Uthaugen (Fedje gnr 168 bnr 14)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Uthaugen
S161.168.14.CD 11 025.jpg
Flyfoto 1954. Uthaugen til venstre (bnr 64, 67, 20 og 66), Eide i midten og Muren til høgre. Bak Bjelland og Holmen. Heilt bak Mulen og Skotholmen.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 14

Uthaugen er eit gardsbruk i Fedje kommune.

1. Jon nemnd i ei skatteliste frå 1563 er den første brukaren me veit namnet på.

2. Tore Nilsen er oppført som brukar i 1603 og 1608, med 1 dalar i skatt. Det er alt me hører til han.

3. Ola Nilsen g.m. Kristi er nye brukarar ifølgje ei skatteliste frå 1611. Kanskje var han broren til Tore (2). Ola fekk ei lang levetid her. Han var ein flittig skattytar heilt fram til 1645. I 1640 var han i slagsmål med Amund Børo (gnr 168 bnr 24-6), men slapp å sona for det. I koppskatten 1645 betalte Ola 16 skilling for seg og kona Kristi og 12 skilling for husmannen Mons med kona Marta. Dei sistnemnde er truleg dei neste på bruket (4) og kan ha budd her nokre år som innerstar før dei tok over bygsla i 1646. Ola og Kristi hadde truleg sonen a. Ola Olsen, oppført på ei militær rulle frå 1655, rett nok med namnet Opphaugen, men det ser ut som det har vore periodar med sambruk mellom desse to gardane.

4. Mons g.m. Marta er nemnd på Uthaugen i ei skatteliste frå 1644, saman med Ola (3). Året før var Mons stemna på hausttinget, men då han ikkje møtte, måtte han bøta stemnefall med 1 mark sølv. Som nemnt under nr 3 må Mons og Marta ha budd her eit par år som innerstar før dei tok over. Frå 1646 til 1664 er Mons ført opp i skattelistene som brukar av heile garden. I jordeboka 1661 er Mons oppført som brukar med 1 rdl i skatt. Matrikkelen 1665 syner at ein kunne fø tre naut, utsåd var ikkje nemnt. Seinare i 1665 vert det sagt at garden ligg øyde. Mons er død og enkja gift opp att i 1664 med Ola Jakobsen på Opphaugen (gnr 168 bnr 13-9), sjå der. Marta må vera død tidlegare og Mons gift ein andre gong. Denne kona hadde tidlegare vore gift med Ola Opphaugen (gnr 168 bnr 13-7). Ho og Mons hadde sonen a. Ola Monsen f. 1662, brukar på Stuberg (gnr 168 bnr 19-7).

Garden låg øyde iallfall til 1673. I skattelista for 1676 er garden oppført utan nokon merknad om at den ligg øyde, men namn på brukar er ikkje nemnt på denne lista. Det tyder på at jorda vart brukt saman med Opphaugen i denne tida.

5. Mikkel Jensen f. 1655 (etter alder i 1701) g.m. Magdeli er dei neste me finn på bruket. Det er mogleg at Mikkel var son på Brotet (gnr 168 bnr 16-3a), i tilfelle er han fødd om lag 1663. Det er ikkje alltid at aldersnemningane er like nøyaktige i manntala. Mikkel er første gong nemnd her i skattelistene 1691–1694. I manntalet 1701 er alderen hans oppgjeven til 46 år, og han hadde sonen Mathias 2 år, og drengen Jens Olsen Løtveit (Lindås) 26 år. I skoskatten 1711 betalte Mikkel for seg, kona og to born over 15 år, i alt 1 ort 8 skilling. Det er uvisst kven desse borna er, men det må ha vore døtrer, då dei ikkje er nemnde i manntalet 1701. Siste gongen Mikkel er med i skattelista er i 1713, i 1715 er det sonen som har teke over, trass sin unge alder. Magdeli er nemnd som fadder siste gong i 1715.

Kjent barn: a. Mathias Mikkelsen f. 1699 d. 1749, neste brukar (6).

