Sørli (Fedje gnr 172 bnr 106)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sørli
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 106
Adresse: Fedjemarka 22

Sørli er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Frå venstre Astrid Hestenes (bnr 106-1) og Astrid Storhaug (bnr 36) ved sommarfjøset i Storemarka 1954.

1. Andreas Karlsen Hestenes f. 1913 (gnr 169 bnr 26-lg), fiskar, d. 1982 g. 1942 m. Astrid Kvarven f. 1915 Fitjar d. 1988 (sjå Husa gnr 168 bnr 10-6ba). Skøyte på jord frådelt gnr 172 bnr 36 i 1945. I 1947 vart huset flytta frå Hesteneset (gnr 169 bnr 26) og sett opp her.

Born: a. Bjarne Karl Hestenes f. 1944 d. 2006, sjømann, mekanikar, var g. 1970 m. Ragnhild Otilie Olsen f. 1949 Roresand i Grimstad, busette Birkenes, Aust-Agder, ho flytta til Grimstad og så Arendal. Bjarne seinare busett i Kristiansand, så Sandnes og til slutt København. b. Kari Torhild Hestenes f. 1948 g. 1967 m. Jens Husa f. 1947 (gnr 168 bnr 5-17), bygde i Husøyna (gnr 168 bnr 315).

Søskena Bjarne og Kari fekk skøyte her i 1974, Kari vart eineeigar i 1992. Etter at foreldra døydde, var huset ei tid utleigt til turistføremål.

2. Aage Husa f. 1967 Husøyna (gnr 168 bnr 315-la), adjunkt, miljøvernleiar, fagleiar, g. 1997 m. Hege Ekren f. 1975 Bergen, sjukepleiar, var busette her frå 1996. Aage er son til nr 1b, og fekk skøyte i 1998. Huset vart rive og nytt bygd i 1999. Garasje vart bygd i 2002. Dei flytta til Bergen.

Born: a. Sander Husa f. 1998, bustad Bergen. b. Hanne Husa f. 2002, bustad Bergen.

3. Ernst Roland Lendzian f. 1960 samb.m. Sissel Stormark f. 1967 Nygård (gnr 172 bnr 111-2), arb. posten, så reinhaldar, kioskeksp. Han flytta hit frå Stord og fekk skøyte i 2007. Dei flytta til Mosterhamn på Bømlo.

Sissels born frå es. (g. 1986) m. Heine Bernt Helland f. 1964 Fitjar (sjå Fitjarb. I s. 531), busett der:

Born: a. Heidi Stormark Helland f. 1986, bustad Bømlo. b. Mari Stormark Helland f. 1988, bustad Bømlo. c. Tove Stormark Helland f. 1992, bustad Stord. d. Sigve Stormark Helland f. 1995, bustad Haugesund.

4. Bjørn Ove Hvidsten f. 1982 Håland i Alversund, Lindås (jf Alversundb. I s 368) g. 2011 m. Kristine Fagerthun Jensen f. 1985 Fauske i Nordland. Dei budde før på Hundvin i Lindås. Skøyte i 2013. Dei flytta til Alversund. Ekteskapet oppløyst. Hans bustad Vika (gnr 168 bnr 28-19) og hennar Stormark (gnr 172 bnr 6-6).

Born: a. Andrea Maria Hvidsten f. 2008. b. William Michael Hvidsten f. 2011. b. Matheo Henri Hvidsten f. 2015.

5. Martin Karlsen f. 1986 Husøyna (gnr 168 bnr 372-1a), industrimekanikar, g. 2017 m. Kamilla Bjerkholt Kleppe f. 1988 Bergen, lærar. Skøyte i 2017.

Born: a. Amalie Henden Kleppe f. 2005 (far Christoffer Muri Henden f. 1987 Bergen, busett der). b. Mattias Karlsen f. 2008. c. Oskar Kristian Karlsen f. 2015.


Fedje komm.svg Sørli (Fedje gnr 172 bnr 106) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Bergtun (Fedje gnr 172 bnr 103) • Neste bolk: Bakkehaug (Fedje gnr 172 bnr 111)