Nord-Tangen (Fedje gnr 168 bnr 25)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nord-Tangen
S269.168.25.CD 11 086.jpg
Flyfoto 1963. Frå venstre Berge, Tangane, Børhaugen. Bak frå venstre Rognsvågen, Svena.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 25
Adresse: Sjånesvegen 23

Nord-Tangen er eit tidlegare gardsbruk, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune

Som det går fram av namnet, ligg dette bruket lengst nord i Tangane. Det tidlegare namnet var Tangen Nordre. Uttalen er «nortånjenn». Den første gongen det vart gjort skilnad mellom Tangane i skattelistene, var i 1637, då det vart skrive «Yttertange» om dette bruket. Det vart også brukt i koppskatten 1645. Seinare har forstavinga «nord» festa seg, med Nor Tonge i 1645, Nord Tongen 1647, Nordre Tangen 1666, Nore Tongen 1723. Den gamle landskylda var på 2 pund fisk, slik at dette var det største og truleg det første bruket i Tangane.

1. Bjørn «i Thongenn» betalte 1 dalar i skatt i 1563.

2. Jesper er jamleg oppført på skattelistene frå 1603 til 1626.

3. Ola, kalla Ytre Tangen, er nemnd det eine året 1637.

4. Frå 1636 til 1653 er Anders Nilsen f. 1616 oppført på skattelistene på dette bruket. Koppskatten 1645 nemner kona Kari. Oppføringa i skattelistene frå og med 1654 syner at Anders må ha bytta bruk med Jon i Nedst-Tangen, sjå der gnr 168 bnr 27-3.

5. Jon Olsen, sjå Nedst-Tangen gnr 168 bnr 27-2, er brukar her frå 1654 til 1663.

6. Mons Sørensen f. 1610 (etter alder i 1666) er ny brukar frå 1664 ifølgje skattelistene, han er nemnd siste gong i 1668. Men han må ha budd her alt i 1651, for då vart han stemna av tiendmannen Hans Hansen (Ertsholmen 2) for å ha kalla han ein skjelm (slyngel), hund og bedragar. Dette skjedde då Hans kom og skulle krevja inn tienda på vegne av futen. Mons måtte berre vedkjenna at han hadde komme med desse ukvemsorda, men det var ikkje verre enn at han og Hans tok kvarandre i handa for retten og vart forlikte igjen. Matrikkelen 1665 syner at ein kunne fø to naut her, utsåd er ikkje nemnt. Ved manntalet 1666 hadde Mons sønene: a. Søren Monsen f. 1652 og b. Hans Monsen f. 1665. Dei hadde to ulike mødrer. I tillegg var den siste kona sine søner frå to tidlegare ekteskap oppgjevne: c. Anders Olsen f. 1659, d. Steffen Andersen f. 1661 og e. Ola Andersen f. 1662. Det er uråd å seia kva for Ola ho hadde vore gift med tidlegare. Anders Steffensen Holmen (5) kan ha vore far til d. og e., – det som tyder på det er farsnamnet Steffen, og at Anders Steffensen truleg døydde i 1663. Alle borna sine lagnader er ukjende.

7. Ingebrigt Jonsen f. 1650 (etter alder i 1701) er nemnd i skattelistene 1691-1694 og i manntalet 1701. Då hadde han stesonen a. Jakob Andersen f. 1683, ukjend lagnad. Landskylda var ½ våg fisk heretter. Siste gongen Ingebrigt er nemnd, er som fadder i 1703.

Skoskatten 1711, sjå litt allmennsoge om Fedje. Opplysningane her gjeld Vika, Børo, Nord-Tangen, Midt-Tangen, Nedst-Tangen, Berge (Ingeborgplassen) og Moldøyna.

8. Knut Johannessen f. om lag 1690 Kvalvåg i Lindås (son av Johannes Rasmussen, jf Lygrab. s 192) og kona er på Nord-Tangen ifølgje skoskatten 1711. Dei hadde tenaren Knut Monsen, og betalte i alt 2 ort 8 skilling i skatt. Dei fekk ikkje born saman, så kanskje var kona enkje etter nr 7, slik at ho var oppe i åra ved giftarmålet. Ho er nemnd som fadder fram til 1729. Knut vart som oftast kalla «unge Knut» i kyrkjeboka for å skilja han frå den samtidige Knut Midt-Tangen (gnr 168 bnr 26-4). Han fekk tinglyst bygselbrev i 1721 frå Dankert Dankertsen. Matrikkelen frå 1723 gjev desse opplysningane om Nord-Tangen: Brukar Knut, landskyld ½ våg fisk. Utsådet var på ⅛ tn havre og avlinga ¼ tn, altså berre to foll. Dyretalet var på 2 kyr, som dels måtte fôrast med tang og tare. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget. Knut er nemnd i faddersamanheng frå 1709 til 1729. Etterpå vart han avløyst av endå ein Knut (9).

