Tunsberg (Fedje gnr 168 bnr 86)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tunsberg
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 86
Adresse: Skotholmevegen 2

Tunsberg er ein bustadeigedom, no nytta som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Malvin Ophaug f. 1904 (gnr 168 bnr 13-21h) d. 1986 g.m. Anna Serine Sakariasd Vidringstad f. 1905 Lyngdal, Vest-Agder d. 1995. Dei var begge i USA, og gifta seg der. Dei budde ei tid i Lindesnes, der dottera er fødd. Dei sette opp hus her i 1934. Skøyte på tomt frådelt gnr 168 bnr 2 i 1943. I 1956 selde dei huset og flytta til Sola, og i 1974 til Sandnes. Malvin var maskinist då dei budde på Fedje, seinare arb. børsemakarverkstad.

Barn: a. Ida Helene Ophaug f. 1932 d. 2011 g. 1953 m. Ola Andreas Sele f. 1932 Sola d. 2016, var gardbrukarar der, flytta 1974 til Sandnes, ho pleiemedhjelpar og han feiar.

2. Anton Ophaug f. 1915 Kopper (gnr 168 bnr 294-1b) d. 2000 g. 1940 m. Klara Husa f. 1917 (gnr 168 bnr 7-18a) d. 2022 (104 år gl) fekk skøyte her i 1956. Dei budde først på Husa (gnr 168 bnr 87-2). Dei er tremenningar med felles oldeforeldre, Rasmus og Ingeborg Husa (gnr 168 bnr 10-5). Anton var fiskar, eigde båten «Bris», seinare medeigar i M/S «Fisken». Klara var reinhaldar på kommunehuset i 20 år.

Born: a. Oddmund Sverre Ophaug f. 1943 d. 2020 g. 1968 m. Turid Nilsen f. 1948 Svena (gnr 170 bnr 15-1a), bustad Opphaugen (gnr 168 bnr 114-3). b. Eva Lovise Ophaug f. 1951, hjelpepleiar, g.m. Olav Brænde Angeltveit f. 1957 Bergen, busette der. Ho fekk skøyte i 2009 på bnr 86, som vert nytta som fritidsbustad.

3. Alexander Ophaug f. 1993, bustad Bergen, fekk skøyte i 2022.


Fedje komm.svg Tunsberg (Fedje gnr 168 bnr 86) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Fredtun (Fedje gnr 168 bnr 85) • Neste bolk: Midttun (Fedje gnr 168 bnr 89)