Kopper (Fedje gnr 168 bnr 30)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kopper
S069.168.30.CD 02 033.jpg
Bjarne, Jakob, Lisa, Bertha og Einar Koppen framfor huset (bnr 30).
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 30
Adresse: Stormarkvegen 22

Kopper er eit småbruk i Fedje kommune.

1. Elisabeth Bertelsd f. 1863 Kopper (gnr 168 bnr 2-14d) d. 1951 g. 1885 m. Jakob Olai Jakobsen f. 1858 Austevoll (sjå Kopper gnr 168 bnr 2-10fa) d. 1928. Dei var søskenborn.

I 1894 vart dette bruket frådelt gnr 168 bnr 2, sjå nr 14 der. Matrikkelskyld etter delinga var 0 ort 57 øre. Delinga var i realiteten skjedd nokre år tidlegare, for Jakob er nemnd som sjølveigar alt i 1891. I 1896 fekk han tinglyst skøyte frå Fedje Torvkompagni for 1050 kr. Han og Lisa (som ho vart kalla) sette opp hus her, og dreiv med fiske og jordbruk. Jakob var notbas.

Born: a. Oluf Joakim Jakobsen Koppen f. 1885 d. 1948, utvandra til USA i 1904, ugift, budde lenge i San Francisco, California, dreiv fiske i Alaska etter krigen, omkom på sjøen. b. Johanna Konstanse Jakobsd 1887, utvandra til USA i 1905, budde i California, g.1.g. Brezan, g.2.g. Sydskog (frå Austlandet). c. Nils Jakobsen Koppen f. 1889 d. 1910, utvandra 1907 til Portland, Oregon i USA, ugift, døydde av tub. d. Bertha Malene Jakobsd f. 1892 d. 1983, neste brukar (2). e. Jakob Jakobsen f. 1895 d. 6 md gl. f. Jakob Jakobsen f. 1896 d. 1897. g. Konrad Jakobsen f. 1896 d. 1897. f. og g. var tvillingar og døydde same dagen 6 md gl. av meslingar ifølgje kyrkjeboka. h. Jakob Einar Jakobsen Koppen f. 1898 d. 1937, utvandra til USA i 1923, budde i San Francisco, California saman med a., ugift, sjømann, død etter at han vart slått ned på gata. i. Bjarne Jakobsen Koppen f. 1900 d. 1992, utvandra 1923 til Brooklyn, New York, g.1.g. 1924 m. Lovise Eriksd Husa f. 1901 (gnr 168 bnr 9-10e) d. 1949, g.2.g. 1958 m. Gunhild Krogh f. 1908 Karmøy d. 1985. Bjarne var verftsarb. og seinare fiskar. Han fekk skøyte på dette bruket i 1922, og skøytte det vidare til søstera Bertha i 1938.

Einar Koppen (1h), som døydde i 1937 under tragiske omstende i USA.
Bryllaupsbilde Anton Olsen og Bertha Koppen (2), gifte 1. januar 1920.

2. Bertha Jakobsd Koppen f. 1892 på dette bruket (1d) d. 1983 g. 1920 m. Anton Andreas Olsen f. 1893 Bodø d. 1958 (son av Andreas Olsen f. 1868 og Anna Martinusd f. 1870). Skøyte her i 1938. Anton reiste først til USA i 1923 og var nokre år, og så i 1952, arb. som malar, bustad Brooklyn i New York, Bertha reiste i 1954, kom tilbake hit etter at Anton var død.

Born: a. Erna Oliva Koppen f. 1921 d. 1988, neste eigar (3). b. Anny Ragna Koppen f. 1922 d. 1975, bygde på frådelt tomt gnr 168 bnr 146. c. Leif Koppen f. 1934 Bergen (fosterson), utvandra til USA i 1953, busett i Brooklyn, New York, sjømann, ugift.

3. Erna Koppen f. 1921 på dette bruket (2a) d. 1988 g. 1942 m. Henry Førde, Austrheim f. 1915 Bergen d. 1994 (jf Austrheimb. III s 152, og Sundb. I s 585). Skøyte her i 1959. Henry var malar, lenge vekependlar i Bergen.

Born: a. Berit Irene Førde f. 1943 g. 1961 m. Svein Tangen f. 1943 Muren (gnr 168 bnr 71-1b), bygde i Husøyna (gnr 168 bnr 233). b. Else Helen Førde f. 1950 g. 1968 m. Willy Færøy f. 1948 Solund i Sogn d. 2023, bygde på frådelt tomt gnr 168 bnr 223.

I 1995 fekk dei to søstrene heimelen her. Same året vart tomta med bustadhuset frådelt og selt med nytt gnr 168 bnr 390, sjå der. Bnr 30 omfattar jorda, to naust og løa, som vart ombygd til ein fritidsbustad i 2007.


Fedje komm.svg Kopper (Fedje gnr 168 bnr 30) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kopper (Fedje gnr 168 bnr 4) • Neste bolk: Husmenn på Kopper (Fedje)