9. Knut Larsen f. 1715 d. 1773 (begge årstal frå militær rulle) må vera den Knut som er oppført i skattelista i 1731, og er brukar frå då av, trass sin unge alder. I 1733 er han nemnd i ei sak i tingboka, han hadde stemna Even Øksneset (jf Austrheimb. III s 435) som var skuldig han 10 rdl. Men Even møtte ikkje, og saka vart utsett til vårtinget i 1734. Even møtte ikkje då heller, men vart dømd til å betala gjelda innan 15 dagar under trussel om utpanting. I ei anna tingsak i 1736 vart Knut stemna for gjeld i samband med at han overtok husa etter den førre brukaren. Kravhavar var Erik Olsen Hitland i Åsane (sjå Åsaneb. III s 539), og Knut Larsen vart dømd til å betala 29 rdl for husa, som Erik hadde arva etter morbroren Knut Johannessen (8). Erik var dreng på Fedje i 1734 ifølgje ei militærrulle. Knut Larsen gjekk over på kår frå 1753. Han var gift, men kona sitt namn er ukjent. Ho er berre nemnd som fadder i 1735, og har truleg døydd i barselseng då dottera vart fødd. Knut gifta seg ikkje opp att, og det var noko uvanleg på den tida.

Barn: a. Brita Knutsd f. 1736 d. 1741.

10. Jakob Olsen f. 1724 Kvalvågen i Austrheim d. 1757 g.2.g. 1751 m. Brita Ivarsd f. 1731 Litlås i Austrheim d. 1797. Jakob fekk tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen i 1750. Han var enkjemann etter Barbra Hansd Midt-Tangen, sjå gnr 168 bnr 26-9. Jakob var los. Brita var søster til Ola Moldøyna (gnr 170 bnr 2-9) og Turi Berge (gnr 168 bnr 21-4).

Born: a. Ivar Jakobsen f. 1751 d. 1752, 11 veker gl. b. Ola Jakobsen f. 1753 d. 4 dg gl. c. Barbra Jakobsd f. 1754 d. 1832 g. 1785 m. Mikkel Nilsen f. 1760 Åråsvågen, Austrheim d. 1831, brukarar på Muren (gnr 168 bnr 18-11). d. Jakob Jakobsen f. og d. 1757. e. Brita Jakobsd f. 1757 d. 11 dg gl. d. og e. var tvillingar.

Ved skiftet etter Jakob i 1757 var det berre dottera Barbra på 2½ år som levde att av borna, arv vel 1 rdl.

11. Enkja Brita Ivarsd (10) g.2.g. 1758 m. Amund Johannessen f. 1729 Hjertås, Austrheim d. 1803. Amund fekk tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen i 1757. Brukarar her til 1769, dei kom så på Stuberg, sjå gnr 168 bnr 19-10.

12. Ola Jonasen f. 1740 Årås, Austrheim d. 1786 (jf Austrheimb. II s 370, son av Jonas Persen f. 1711 d. 1747 og Magdeli Olsd f. 1708 d. 1779, sjå skifte på Midt-Tangen gnr 168 bnr 26-7) g. 1769 m. Anna Kristoffersd f. 1738 Sande, Gulen (dotter av Kristoffer Hognesen og Kari Mikkelsd d. 1745, sjå Gulenb. II s 545). Ingen av dødsfalla er førde i kyrkjeboka, Ola sitt er etter militær rulle. Ola fekk tinglyst bygselsetel frå Dankert Dankertsen Heiberg i 1769.

Born: a. Jonas Olsen f. 1769 d. 3 veker gl. b. Anna Sofie Olsd f. 1770 d. 1771, 8 veker gl. c. Per Olsen f. 1776, i 1794 tente han hjå sin kurator Dankert Dankertsen Heiberg på Gravdal, Laksevåg ved Bergen. Han vart dimittert frå det militære i 1801. Uvisst kvar det vart av han seinare.

