Austli (Fedje gnr 168 bnr 233)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Austli
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 233
Adresse: Flundrevågsvegen 20

Austli er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Svein Tangen f. 1943 Muren (gnr 168 bnr 71-1b), disponent mekanisk verkstad, g. 1961 m. Berit Førde f. 1943 Kopper (gnr 168 bnr 30-3a), fiskeindustriarb., kontormedarb. Dei budde tidlegare i Bergen. Skøyte 1972 på tomt frådelt Nord-Tangen gnr 168 bnr 25 same året. Huset vart bygd i 1973. Det vart renovert i 2010.

Born: a. Magne Tangen f. 1961 d. 2017, prosessteknikar, g. 1988 m. Helle Karin Synnevåg f. 1963 Austrheim, sosialkurator, busette der på Årås (sjå Austrheimb. I s 385 og II s 394). b. Helge Erik Tangen f. 1965, sosialkurator, kontorfagansvarleg, g. 1991 m. Kari Elin Bergås f. 1966 på Lindås, siviløkonom, busette der (jf Lindåsb. III s 628). Ekteskapet oppløyst. Helge g. 2021 m. Elisabeth Valdersnes f. 1973 Knarvik i Lindås, driftskoordinator, busette der, no i Alver kommune. c. Tone Tangen f. 1969, hjelpepleiar, legesekretær, g. 1992 m. Tommy Berg f. 1968 Svena (gnr 168 bnr 236-1a), bustad Bergen. Ekteskapet oppløyst. Tone samb. 2017 m. Werner Helge Korbi f. 1966 Trondheim, lektor, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Austli (Fedje gnr 168 bnr 233) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Myrheim (Fedje gnr 168 bnr 230) • Neste bolk: Hildebu (Fedje gnr 168 bnr 240)