6. Mathias Mikkelsen f. 1699 på dette bruket (5a) d. 1749 g.m. Brita Mikkelsd f. 1700 Husa (gnr 168 bnr 5-6b) d. 1744. Brukarar frå 1715. Tinglyst bygselbrev frå Dankert Dankertsen i 1718. Det vart fornya i 1721. Dei var sjeldan unge då dei tok over bruket her og stifta familie. Dei fekk då også uvanleg mange born, i alt 12. I 1715 hadde Mathias tenaren Ola Ingebrigtsen, sjå Johannes Berge (gnr 168 bnr 21-2). Matrikkelen i 1723 gjev desse opplysningane om Uthaugen: Brukar Mathias, landskyld 2 pund fisk. Utsådet var på ¾ tn havre og avlinga 2 tn, så det var dårlege tilhøve for korndyrking. Dyretalet var 2 kyr og 1 ungnaut, som dels måtte fôrast med tang og tare. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget. Skiftet etter Brita i 1744 syner desse umyndige borna: Rasmus 22 år med formyndar broren Mikkel Austrheim, Jens 10 år, Mons 1½ år, Magdeli og Kari, kvar med vel 22 rdl i arv, så det var eit rikt skifte, jf merknad under Husa gnr 168 bnr 5-6.

Born: a. Mikkel Mathiassen f. 1716 d. 1770 g.1.g. 1741 m. Mari Knutsd f. 1719 på Austrheim d. 1744, g.2.g. 1745 m. Marta Monsd f. 1725 på Austrheim d. 1789, budde der (sjå Austrheimb. III s 48). b. Anna Mathiasd f. 1718 g.m. Jakob Villumsen f. 1705 d. 1770, brukarar på Børo (gnr 168 bnr 24-12). c. Thomas Mathiassen f. 1719 d. før broren sitt skifte 1757. d. Magdeli Mathiasd f. 1720 d. etter 1801, seinare brukar (8). e. Rasmus Mathiassen f. 1722 d. 1774 g. 1747 m. Sissel Kristiansd f. 1727 Grenda (gnr 168 bnr 17-7a) d. 1799, budde der (8). f. Kari Mathiasd f. 1725 d. før 1739. g. Marta Mathiasd f. 1730 d. før 1744. h. Brita Mathiasd f. 1732 d. før 1744. i. Mari Mathiasd f. 1733 d. før 1744. j. Jens Mathiassen f. 1736 d. 1792 g. 1765 m. Bol Jonasd f. 1742 Årås, Austrheim (sjå Midt-Tangen gnr 168 bnr 26-7) d. 1822, lenge busette i Åråsvågen (jf Austrheimb. II s 328 og 370), men flytta så til Heggholmen i Øygarden, der han døydde som kjøpsvein, enkja Bol g.2.g. 1793 m. Berge Rasmussen f. 1771 Kolstad, Radøy d. 1849, budde der (sjå Radøyb. III s 526). k. Kari Mathiasd f. 1739 d. 1819 g.1.g. 1758 m. em. Per Rasmussen Eide f. 1701 d. 1772, brukarar der (gnr 168 bnr 15-8). l. Mons Mathiassen f. 1743 d. 1757, han flytta til broren på Austrheim, og ved skiftet etter Mons i 1757 er desse søskena nemnde: Rasmus Mulen (Grenda), Jens 21 år, Mikkel Austrheim, Magdeli gm. Ingebrigt Andersen Uthaugen, Kari 19 år og Anna g.m. Jakob Villumsen Børo. Dei to eldste søskena Mikkel og Anna er her oppførte som halvsøsken, og dersom det er rett, så må Brita ha vore den andre kona til Mathias.

