Uthaugen (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Uthaugen er ein av dei eldre gardane i Fedje kommune.

Som nemnt under Opphaugen vart òg Uthaugen berre kalla Haugen i dei første skriftlege kjeldene. Den første gongen namnet vart skrive fullt ut, var i ei skatteliste frå 1644. Etter den tid vart namnet skrive fullstendig heile tida, medan det for Opphaugen framleis i mange samanhengar vart brukt berre Haugen. Skriftforma i 1644 var Udhøyenn, i 1645 finn me Wdhoffue og i 1655 Udhøyen. I 1701 vert det skrive Udhougen, og dette er lenge den vanlege skrivemåten, både på 1700-talet og i 1801, 1845 og 1865. I 1835 har me Udhoug og i 1891 Uthoug. I 1875 er det Udhaugen, og frå 1900 er Uthaugen den vanlege skriftforma.

Uthaugen ligg på ei halvøy i Husavågen som dannar ein liten haug. Forstavinga «ut» har garden sikkert fått for å skilja den frå Opphaugen, Uthaugen vert då haugen som ligg ut mot sjøen. Til bruket hører òg Smiholmen i Husavågen. Den gamle landskylda var på 2 pund fisk, altså litt meir enn Opphaugen og knapt halvparten av Kopper. Det var berre eitt bruk på Uthaugen til det vart delt i to like delar i 1784. På 1900-talet er det utskilt tomter etter kvart som folketalet auka.


Fedje komm.svg Uthaugen (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Fjordglytt (Fedje gnr 168 bnr 114) • Neste bolk: Uthaugen (Fedje gnr 168 bnr 14)