13. Kari Ingebrigtsd f. 1753 Uthaugen (gnr 168 bnr 14-8c) d. 1796 g. 1781 m. Besse Olsen f. 1754 Leirvågen, Austrheim d. 1811 (jf Austrheimb. I s 48, son av Ola Jakobsen f. 1714 d. 1756 og Brita Bessesd f. 1717 d. 1767). Dei tok over bruket då dei gifta seg. Besse var los, han vart tilsett som fastlos i 1800 ifølgje Bergen losrulle.

Born: a. Brita Bessesd f. og d. 1782. b. Olea Bessesd f. 1783 d. før 1796. c. Marta Bessesd f. 1786 d. 1841 g. 1816 m. Lars Halvorsen f. 1787 på Austrheim d. 1840, budde i Austrheimsvågen der (sjå Austrheimb. III s 112), dei hadde dottera ca. Kari Larsd f. 1816 d. 1890, sjå Moldøyna gnr 170 bnr 3-18. d. Marta Bessesd d.y. f. 1790 d. 1827 g. 1825 m. Hans Johannessen f. 1803 Utluro, Lindås d. 1845, busette på Austrheim (jf Austrheimb. III s 80, og Lygrab. s 280).

Skiftet etter Kari i 1796 syner at arvingane var enkjemannen Besse og dei to døtrene med namn Marta. Det var lausøyre for om lag 17½ rdl i buet, og etter at gjeld og skiftekostnader var trekte frå, vart det vel 8 rdl til arvingane. Dei hadde m.a. tre kyr, ein vêr, ei sølvforgylt skål, ein sølvring, eit par sølvspenner, eit par spenner, ei smørkinne, ei hoggøks, tre kister, ei kiste med lås, eit tau, to bryggekar, tolv mjølkekoller, ei eikhalvtønne, fire ambrar, ei trantønne, ein stamp og eit par vassbøtter. Det som borna arva, skulle tilfalla faren for oppfostringa deira.

14. Enkjemannen Besse Olsen (13) g.2.g. 1796 m. Kari Larsd f. 1759 Rebnor, Austrheim d. 1829 (jf Austrheimb. III s 376). Dei fekk ein dødfødd son i 1799. I folketeljinga 1801 budde Besse og Kari her med yngste dotter hans, Marta 10 år. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 går det fram at garden kunne fø 2 storfe. Fiskeria var hovudnæringa. Verdien av bruket vart sett til 75 rdl. Det var skifte 1811 etter Besse. Det var enkja Kari og dei to døtrene hans som arva. Det var eige for 120 rdl i buet, og då gjelda på 7 rdl og skiftekostnadene på vel 12 rdl var trekte frå, vart det 100 rdl til arvingane, så økonomien var bra. Dei hadde m.a. tre kyr, ei kvige, ein sau, eit vêrlam, ei gryte, to høyljåar, eit par støvlar, ei eikehalvtønne, ein koparkjele, ein stamp, fire kister, ein eiktrankagge, ein spade, ein høvel, eit åkle, seks par buskapskjørel, ein del tau med anglar, eit torskegarn, eit småsildegarn og eit snøre.

15. Enkja Kari Larsd (14) g.2.g. 1812 m. enkjemannen Hans Nilsen f. 1767 Børo (gnr 168 bnr 24-13d) d. 1814, sjå nr 17 der. Bygselbrev frå Kristoffer Kahrs i 1812. Skiftet i 1829 etter Kari syner at arvingane var søskena hennar i Austrheim sine born, m.a. Lars Austrheim g.m. 13c ovanfor. Det vart ingenting på dei, då auksjonssummen for den selde lausøyren på 14 spd var akkurat nok til å dekkja gravferdskostnadene, gjelda og auksjons- og skiftekostnadene.

16. Lars Olsen f. 1789 Stuberg (gnr 168 bnr 19-11c) d. 1863 g. 1817 m. Kari Olsd f. 1792 Verås, Lindås d. 1866 (dotter av Ola Knutsen f. 1765 og Marta Gregoriusd f. 1754, sjå Lindåsb. IV s 123). Kari var morsøster til Kari Gunnarsd Grenda (gnr 168 bnr 17-13). Bygsel frå Kristoffer Kahrs i 1818. Matrikkelen 1838 syner at ny skyld var 1 ort 3 skilling. I 1835 var det på alle tre bruka i Tangane 7 storfe og 12 sauer, og dei sådde i alt 1 tn både av havre og potet. I 1845 hadde Lars og Kari 2 storfe og 6 sauer, og sådde ⅛ tn havre og det same med potet. I 1855 hadde dei òg 2 storfe, medan talet på sauer var gått opp til 10. Utsådet var auka til ¼ tn av begge slag.

