Fjordglytt (Fedje gnr 168 bnr 114)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjordglytt
S160.168.114.CD 12 089.jpg
Familiebilde framfor huset 1946. Frå venstre: Olaf Andreas, Magnus, Alfred. Framme Oluf og Magdalena Ophaug (23, jf s 158).
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 114
Adresse: Skotholmevegen 9

Fjordglytt er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Andreas Ophaug f. 1922 (gnr 168 bnr 13-23d) d. 2001, styrmann, g. 1950 m. Odny Kamilla Vabø f. 1928 Bergen fekk skøyte på denne tomta i 1950, etter at den var frådelt gnr 168 bnr 13 same året. Sjå òg Opphaugen gnr 168 bnr 13-24. Dei bygde hus her, men selde det i 1957 og flytta til Bergen.

Born: a. Toril Ophaug f. 1950, sjå Opphaugen gnr 168 bnr 13-25. b. Bente Ophaug f. 1953 g.m. Barry Burt f. 1942 d. 1980. c. Tone Ophaug f. 1956 g. 1975 m. Olaf Sander Smedhaug f. 1956, bustad Bergen. d. Linda Ophaug f. 1962, bustad Bergen.

2. Edvin Rognsvåg f. 1920 (gnr 167 bnr 4-1d) d. 1970, skomakar, g. 1955 m. Marie Jørgine Østrem f. 1929 Vadsø d. 2001, sjukepleiar, fekk skøyte her i 1957. Marie flytta til Fredrikstad i 1970, til Fjell i 1989.

Barn: a. Margit Reidun Rognsvåg f. 1960, drosjesjåfør, g. 1981 m. Roald Magne Solheim, Osterøy f. 1947 (jf Rognsvågen gnr 167 bnr 4-2c), drosjeeigar, bustad Fjell, seinare Vaksdal og så Bergen. Ekteskapet oppløyst 2012.

3. Oddmund Ophaug f. 1943 Kopper (gnr 168 bnr 86-2a) d. 2020, maskinist, g. 1968 m. Turid Nilsen f. 1948 Svena (gnr 170 bnr 15-1a), butikkmedarb. Skøyte her i 1970. Same året skøyte på tilleggsareal bnr 161 frådelt gnr 168 bnr 13 i 1958, då kjøpt av Magnus Ophaug (gnr 168 bnr 13-23c). Garasjen vart bygd i 1996. Huset er renovert fleire gonger, og fekk nytt tak i 2014. Dei er eigarar av Grenda gnr 168 bnr 31, sjå Opphaugen gnr 168 bnr 13-21 og Grenda gnr 168 bnr 294-1.

Born: a. Roy Ophaug f. 1968 g.m. Beate Hop f. 1966 Træsneset (gnr 169 bnr 107-1a), busette der (2). b. Kenneth Ophaug f. 1969, maskiningeniør, bustad Åsane i Bergen.


Fedje komm.svg Fjordglytt (Fedje gnr 168 bnr 114) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Oppdal (Fedje gnr 168 bnr 69) • Neste bolk: Uthaugen