7. Enkjemannen Mathias Mikkelsen (6) oppattgift 1745 m. Marta Mikkelsd f. 1699 som var enkje frå Gaulen i Lindås (jf Lindåsb. III s 204). Ingen born. Siste gongen Marta er nemnd her, er i 1749 som fadder. Mathias vart på sommartinget 1748 i Lindås stemna av jordeigaren Joakim Dankertsen, fordi han hadde ført 3100 stk fersk vårsild til Sævrøysundet i Austrheim og selt dei til ein bergensar. Dette var i strid med privilegia til kremmarleiet: Jordeigaren skulle først få tilbod om å kjøpa all fisk, før den kunne seljast til andre. Dessutan hadde ikkje Mathias betalt inn tienda av denne silda til Dankertsen.

8. Magdeli Mathiasd f. 1720 på dette bruket (6d) d. etter 1801 g. 1748 m. Ingebrigt Andersen f. 1724 Moldøyna (gnr 170 bnr 2-8a) d. 1801. Brukarar her frå giftarmålet. Ingebrigt fekk i 1751 tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen på 1 pund fisk, eller halvdelen av Uthaugen. Det er uklart kven som brukte den andre halvparten fram til 1784. Den vart dette året bygsla av dottera Femja og mannen Jonas, og vart nytt gnr 168 bnr 20, sjå der (1). Magdeli og Ingebrigt sat med denne delen (bnr 14) til 1800, men hadde felles husvære med brukarane på den andre parten.

Born: a. Mathias Ingebrigtsen f. 1749 d. 1750, 15 veker gl. b. Brita Ingebrigtsd f. 1751 d. 1819 g. 1.g. 1771 m. Ivar Johannessen f. 1746 Keilo, Lindås d. 1798, brukarar i Midt-Tangen (gnr 168 bnr 26-13). c. Kari Ingebrigtsd f. 1753 d. 1796 g. 1781 m. Besse Olsen f. 1754 Leirvågen, Austrheim d. 1811, budde i Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-13). d. Marta Ingebrigtsd f. 1756 d. 1790 g. 1788 m. Ola Rasmussen f. 1766 Kopper (gnr 168 bnr 1-12e) d. 1807, brukarar der (13). e. Mari Ingebrigtsd f. 1760 d. 1818 g. 1800 m. Rasmus Knutsen f. 1781 Kopper (gnr 168 bnr 4-2b) d. 1861, budde på Uthaugen gnr 168 bnr 20-3. f. Femja Ingebrigtsd f. 1763 d. 1793 g. 1785 m. Jonas Olsen f. 1758 Solend, Austrheim d. 1798, brukarar på Uthaugen gnr 168 bnr 20-1.

Det var skifte etter Ingebrigt i 1801. Arvingane var enkja Magdeli og to døtrer samt dei avdøde døtrene Kari og Femja sine etterkommarar. Brutto formue var på vel 55 rdl, og netto til arv 22½ rdl. Det var mange kostbare ting i buet: eit forgylt sølvbelte til 10 rdl, eit sølvbelte til 8 rdl, ei sølvhalskjede til 4 rdl, ei sølvsnor med nål, ei sølvskei, ein sølvring, ein koparkjele, to messinglysestakar, eit tinnfat, to tinnkanner og ein tinntallerk. Elles hadde dei m.a. to vêrar, ein sau, ein gammal firkeipingsbåt, eit småsildegarn, eit sildegarn, ein linevad, to gryter, to kister med lås, ein skjerding, to måltønner, ei bakstehelle og tre tretønner.

9. Ingeborg Monsd f. 1761 d. 1818 g. 1793 m. Jørgen Rasmussen f. 1772 d. 1837 fekk bygsel på denne firedelen (12 merker fisk) av Uthaugen i 1800 frå stadshauptmann Kristoffer Kahrs, samstundes med bygsla på Opphaugen, sjå der (gnr 168 bnr 13-15). Etter den tid var det ikkje lenger eigne brukarar her ettersom jorda vart brukt av Opphaugen. Dette bruket og Opphaugen vart samanføydde til eitt gnr 168 bnr 13 i 1940, sjå nr 21 på Opphaugen.

Fedje komm.svg Uthaugen (Fedje gnr 168 bnr 14) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Uthaugen (Fedje) • Neste bolk: Uthaugen (Fedje gnr 168 bnr 20)