Storhaug (Fedje gnr 172 bnr 36)
Storhaug | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 172 |
Bnr: | 36 |
Storhaug er ein eigedom i Fedje kommune.
1. Olaf Karlsen Storhaug f. 1904 Hesteneset (gnr 169 bnr 26-le) d. 1994 g. 1928 m. Astrid Nilsd Ones f. 1900 Lindås d. 1990 (jf Lygrab. s 222, dotter av Nils Johannessen f. 1851 og Lisa Olsd f. 1871). Karl Olsen, far til Olaf, kjøpte jord her i 1917, sjå gnr 172 bnr 16-1.
Jorda vart delt i tre, og Karl fekk skøyte på denne parten med bnr 36 i 1921. Dei sette opp hus her i 1924. Olaf tok eigedomen og huset i bruk då han gifta, og fekk skøyte i 1945. Han var fiskar og småbrukar. Familien tok slektsnamnet Storhaug (etter tunnamnet) i 1949.
Born: a. Berta Kristine Storhaug f. 1929, ugift, sjukepleiar, bustad Bergen. b. Lise Nancy Storhaug f. 1932 g. 1953 m. Bernhard Myksvoll f. 1922 Øvre Myksvoll i Lindås d. 2014, gardbrukarar der (jf Lygrab. s 389). c. Karl Leif Storhaug f. 1935 d. 2008 g. 1960 m. Aase Husa f. 1931 (gnr 168 bnr 48-le) d. 2015, bygde på frådelt tomt (gnr 172 bnr 116). Karl fekk skøyte her (jorda og uthus) i 1986. d. Aslaug Odrun Storhaug f. 1937 var g. 1962 m. Ludvig Grov f. 1934 Kinn i Flora, Sunnfjord d. 2020, busette Åsane i Bergen. Ho fekk skøyte på tomta med huset med gnr 172 bnr 168 (sjå der) i 1996, frådelt i 1986. – Dei tre døtrene Mariann, Anita og Lisbeth til Karl (1c) fekk skøyte i 2016 på bnr 36, som omfattar jorda og uthus.
Storhaug (Fedje gnr 172 bnr 36) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Nygård (Fedje gnr 172 bnr 16) • Neste bolk: Myre (Fedje gnr 172 bnr 37) |