Husa (Fedje gnr 168 bnr 10)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Husa
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 10

Husa er eit tidlegare gardsbruk i Fedje kommune.

1. Brita Bårdsd f. 1754 Husa (gnr 168 bnr 9-1d) d. 1816 g. 1779 m. Jon Jakobsen f. 1753 Byrknes d. 1824 (son til Jakob Jonsen, jf Gulenb. III s 215 nr 35. Det står i militære ruller at Jon var fødd på Ingeborgplassen (Berge), kan henda har han flytta dit som ung). Dette bruket vart frådelt gnr 168 bnr 9 då Brita og Jon fekk bruka halvparten av garden til foreldra hennar. Bygsel 1778 frå Dankert Dankertsen Heiberg på 18 merker fisk og 3 kanner malt (⅛ av Husa). Ved folketeljinga 1801 budde Brita og Jon her med sønene Rasmus, Bård, Ivar, Thomas og Mikkel. Jon var los. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 går det fram at garden hadde eit utsåd på 1 tn korn og kunne avla 2,3 tn, og nokre år ingenting. Ein kunne fø 3 storfe. Verdien av bruket vart sett til 65 rdl.

Born: a. Rasmus Jonsen f. 1779 d. 1818 g.1.g. 1801 m. Anna Marie Mathiasd f. 1781 Krossøyna, Austrheim d. 1815, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 9-3). b. Jakob Jonsen f. 1781 d. 1849, neste brukar (2). c. Bård Jonsen f. 1784 d. 1857 g. 1808 m. Kristiana Mathiasd f. 1776 Krossøyna, Austrheim (sjå Grenda gnr 168 bnr 17-9a) d. 1852, busette i Sævrøyna, Austrheim (jf Austrheimb. III s 691). d. Ingeborg Jonsd f. 1786 d. 1864 g.1.g. 1810 m. Arne Jensen f. 1784 Kopper (gnr 168 bnr 2-8d) d. 1816, budde på Moldøyna (gnr 170 bnr 6-6). e. Martinus Jonsen f. 1789 d. før 1801. f. Ivar Jonsen f. 1790 d. 1857 g. 1821 m. Brita Hansd f. 1790 Brotet (gnr 168 bnr 16-9a) d. 1852, brukarar der (12). g. Thomas Jonsen f. 1794 d. 1851, seinare brukar (3). h. Mikkel Jonsen f. 1798 d. 1844 g. 1819 m. Gjertrud Jørgensd f. 1794 Opphaugen (gnr 168 bnr 13-15b) d. 1863, budde på Mulen (4).

2. Jakob Jonsen f. 1781 på dette bruket (1b) d. 1849 (kolera) g.1.g. 1812 m. Kari Olsd f. 1790 Rongeværet, Austrheim d. 1821 (dotter av Ola Olsen f. 1751 d. 1808 og Brita Sjursd f. 1760, sjå Austrheimb. III s 657). Kari var søster til Lisbet i Sulo (7). Jakob fekk bygsel på dette bruket etter foreldra i 1811 frå Kristoffer Kahrs, men flytta til Rongeværet ikkje lenge etter giftarmålet.

Jakob g.2.g. 1822 m. Olina Bendiksd f. 1788 Koksøy d. 1831 (sjå Gulenb. III s 342).

Gravminnet til Ola Thomassen (3c), eller Ole Thompson, i 1893 i Iowa i USA. Han var den første kjende amerikafararen frå Fedje.

3. Thomas Jonsen f. 1794 på dette bruket (1g) d. 1851 g. 1816 m. Ragnhild Mikkelsd f. 1795 Muren (gnr 168 bnr 18-11e) d. 1856. Bygsel etter broren i 1819 frå Kristoffer Kahrs, men Thomas var sikkert brukar saman med foreldra etter at broren (2) flytta til Rongeværet. Matrikkelen i 1838 syner at Thomas var brukar her med ny skyld 2 ort og 4 skilling (⅛ av Husa). Thomas og Ragnhild hadde i 1845 4 storfe og 4 sauer, og sådde ⅜ tn havre og ¼ tn potet. Dei gav frå seg bygsla mot kår i 1846.

