 bnr 32-lf, sjå der) d. 2009 g. 1945 m. Malena Gåsemyr, Seim i Lindås f. 1919 (sjå Stormark gnr 172 bnr 29-4a) d. 2004. Busette i 2. etasje her. I 1955 kjøpte dei den andre halvparten av huset, slik at dei vart eineeigarar. Karl var fiskar, medeigar i m.a. båtane «Finn», «Nordos», «Feios» og «Feiebuen». Malena var reinhaldar på skulen i 20 år. Karl kjøpte i 1954 nabotomta bnr 96 Fredly, frådelt gnr 168 bnr 18 i 1946 og då kjøpt av Magnus Berg (gnr 168 bnr 21-13).

Born: a. Mikael Geir Tangen f. 1946, neste medeigar (3). b. Liv Helga Tangen f. 1948, neste medeigar (4). c. Helge Tangen f. 1951, neste medeigar (5). d. Åse Tangen f. 1956, neste medeigar (6). – Dei fire søskena fekk skøyte i 2011. Huset vert brukt som fritidsbustad, og vart renovert i 2021.

3. Mikael Tangen f. 1946 på dette bruket (2a) g. 1995 m. Ruth Skoge f. 1957 Skoge i Fjell, begge adjunktar, busette der, no i Øygarden kommune. Han er eigar av ¼ frå 2011.

Born: a. Magne Mikael Tangen f. 1995, bachelor digital kultur, bustad Skoge. b. Lars Åsmund Tangen f. 1998, byggingeniør, bustad Skoge.

4. Liv Tangen f. 1948 på dette bruket (2b), lærar, g. 1974 m. Jon Egil Sjøvoll f. 1950 Skånevik i Etne, ingeniør, bustad Frekhaug i Meland, Alver kommune (jf Melandb. II s 507). Ho er eigar av ¼ frå 2011.

Born (adopterte): a. Shana Ahreum Mizuki Sjøvoll f. 1989, bustad Haukås, Åsane i Bergen. b. Anders Jonah Tangen Sjøvoll f. 1990, dataoperatør/maskinarbeidar, bustad Frekhaug i Meland, Alver kommune. c. Laila Jane Tangen Sjøvoll f. 1992, butikkmedarbeidar, bustad Søfteland i Os, Bjørnafjorden kommune.

5. Helge Tangen f. 1951 på dette bruket (2c), lærar/rektor, g. 1975 m. Kirsten Smidje f. 1949 Feios, Vik i Sogn (før i Leikanger), lærar, bustad Knarvik i Lindås, Alver kommune. Han er eigar av ¼ frå 2011. Helge var rektor på Fedje skule frå 2000 til 2014.

Born: a. Karl Magnus Tangen f. 1978, ingeniør, g. 2001 m. Siren Sandkleiv f. 1972 Grimstad, lærar, busette der. b. Ingrid Signe Tangen f. 1979, yrkesfaglærar/sjølvstendig næringsdrivande, bustad Eidsberg, Indre Østfold kommune, g. 1999 m. Kåre Johan Hauge f. 1975 Sarpsborg, busette der og i Rakkestad. Ekteskapet oppløyst, hans bustad Sarpsborg. c. Hans Kristian Tangen f. 1982, sjøkaptein, brannmeister, g. 2008 m. Lene Lunde f. 1988 Manger på Radøy (jf Radøyb. III s 218), spesialsjukepleiar, busette der, no i Alver kommune, etter å ha budd i Knarvik i Lindås. d. Lars Egil Tangen f. 1983, ingeniør, g. 2009 m. Maria Nævland f. 1983 Sandnes, sjukepleiar, busette der.

6. Åse Tangen f. 1956 på dette bruket (2d), hjelpepleiar/dagleg leiar, g. 1979 m. Oddvar Kemp f. 1958 Oslo, marineoffiser/statslos, bustad Bergen, seinare Oslo. Ho er eigar av ¼ frå 2011.

Born: a. Katrine Tangen Kemp f. 1981, sjukepleiar, samb. 2002 m. Kjetil Jacobsen f. 1978 Langesund i Bamble, bankmedarbeidar, busette der. b. Tonje Tangen Kemp f. 1984, seniorrådgjevar, g. 2012 m. Franz Ronald Goecke Saavedra f. 1978, universitetsforskar, bustad Oslo. c. Mats Roald Tangen Kemp f. 1990, barnevernspedagog, g. 2021 m. Thea Ramm f. 1992 Oslo, konsulent, busette der.


Fedje komm.svg Bratsberg (Fedje gnr 168 bnr 71) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Tuften (Fedje gnr 168 bnr 47) • Neste bolk: Nyborg (Fedje gnr 168 bnr 72)