Born: a. Marta Larsd f. 1818 d. 1854 g. 1844 m. Knut Jakobsen f. 1820 Øksneset, Austrheim d. 1893, budde på Børo (husmenn 4). b. Synneva Larsd f. 1821 d. 1896 g. 1849 m. em. Gudmund Oddsen f. 1819 Nordøyna, Øygarden d. 1864, brukarar på Stuberg (gnr 168 bnr 19-16). c. Mikkel Larsen f. 1823 d. 15 veker gl. d. Martinus Larsen f. 1825 d. 1864 g. 1853 m. Marta Thomasd f. 1823 Berge (gnr 168 bnr 21-7d) d. 1911, budde på Eide (gnr 168 bnr 15-17). e. Rasmus Larsen f. 1828 d. 5 md gl. f. Olsina Larsd f. 1830 d. 1910, neste brukar (17). g. Ragnhild Larsd f. 1833 d. 1914 g. 1858 m. Andreas Eriksen f. 1836 Børilden, Austrheim d. 1896, budde i Hesteneset (gnr 169 bnr 4-1). h. Guri Larsd f. 1836 d. 3 veker gl. i. Ola Larsen f. 1839 d. 1858.

Huset i Nord-Tangen før vegen kom forbi.

17. Olsina Larsd f. 1830 på dette bruket (16f) d. 1910 g. 1856 m. Kristian Monsen f. 1832 Vika (gnr 168 bnr 28-13a) d. 1906. Bygselbrev 1859 frå Kristoffer og Arnold Kahrs med kår til dei førre brukarane. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 1,2 kyrlag og utsådet ¼ tn havre og ¾ tn potet. Avlinga var på ¾ tn havre, 2¼ tn potet og 70 våger høy. Det var 0,5 mål dyrka åker og eng, og 5 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var middels lettdriven og godt dyrka. I 1865 hadde Olsina og Kristian 4 storfe og 2 sauer, og sådde ⅜ tn havre og ⅞ tn potet. I 1875 var dyretalet 1 ku, 1 kalv og 12 sauer, og utsådet ⅓ tn havre og ½ tn potet. Næringa var fiske og jordbruk.

Born: a. Martina Kristiansd f. 1856 d. 1875. b. Kristina Kristiansd f. 1858 d. 1944 g. 1901 m. em. Bertel Andersen f. 1851 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-14g) d. 1929, brukarar på Brotet (gnr 168 bnr 16-15). c. Martinus Kristiansen Tangen f. 1860 d. 1915, neste brukar (18). d. Lars Kristiansen f. 1862 d. 1948 g.1.g. 1886 m. Margrete Marie Hansd Knoph f. 1841 Bergen d. 1894, brukarar på Stuberg (gnr 168 bnr 19-18). e. Mathias Kristiansen f. 1864 d. 10 veker gl. f. Karl Kristiansen f. 1865 d. 1894. g. Bertel Kristiansen f. 1865 (tvilling med f.) d. 12 veker gl. h. Kristen Kristiansen f. 1868 d. 1873. i. Mikal Kristiansen Tangen f. 1871 d. 1963 g. 1901 m. Gina Gudmundsd Eide f. 1881 (gnr 168 bnr 15-18a) d. 1952, bygde på Grendaberget (gnr 168 bnr 32).

18. Martinus Kristiansen f. 1860 på dette bruket (17c) d. 1915 g. 1889 m. Maria Hansd f. 1863 Husa (gnr 168 bnr 7-16f) d. 1951. Brukarar her frå 1892. Skøyte i 1905 for 750 kr frå Fedje Torvkompagni, men nemnde som sjølveigarar alt i 1900. Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 31 øre. Ved sida av det vanlege fisket og jordbruket, var Martinus skomakar.