Born: a. Brita Thomasd f. 1817 d. 1818. b. Rasmus Thomassen f. 1819 d. 1910, neste brukar (4). c. Ola Thomassen f. 1822 d. 1893 g. 1857 i Sveio m. Helga Marie Torkildsd f. 1833 Nesheim, Sveio d. 1921, hadde garden Vestviksætre der, før dei reiste til Amerika i 1862 (sjå Sveiob. I s 269). Ola var den første frå Fedje som me veit utvandra til Amerika. Dei brukte Thompson som etternamn, og var farmarar i Mount Valley i Winnebago, Iowa i USA. d. Jon Thomassen f. 1824 d. 1848, omkom på Fedjefjorden saman med tenestedrengen Hans Mikkelsen Fonnes, Austrheim 22 år, ikkje attfunnen (jf Austrheimb. I s 278). e. Mikkel Thomassen f. 1828 d. 1910 g.1.g. 1851 m. Anna Larsd f. 1817 Krossøyna, Austrheim d. 1859, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 8-7). f. Brita Thomasd f. 1833 d. 1918 g. 1861 m. Lars Sjursen f. 1834 Stuberg (husmenn 2a) d. 1906, budde der (3). g. Bård Thomassen f. 1838 d. 11 veker gl.

4. Rasmus Thomassen f. 1819 på dette bruket (3b) d. 1910 g.1.g. 1846 m. Kari Rasmusd f. 1824 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-5b) d. 1849 (kolera). Bygsel 1846 frå Kristoffer og Arnold Kahrs på 2 ort 4 skilling. I skiftet etter Kari i 1849 er enkjemannen Rasmus og sonen Thomas nemnde som arvingar. Arven vart på vel 16 spd. Dei hadde m.a. ein sølv signetring, ein annan ring, ein ambar, ein høvel, to spadar, to gryter, to sildetønner, ei øks, ein høvel, to kister, ei sildetønne og ei halvtønne. Husdyra talde ei kvige, to sauer med lam og ein vêr. Av sjøreiskapar hadde dei ein åtteåra båt med tilhørsle, eit fiskesnøre og to notbolkar.

Barn: a. Thomas Rasmussen f. 1847 d. 1934 g. 1872 m. Sissel Olsd f. 1851 Opphaugen (gnr 168 bnr 13-19b) d. 1930, flytta til Nordre Hjønnevåg i Solund i 1875 (sjå Solundb. I s 162), saman med Karsten Husa (gnr 168 bnr 6-2a).

5. Enkjemannen Rasmus Thomassen (4) g.2.g. 1849 Manger m. Ingeborg Karina Martinusd f. 1823 Sanden, Øygarden d. 1920 (dotter av Martinus Olsen f. 1798 og Marta Nilsd f. 1796, dei hadde òg borna Ola f. 1820, sjå Stormark gnr 172 bnr 11-1, Brita f. 1826, sjå Stormark gnr 172 bnr 15-1, og Oliana f. 1833, sjå Opphaugen gnr 168 bnr 13-23). Rasmus og Ingeborg hadde i 1855 5 storfe og 7 sauer, i 1865 6 storfe og 6 sauer og i 1875 3 kyr, 1 ungnaut, 1 kalv og 16 sauer. Talet på storfe låg altså omtrent på same nivå, medan talet på sauer auka kraftig fram til 1875. Dei sådde alle dei nemnde åra 1 tn havre og 1 tn potet. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 1½ kyrlag og utsådet 1 tn havre og ½ tn potet. Avlinga var på 2½ tn havre, 2¼ tn potet og 96 våger høy. Det var 1,4 mål dyrka åker og eng, og 10 mål naturleg eng som kunne gje 84 våger høy og 7 våger halm. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var tungdriven, men godt dyrka og gjødsla. Ny matrikkelskyld ifølgje den endelege matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 43 øre.

Born: a. Johanna Rasmusd f. 1849 d. 1½ dag gl. b. Karl Johan Rasmussen f. 1850 d. 1931 g. 1873 m. Kari Monsd f. 1852 Berge (gnr 168 bnr 21-9b) d. 1926, budde der (10). c. Berta Maria Rasmusd f. 1853 d. 1943 g. 1878 m. Mons Olsen f. 1850 Husa (gnr 168 bnr 5-13a) d. 1905, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 8-11). d. Martinus Rasmussen f. 1857 d. 1932, neste brukar (6). e. Ragnhild Rasmusd f. 1860 d. 1864. f. Andreas Rasmussen f. 1863 d. 1922 g. 1884 m. Olina Olsd f. 1865 Opphaugen (gnr 168 bnr 13-20b) d. 1940, brukarar der (21). g. Ragnhild Bertine Rasmusd f. 1866 d. 1954 g. 1891 m. Andreas Hansen f. 1865 Husa (gnr 168 bnr 7-16g) d. 1946, busette der (17).

6. Martinus Rasmussen f. 1857 på dette bruket (5d) d. 1932 g. 1883 m. Abelona Karlsd f. 1855 Båtevik, Austevoll d. 1927 (sjå Husa gnr 168 bnr 6-1cb). Skøyte på dette bruket frå Fedje Torvbruk i 1884 for 960 kr med kår til foreldra til Martinus. Men han og Abelona vart ikkje så lenge her, alt i 1887 selde dei garden til neste brukar og flytta til Fitjar. Der kjøpte dei garden Kvarven same året, sjå Fitjarb. I s 176.

Born fødde på Fedje: a. Rasmus Martinussen f. 1883 d. 1958 Fitjar. b. Karolina Kristine Martinusd f. 1885 d. 1956 g.m. Torkel Johannessen f. 1879 d. 1962, busette på Kvarven, Fitjar (sjå Fitjarb. I s 177), dei hadde m.a. dottera ba. Astrid Marie Kvarven f. 1915 d. 1988 g. 1942 m. Andreas Hestenes f. 1913 (gnr 169 bnr 26-1g) d. 1982, bustad Nygård (gnr 172 bnr 106-1). Martinus og Abelona fekk seinare m.a. c. Jenny Olava Martinusd f. 1892 d. 1987 g.m. Lorents Waage f. 1888 Austevoll d. 1925, dei var foreldre til ca. Anna Waage f. 1913 d. 1988, sjå Kopper gnr 168 bnr 61-2.

7. Jon Larsen f. 1864 Stuberg (husmenn 3b) d. 1931 g.1.g. 1885 m. Torbjørg Olsd f. 1850 Åråsvågen, Austrheim d. 1887 i barselseng. Torbjørg var enkje etter Jakob Knutsen f. 1853 Børo d. 1882, sjå der (husmenn 6). Jon og Torbjørg budde òg der, til Jon fekk skøyte her frå Martinus Rasmussen (6) for 1020 kr i 1887. Jon er dotterson til nr 3. Han kjøpte ei stove i Masfjorden og sette den opp her rundt 1890. Dette huset står framleis, men har vorte påbygd fleire gonger. Jon var fiskar og gardbrukar. Det var skifte etter Torbjørg i 1889. Garden vart taksert til 630 kr. Det vart igjen 93 kr til arvingane enkjemannen Jon og dottera Tobia Olina, som døydde etter mora, og Maria Jakobsd 8 år av første ekteskap.

Born: a. Gjert Olai Jonsen f. 1885 d. 1886, 9 md gl. b. Tobia Oline Jonsd f. 1887 d. 1888, 3 md gl.