Born: a. Kristoffer Martin Martinussen Tangen f. 1889 d. 1938, reiste til USA i 1913, budde i Brooklyn, New York, los, ugift. b. Hans Herman Martinussen Tangen f. 1890 d. 1956 g. 1915 m. Ragna Johanna Rasmusd Pletten f. 1893 Radøy d. 1977 (sjå Radøyb. V s 228), budde i Bergen, han var kai/lossearb. Dei hadde sonesonen Rune Tangen, sjå Husøyna gnr 168 bnr 264-2. Sjå òg Austrheimb. I s 354. c. Martin Mikal Martinussen Tangen f. 1892 d. 1921, sjå nr 19. d. Karl Olai Martinussen Tangen f. 1895 d. 1977, utvandra til USA i 1913, bygningsmann, g. 1918 New York m. Mathilde Ragnhild Jakobsd Njøten f. 1893 Austrheim d. 1959 (jf Austrheimb. I s 506, morsøster til Jenny Husa gnr 168 bnr 73-2), budde i Brooklyn, New York. e. Bertin Mikal Martinussen Tangen f. 1898 d. 1944, sjå nr 20. f. Marie Martina Martinusd Tangen f. 1902 d. 1984, seinare eigar (21). g. Johannes Kristoffer Martinussen Tangen f. 1904 d. 1924 (tub.).

Margit, Martin og Marta Tangen (19).

19. Martin Tangen f. 1892 på dette bruket (18c) d. 1921 (tub.) g. 1915 m. Margit Ophaug f. 1893 (gnr 168 bnr 13-21d) d. 1984. Martin var fiskar, og dei budde her saman med mor hans. Etter at søstera Ida døydde i 1926, flytta Margit med dottera til svogeren Mikal Eide (gnr 168 bnr 15-19). Ho flytta seinare til Bergen. Sjå òg Kopper gnr 168 bnr 35-2.

Barn: a. Marta Mathilde Tangen f. 1916 d. 2002, reinhaldar/butikkmedarb., g. 1951 m. Georg Lorentz Birkeland f. 1915 Manger, Radøy d. 1994 (sjå Radøyb. II s 668), sveisar, busette i Bergen.

20. Mikal Tangen f. 1898 på dette bruket (18e) d. 1944, vart skadd i eksplosjonsulykke i Bergen, ugift. Mikal var salsmann for Feie fiskarlag og budde i Bergen. Han fekk skøyte i 1925 frå mora på tomt med nytt bnr 45, frådelt året før, og sette opp nytt hus her. Det gamle huset, som stod i bakken litt lengre vest, vart då rive. På jorda fekk Mikal skøyte i 1941.

21. Marie Tangen f. 1902 på dette bruket (18f) d. 1984 g. 1929 m. Ole Fanebust f. 1900 Lindås d. 1994 (son av Tollef Olai Olsen f. 1877 og Berta Haldorsd f. 1872, sjå Lindåsb. III s 423). Dei fekk frådelt ei tomt i 1938 med bnr 75, og sette opp grunnmurar der. Men så døydde Marie sin bror Mikal, og ho og Ole fekk skøyte i 1947 på bnr 25 og 45. Ole var fiskar og veg/steinarb. Dei hadde to kyr og 8-10 sauer.

Born: a. Olga Bergitte Fanebust f. 1931 d. 2021, neste eigar (22). b. Margot Margrete Fanebust f. 1935 d. 2019 g.1.g. 1968 m. Magne Martin Steinsland, Sunde i Kvinnherad f. 1930 d. 1978, budde på Bjoa i Ølen, g.2.g. 1983 m. Trond Sahl Lindseth, Mo i Rana f. 1939, bustad Bergen. Margot fekk skøyte på bnr 75 i 1974. Hennar born Margunn f. 1968, bustad Åsane i Bergen,  Elin f. 1969, bustad Bergen, og Øystein f. 1972, bustad Bergen, fekk heimelen til tomta i 2021.

22. Olga Fanebust f. 1931 på dette bruket (21a) d. 2021 g. 1960 m. Jahn Ingebrigt Steinsland f. 1933 Sund d. 2022 (jf Sundb. III s 202), arb. Televerket, busette i Bergen. Dei fekk skøyte på Nord-Tangen i 1974 og brukte det som feriebustad. Dei tre sønene fekk skøyte i 2023.

Born: a. Jan-Ove Steinsland f. 1961, bustad Bergen, bygde på frådelt tom (gnr 168 bnr 440). b. William Steinsland f. 1963, bustad Steinsland i Sund, Øygarden kommune (sjå Sundb. III s 203). c. Odd Magne Steinsland f. 1965, bustad Steinsland (jf Sundb. III s 231).


Fedje komm.svg Nord-Tangen (Fedje gnr 168 bnr 25) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Tangane • Neste bolk: Midt-Tangen (Fedje gnr 168 bnr 26)