Jon Larsen Husa g.2.g. 1888 m. Elsa Katrina Nilsd f. 1845 Toftegård, Austrheim d. 1936 (sjå Austrheimb. II s 262, dotter av Nils Hansen f. 1807 d. 1889 og Ragnhild Olsd f. 1818 d. 1908, begge døydde her hjå dottera). Ingen born.

Jon hadde dottera c. Hilda Maria Jonsd f. 1907 d. 1991 med Helena Kristensd f. 1871 Husa (gnr 168 bnr 11-7b) d. 1955, sjå der.

8. Mons Martinsen Storemark f. 1894 (gnr 172 bnr 33-1a) d. 1969 g. 1917 m. Gusta Regine Gjertsd Oddekalv f. 1891 Solund d. 1958 (dotter av Gjert Johannessen f. 1855 d. 1906 og Maria Thomasd f. 1868 d. 1931, sjå Solundb. I s 447). Mons kjøpte heile jorda på dette bruket og halve huset i 1919 av nr 7. Han fekk tinglyst skøyte på heile eigedomen i 1935. Han var fiskar, m.a. medeigar i M/S «Hellesøy». Mons var ordførar på Fedje det første halvåret etter kommunefrådelinga 1. juli 1947. Gusta hadde tre kyr og nokre sauer til om lag 1950.

Born: a. Gjertrud Marie Storemark f. 1918 d. 1943. b. Magnus Gustav Storemark f. 1919 d. 2012, neste eigar av jorda på bruket (9). c. Alfred Malvin Storemark f. 1920 d. 2012 g. 1949 m. Marie Uthaug f. 1926 (gnr 168 bnr 20-11b) d. 2021, bygde på frådelt tomt gnr 168 bnr 132. d. Therese Karoline Storemark f. 1922 d. 2018, vaks opp hjå mormora i Solund, kontormedarbeidar, bustad Bergen, g. 1950 m. Odd Johan Gundersen f. 1922 Bergen d. 1988, es. oppløyst. Han flytta til Wuppertal i Tyskland. e. Marie Storemark f. 1923 d. 2018, kalla Lillemor, g. 1947 m. Ditlef Mongstad f. 1915 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 6-3b) d. 2011, reiste til USA i 1952, bustad New Jersey. f. Johannes Martin Storemark f. 1926 d. 1995 g.m. Aud Madsen f. 1919 Bergen d. 2002, busette der. Sjå òg Moldøyna gnr 170 bnr 16-3. g. Kåre Johan Storemark f. 1928 d. 1986, brannmann, g.m. Gerd Freim f. 1934 Odda, bustad Bergen. h. Karstein Bernhard Storemark f. 1930 d. 3½ md gl. i. Karstein Storemark f. 1931 d. 2023 g. 1953 m. Margaret Gullaksen f. 1931 Kopper (gnr 168 bnr 58-1b) d. 2023 , busette på Svena (gnr 168 bnr 138). j. Reidun Dagmar Storemark f. 1939 g.1.g. 1966 m. Arthur Knapskog f. 1940 Fjell d. 1968, bustad Husa gnr 168 bnr 193, som er det opprinnelege våningshuset til bnr 10, frådelt i 1964.

9. Magnus Storemark f. 1919 på dette bruket (8b) d. 2012 g. 1950 m. Solveig Gullaksen f. 1932 Grenda (gnr 168 bnr 17-17c) d. 2022, bygde på frådelt tomt (gnr 168 bnr 126), der borna er ført. Skøyte her i 1965, etter at huset vart frådelt i 1964 (gnr 168 bnr 193). Så det er berre jorda igjen på bnr 10, i tillegg til fire naust. Dei fire borna Turid, Svein, Robert og Åge fekk skøyte på bnr 10 i 2023.


Fedje komm.svg Husa (Fedje gnr 168 bnr 10) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husa (Fedje gnr 168 bnr 9) • Neste bolk: Husa (Fedje gnr 168 bnr 11)